Innkjøp i UDI
Innkjøp av varer og tenester utgjer ca. 40 % av UDI-budsjettet. Derfor er det svært viktig at desse midlane blir forvalta effektivt.
Sist oppdatert
16.11.2010
Publisert
24.03.2006
UDI sin innkjøpspolitikk har fokus på:
- effektive rutinar for innkjøp og anbodskonkurransar
- bruk av rammeavtalar og lojalitet mot dei
- å vere i framkant i bruken av elektronisk handel
- rett vare til rett pris
- effektiv fakturabehandling
Innkjøpssamarbeidet:
Etter nedlegginga av Statskjøp var UDI med på å etablere det statlege innkjøpssamarbeidet. Det består i dag av UDI, Politidirektoratet, Toll- og avgiftsdirektoratet, Arbeidsdirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Skattedirektoratet, Politiets data- og materiellteneste, Statens byggtekniske etat, Statistisk sentralbyrå, Tollvesenet og Utlendingsnemnda. Samarbeidet gir administrative og økonomiske innsparingar i tillegg til at kompetansen aukar, og det gjer oss meir attraktive for dei ulike leverandørane enn om vi hadde stått åleine.