Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Aldersundersøking

 
Kor gammalt eit barn er, har innverknad når UDI skal behandle ein søknad om beskyttelse (asyl). Alderen har òg innverknad på kva rettar og plikter han eller ho får i samfunnet. Dersom det er tvil om alderen er riktig, får søkjaren tilbod om ei aldersundersøking. Resultatet av undersøkinga skal vurderast saman med resten av opplysningane i saka.


Kven blir undersøkte for alder?


Aldersundersøking er aktuelt når søkjaren seier at han eller ho er under 18 år, men verkar eldre enn det. Vi gjennomfører ikkje aldersundersøking om det ikkje er tvil om alderen.
 
Ei aldersundersøking er frivillig, og asylsøkjarar skal få tilbod om det dersom det er tvil om alderen deira. UDI avgjer i kvar einskild sak om vi skal tilby ei aldersundersøking, basert på observasjonar frå politiet og mottakstilsette og eigne observasjonar frå verjesamtalen og asylintervjuet.
 
UDI innhentar vanlegvis samtykke til aldersundersøking før asylintervjuet. Hjelpeverja skal òg skrive under på samtykkeerklæringa. Vi gjennomfører ikkje aldersundersøking om vi ikkje har fått samtykkeerklæring.
 
Utlendingsstyresmaktene dekkjer utgiftene med aldersundersøking til søkjarar dersom UDI har bedt om det. Dersom ein søkjar gjennomfører ei aldersundersøking på eige initiativ, dekkjer ikkje UDI utgiftene.

Korleis blir aldersundersøkinga gjennomført?


Det blir gjort ei røntgenundersøking av tennene og handrota til søkjaren. I tillegg vil allmenne observasjonar av søkjaren mens søknaden om asyl er til handsaming, vere relevante.

 

 

Tannundersøking


 
Tannundersøkinga blir gjort hos Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Tannlegen gjer ei klinisk undersøking av tennene med spegel og sonde, og det blir teke eit stort røntgenbilete av tennene. Det kan òg vere aktuelt med mindre tannrøntgenbilete for å supplere.
 
Når samtykkeerklæringa blir underteikna ved det første møtet mellom UDI, søkjaren og hjelpeverja, hentar UDI også inn opplysningar om kva oppvekstforhold søkjaren har hatt, under dette kosthald, tannhelse og sjukdomshistorie. Desse opplysningane får tannlegen i eit eige dokument, og det er ein del av grunnlaget når tannlegen vurderer tennene.
Tannlegen vurderer alderen til søkjaren ved hjelp av fleire ulike metodar, og i hovudkonklusjonen tek tannlegen omsyn til resultata frå alle metodane.
 

Handrotundersøking


Ullevål universitetssjukehus gjennomfører handrotundersøkinga, som seier noko om alderen til søkjaren basert på skjelettet.
 
Legen tek eit røntgenbilete av handa og handleddet til søkjaren. Sidan det er normalt med ein viss variasjon i skjelettmodninga for kvar aldersklasse og kjønn, blir røntgenbiletet samanlikna med tabellar som viser skjelettmodninga i forhold til alder og variasjonsområde innanfor kvar aldersgruppe.
 
Normal skjelettvekst er vanlegvis avslutta ved 19-årsalderen for gutar og ved 18-årsalderen for jenter. Då vil normalt alle vekstsoner i fingrar og handledd vere lukka, og ein veks ikkje meir.
 
Når skjelettveksten er avslutta, kan ei røntgenundersøking ikkje seie noko nærmare om alderen til søkjaren utover at guten er 19 år eller eldre, eller at jenta er 18 år eller eldre.

Medisinsk fråsegn


Når dei to undersøkingane over er gjennomførte, vil Barneklinikken på Ullevål universitetssjukehus gjere ein analyse av alle delresultata. På grunnlag av dette gir dei ei medisinsk fråsegn om kva dei meiner er korrekt alder. UDI vil i utgangspunktet berre ta omsyn til den samla konklusjonen frå barneklinikken.

 

 

Allmenn observasjon


 
Alle som er i kontakt med søkjaren mens søknaden om asyl er til handsaming, skal melde frå dersom dei reagerer på den alderen søkjaren har oppgitt. Det gjeld blant anna politiet som registrerer søkarane, dei som gjennomfører asylintervjua, dei tilsette på mottaket og hjelpeverja.

Konsekvensar av aldersundersøkinga


Resultatet av aldersundersøkinga er viktig når vi vurderer asylsøknaden og alderen til søkjaren. Opplysningane frå aldersundersøkinga blir vurderte saman med dei andre opplysningane i saka, også opplysningar som søkjaren sjølv kjem med. Resultatet av aldersundersøkinga er ikkje nødvendigvis uttrykk for den ”riktige” alderen til søkjaren. Dersom det ut frå resultatet av aldersundersøkinga er utsikkert om søkjaren er mindreårig eller vaksen, vil tvilen komme søkjaren til gode. Det vil seie at søkjaren vil bli vurdert som mindreårig. Søkjarar som medvite har oppgitt feil alder, kan utvisast frå Noreg.
 
Resultatet av aldersundersøkinga kan ha innverknad når vi vurderer kor truverdig søkjaren er, og når vi vurderer om søkjaren skal plasserast i eit ordinært mottak eller i eit mottak for einslege mindreårige. Som hovudregel vil søkjarar som vi meiner er over 18 år, få tilbod om plass i vaksenmottak.
 
Ei aldersundersøking er eit tilbod til søkjaren. Dersom søkjaren ikkje samtykkjer til tann- og handrotundersøking, kan det ha innverknad på UDIs vurderingar når vi handsamar asylsøknaden.
 
Alle asylsaker blir vurderte individuelt. Personar som med rette fryktar forfølging i heimlandet, får asyl sjølv om dei har gitt opp uriktig alder til styresmaktene. Dersom søknaden om asyl blir avslått og det er aktuelt å gi opphald på anna grunnlag, kan det at søkjaren er mindreårig, vere avgjerande.
 

 
 

 

Sist oppdatert 12.08.2010
Publisert 20.07.2010

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C