Etter at du har søkt beskyttelse (asyl) i Noreg, og mens du ventar på å bli intervjua av UDI, får du informasjon og rettleiing av Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS).
Dersom UDI avslår søknaden din om beskyttelse, vil du få tilbod om eit visst tal timar gratis advokathjelp for å klage. Kor mange timar hjelp ein asylsøkjar kan få, vil variere blant anna avhengig av kva land søkjaren kjem frå, og om søknaden om beskyttelse blir handsama etter Dublin-regelverket.
UDI har ei eiga ordning med advokatar i Noreg som ønskjer å hjelpe asylsøkjarar. Desse advokatane har brei juridisk erfaring og kompetanse på flyktning- og asylrett. UDI prøver å finne ein advokat som held til i nærleiken av deg. Dersom du ønskjer å bruke ein advokat av eit bestemt kjønn, prøver vi å ordne dette. Under asylintervjuet kan du sjølv be om få å bruke ein spesiell advokat om du ønskjer det. Du har rett til å velje å bruke ein annan advokat enn den UDI finn til deg, dersom dette ikkje forseinkar handsaminga av saka di. Dersom du ønskjer ein advokat som ikkje er med i UDIs advokatordning, må du sjølv betale eventuelle ekstrautgifter knytte til dette.
Dersom du får godkjent opphaldsløyve av UDI, vil du ikkje få oppnemnt advokat. Det er politiet der du bur, som skal informere deg om vedtaket.
Meir informasjon
Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte
Opplysningstenesta i UDI.