Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Turistane er tilbake

Aldri før har så mange søkt om og fått besøksvisum til Noreg som i 2010.

Sist oppdatert 30.03.2011
Publisert 29.03.2011

 
Utlendingsforvaltninga behandla 126 000 søknader, og 94 prosent av søknadane vart godkjende.
 
- Det er gledeleg at fleire ønsker å besøke Noreg, anten det er som turistar, på forretningsreise eller for å besøke familie og vener, seier avdelingsdirektør Karl Erik Sjøholt i UDI.
 
Medan det i 2009 var i underkant av 40 000 som fekk visum for å besøke Noreg som turistar, var det i 2010 over 50 000. I tillegg fekk over 21 000 visum for å reise til Noreg på forretningsreise og nærare 25 000 for å besøke familie eller venner. Totalt fekk over 118 000 personar visum.

81 prosent fleire kinesarar

Det er 18 000 fleire enn året før. Den største auken stod kinesarane for. 20 300 kinesarar fekk besøksvisum, og det er ein auke på 81 prosent. Det kom også fleire besøkjande frå mange andre land, men russarane var framleis den største gruppa, med fire av ti godkjende besøksvisum. Andre store land var India, Filippinane og Thailand

Flest søknader behandla i Moskva

Dei aller fleste søknadane om visum blir behandla ved utenriksstasjonar. Utenriksstasjonane i Moskva, Murmansk og Beijing var dei som behandla flest søknader. I dei sakane UDI fekk til behandling lykkast vi med å få  saksbehandlingstida kraftig ned.
 
 
 
 

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads