Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Dublin-samarbeidet

På bokmål

Ein person som søkjer beskyttelse, avgjer ikkje sjølv kva land som skal handsame søknaden. Det første trygge landet asylsøkjaren kjem til, har ansvaret for å handsame søknaden om beskyttelse. Dublin II-forordninga er ein avtale mellom EU-landa, Island og Noreg som sørgjer for at alle asylsøkjarar får søknaden sin handsama i eitt av desse landa.



Når gjeld føresegnene?


Ein søknad blir handsama som ei Dublin-sak dersom søkjaren 
  • har søkt beskyttelse i eit anna land
  • er registrert med fingeravtrykk i eit anna land (det vil seie at personen er teken for ulovleg grensepassering)
  • har visum eller opphaldsløyve i eit anna land

Einslege mindreårige asylsøkjarar blir berre returnerte til andre land som er med i Dublin-samarbeidet, dersom dei har søkt beskyttelse i eit anna medlemsland.

Individuell vurdering


UDI vurderer kvar Dublin-sak konkret og individuelt. Vi legg blant anna vekt på kva tilknyting asylsøkjaren har til Noreg, og kva føresetnader søkjaren har for å sikre rettane sine som asylsøkjar i landet vi vurderer å returnere han eller henne til.

Ein søknad om beskyttelse vil ikkje bli handsama etter prosedyren for Dublin-saker dersom søkjaren har ektefelle eller mindreårig barn i Noreg, eller dersom søkjaren er mindreårig og har foreldre i Noreg. I desse tilfella blir søknaden handsama i Noreg. 

Registreringar i andre land


Alle asylsøkjarar over 14 år og personar som har kryssa grenser ulovleg, blir registrerte med fingeravtrykk i Eurodac. Eurodac er EUs elektroniske fingeravtrykksregister. Når politiet tek fingeravtrykka til ein asylsøkjar i Noreg, sjekkar dei automatisk om personen er registrert i Eurodac.

Førespurnader til utlandet


Dersom søkjaren er registrert i Eurodac, eller andre opplysningar knyter søkjaren til eit anna medlemsland, ber UDI styresmaktene i dette landet om å handsame søknaden om beskyttelse.

Førespurnader frå utlandet


På same måte som Noreg kan be eit av dei andre medlemslanda om å handsame ein søknad om beskyttelse, kan også andre medlemsland be Noreg om å handsame ein søknad. Når UDI får ein slik førespurnad, vurderer vi om vi er einige i at vi har ansvaret for å handsame søknaden.

Tett internasjonalt samarbeid


Dublin-samarbeidet føreset eit tett samarbeid mellom medlemslanda. Noreg deltek aktivt i dette samarbeidet.

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte Opplysningstenesta i UDI.
 
 
 
 

Sist oppdatert 11.08.2010
Publisert 29.07.2010

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C