Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Fleire asylsøkjarar med behov for vern

47 prosent av asylsøkjarane som har fått handsama saka si hos UDI så langt i 2011 har fått opphald i Noreg. Dette er seks prosentpoeng fleire enn i 2010.


Sist oppdatert 29.09.2011
Publisert 29.09.2011

 
─ Dette inneber at ein større del av dei som søkjer asyl i Noreg fyller krava for å få flyktningestatus og har eit reelt behov for vern, seier UDI-direktør Ida Børresen.

Av dei som har fått opphald i år har 41 prosent fått status som flyktningar og seks prosent fått opphald av humanitære grunnar.
 
Dei første åtte månadene av året søkte i overkant av 6 000 personar om asyl i Noreg. Dette er ein nedgang på sju prosent samanlikna med same periode i 2010.
Dei siste 14 månadane har det kome flest asylsøkjarar til Noreg frå Somalia, Eritrea og Afghanistan.

 
 
 
 
 
         
 

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads