Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
In English
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Arbeidstakarar frå Bulgaria og Romania (overgangsreglane)

 
Arbeidstakarar frå Bulgaria og Romania som ikkje har hatt opphaldsløyve  i Noreg dei siste 12 månadene, må rette seg etter eit anna regelverk enn andre EU/EØS/EFTA-borgarar. Overgangsreglane inneber at det er strengare krav til arbeidsforholdet.

Du kan opphalde deg i Noreg i tre månader før du treng å søkje om løyve, eller i seks månader dersom du søkjer etter jobb her.

Du kan byrje å arbeide når du har levert fullstendig søknad om opphaldsløyve i Noreg.

Dersom du har hatt lovleg opphald som arbeidstakar dei siste 12 månadene, kan du nytte registreringsordninga. Det samme gjeld hvis du skal studere, er selvstendig næringsdrivande, har tilstrekkelige egne midler eller er tjenesteytar eller er familiemedlem til ein EØS-borgar.


Kva for krav blir stilte til arbeidsforholdet?

For å få eit slikt løyve  må du vere arbeidstakar i Noreg, vere tilsett hos ein arbeidsgivar med forretningsstad i Noreg og jobbe i Noreg. I tillegg må du:

  • ha eit arbeidstilbod )
  • jobbe i ei fulltidsstilling (med fulltid menes 80-100%)
  • få lønn i samsvar med tariff, regulativ eller det som er normalt for ei slik stilling på staden der du jobbar

Du kan ta kva type arbeid som helst, og du kan ha fleire arbeidsgivarar, så lenge arbeidstilboda til saman utgjer ei fulltidsstilling.

Slik søkjer du

For å søkje om opphaldsløyve, kan du forhåndsregistrere deg på nett eller fylle ut søknadsskjemaet for EØS-borgarar. Søknaden kan du levere til nærmaste norske utanriksstasjon i heimlandet ditt, eller i eit anna land der du har hatt lovleg opphald i minimum seks månader. Du kan òg levere søknaden hos politiet i Noreg eller eit servicesenter for utanlandske arbeidstakarar Servicesenter for utenlandske arbeidstakarar.

Du kan begynne å jobbe så snart du har levert inn en fullstendig søknad og har lagt ved all nødvendig dokumentasjon.

Dersom du søkjer frå Noreg, må du eller ein person du har gitt fullmakt i saka di, møte opp personleg hos politiet der du bur. Dersom du har gitt fullmakt, kan fullmektigen levere søknaden din, men du må selv møte opp personleg hos politiet for id –verifikasjon for å kunne få tillatelsen. Politiet kan godkjenne søknaden din dersom det ikkje er tvil om at du oppfyller vilkåra. Dersom politiet er i tvil, sender dei søknaden til UDI for handsaming.

Kva må du leggje ved søknaden?

I tillegg til utfylt søknadsskjema må du leggje ved:

Sakshandsamingstid

Sjå oversikta over venta sakshandsamingstid i UDI på www.udi.no/saksbehandlingstider. Ta kontakt med politiet for informasjon om saksbehandsamingstider hos dei.

Kva for rettar gir løyvet?

  • Løyvet gir deg rett til å arbeide i Noreg.
  • Løyvet blir gitt for så lenge arbeidstilbodet varer, men for eitt år om gongen. Etter eitt år med opphaldsløyve som arbeidstakar, har du opphaldsrett etter EØS-regelverket.
  • Løyvet vil kunne danne grunnlag for varig opphaldsrett.
  • Familiemedlemmene dine kan komme til Noreg etter reglane om familieinnvandring etter EØS-regelverket. Dersom søknaden til familien din blir levert samtidig med din søknad, vil søknadene bli handsama samla.

Fornying av løyvet

Tillatelse gitt for mindre enn ett år kan fornyes. Du må søke om fornyelse minst en måned før tillatelsen din går ut. Søknaden leverer du hos politiet der du bor eller på et Servicesenter for utenlandske arbeidstakere. Sammen med søknaden må du legge ved dokumentasjon på ny eller forlenget arbeidskontrakt.

Dersom du har hatt opphaldsløyve som arbeidstakar i dei siste 12 månadene og har oppfylt vilkåra for løyvet i heile perioden, treng du ikkje lenger å søkje om opphaldsløyve. Du må registrere deg hos norske styresmakter. Du må ha med deg lønns- og trekkoppgavane for perioden du har hatt løyve og dei tre siste lønnsslippar. Du må også ha med dokumentasjon som viser at du har eit opphaldsgrunnlag, for eksempel ein gyldig arbeidskontrakt.

Du kan klage på vedtaket

Les meir om korleis du klagar på eit vedtak, på www.udi.no/klage.

Meir informasjon?

Hvis du har flere spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstjenesta i UDI.

 


Sist oppdatert 16.08.2010
Publisert 11.10.2006

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads