Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Beskyttelse, eller opphaldsløyve på humanitært grunnlag

 
Dersom du har søkt om beskyttelse (asyl) i Noreg og fyller vilkåra for å få beskyttelse, får du normalt opphaldsløyve i Noreg og status som flyktning. Dersom du ikkje fyller vilkåra for å få beskyttelse, pliktar utlendingsstyresmaktene å vurdere om du fyller vilkåra for å få opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelige omsyn eller tilknyting til riket.


Beskyttelse

Dersom du fyller vilkåra for å få beskyttelse, får du normalt opphaldsløyve i Noreg og status som flyktning.
 
For å bli rekna som flyktning må du ha velgrunna frykt for forfølging på grunn av politisk oppfatning, rase, nasjonalitet, religion eller medlemskap i ei sosial gruppe, eller du må stå i reell fare for å bli utsett for dødsstraff, tortur eller anna umenneskeleg og nedverdigande handsaming eller straff i heimlandet ditt.

Tryggleikssituasjonen i heimlandet ditt kan òg vere ei årsak til at du har krav på beskyttelse, sjølv om du ikkje er individuelt forfølgd.
 
Noreg er forplikta gjennom internasjonale avtalar, som FNs flyktningkonvensjon og menneskerettskonvensjonar, til å gi deg beskyttelse mot retur til heimlandet ditt dersom du er i ein slik situasjon som det er gjort greie for over.

Opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn


Dersom du ikkje får godkjent beskyttelse, skal UDI alltid vurdere om det er grunnlag for å gi opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn eller særleg tilknyting til Noreg. I slike tilfelle gjer vi alltid ei heilskapleg vurdering av saka di.
 
Blant anna legg UDI vekt på helsetilstanden din og på sosiale og humanitære forhold ved retur til heimlandet. Dersom du har vore offer for menneskehandel, vil vi leggje vekt på dette. Dersom du er einsleg og under 18 år, vil vi vurdere om du vil få forsvarleg omsorg ved retur til heimlandet.
 
UDI vil òg vurdere om innvandringsregulerande omsyn taler imot at du skal få opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn. I denne vurderinga legg vi vekt på moglege samfunnsmessige konsekvensar av å godkjenne din og liknande søknader.
 
Dersom behovet ditt er mellombels, for eksempel ved medisinsk behov, kan du få eit mellombels løyve.  
 
Har du ikkje levert inn eit gyldig og ekte pass skal du som regel få avslag, men du kan også få eit avgrensa løyve. Dette løyvet dannar ikkje grunnlag for permanent opphaldsløyve eller familieinnvandring.
 
 

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.

 

Sist oppdatert 12.08.2010
Publisert 29.07.2010

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C