Årsaker til tilbakekalling
Sjølv om du har fått eit mellombels opphaldsløyve, permanent opphaldsløyve (det som før blei kalla busetjingsløyve), flyktningstatus eller eit reisedokument, så kan løyvet ditt seinare bli trekt tilbake. Det kan blant anna skje dersom:
- du har gitt uriktige opplysningar
- du har late vere å fortelje om viktige forhold som har innverknad på vedtaket ditt
- du er gitt løyve på uriktig identitet
- du ikkje lenger oppfyller vilkåra eller føresetnadene løyvet blei gitt under i følge utlendingslova, utlendingsforskrifta eller vedtaket
Nokre eksempel på slike situasjonar:
- Du har eit midlertidig opphaldsløyve i familieinnvandring med ektefelle eller sambuar, og du er separert frå ektefellen din eller har flytta frå sambuaren din.
- Du har eit midlertidig opphaldsløyve på grunnlag av ei samværsordning med barnet ditt, og nyttar ikkje lenger samværsretten med dette barnet.
- Du har gjesta eit land du ikkje kan dra til på grunn av flyktningstatusen din.
Kva skjer om løyvet ditt blir trekt tilbake?
Tilbakekalling av eit opphaldsløyve inneber at du må forlate Noreg, med mindre du oppfyller vilkåra for å få ein annan type løyve.
Tilbakekalling av eit permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) inneber at du ikkje lenger har dei rettane dette løyvet gir. Du må då søkje om å få eit mellombels opphaldsløyve. Utan permanent opphaldsløyve får du òg svakare vern mot at styresmaktene kan utvise deg.
Tilbakekalling av ein flyktningstatus inneber at du mistar dei særlege rettane som knyter seg til denne statusen. Du må òg levere inn reisebeviset ditt til politiet.
Dersom årsaka til at vi trekkjer tilbake eit permanent opphaldsløyve eller ein flyktningstatus, er at du har gitt uriktige opplysningar som vi la til grunn då vi gav deg opphaldsløyve, vil opphaldsløyvet ditt kunne bli trekt tilbake. I slike tilfelle må du forlate Noreg.
Tilbakekalling av reisedokument vil seie at reisedokumentet ditt blir drege inn, og du må levere det til politiet.
Korleis er prosessen?
Det er Utlendingsdirektoratet (UDI) som gjer vedtak om tilbakekalling. Dersom vi meiner at det er grunnlag for å kalle tilbake løyvet ditt, skal vi som hovudregel informere deg om dette, slik at du innan tre veker har høve til å uttale deg før vi gjer vedtaket.
Du har òg rett til å klage på eit vedtak om tilbakekalling. Dersom vedtaket inneber at du må forlate Noreg, treng du ikkje reise før vedtaket er endeleg. Det vil seie at ei eventuell klage må vere handsama ferdig i UDI eller Utlendingsnemnda (UNE). Det er UNE som handsamar klager som ikkje blir omgjorde av UDI.
Meir informasjon
Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstjenesta i UDI.