UDI har det siste året kutta sakshandsamingstida for asylsøknader frå einslege mindreårige frå nesten eitt år til knappe tre månader i snitt.
Fungerande avdelingsdirektør for asylavdelinga i UDI, Tone Loge Tveter, er nøgd med at ventetida for dei unge som kjem aleine no er sterkt redusert.
─ Å la dei sitje i mottak er å la dei ha livet på vent, seier ho.
For dei som får opphald i Noreg er det godt å få flytte ut av asylmottaket og bli busett i ein kommune.
─ Dei kjem fort i gang med å bli integrerte i eit lokalmiljø, med skule og vener, seier Loge Tveter.
Også for dei som får avslag på søknaden sin og blir sendte ut av Noreg, meiner ho det er betre at søkjaren får vedtak i saka si raskt:
─ Dei kjem fortare heim igjen og får starta livet sitt der.
Alder og omsorg
Når UDI handsamar søknader om asyl frå einslege mindreårige personar, blir det først greia ut om søkjaren har eit behov for vern og kan får opphald som flyktning. Viss ikkje, blir det vurdert om søkjarane verkeleg er under 18 år og ikkje har familie heime som kan ta seg av dei.
─ Dei som vi finn at reelt er under 18 år, får i regelen opphald, fortel Loge Tveter.
─ Men viss dei har familie som har omsorgsevne, og kjem frå trygge område, blir det rekna som best for barna å vere i heimlandet, forklarar ho.
Godt samarbeid
For å avgjere om unge asylsøkjarar er under 18 år eller ikkje, nyttar UDI kompetanse frå tannlegar og legar. At ventetida no er redusert er delvis takk vera eit godt samarbeid med Tannlegehøgskulen og Ullevål sjukehus, som har redusert sine ventelister.
Samstundes har UDI teke fleire grep for å gjere sakshandsaminga meir effektiv.
─ Dette er eit prioritert område frå Justisdepartementet og UDI si side, forklarar Loge Tveter.
Så langt i år har ni prosent av asylsøkjarane som kjem til Noreg vore einslege mindreårige asylsøkjarar.