Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Einslege mindreårige asylsøkjarar

 
Einslege mindreårige asylsøkjarar er barn og unge under 18 år som kjem til Noreg for å søkje asyl utan å ha følgje av foreldre eller andre som utøver foreldreansvar for dei. Dei er ei spesielt sårbar gruppe som har andre behov og andre rettar enn vaksne asylsøkjarar. UDI har omsorgsansvaret for dei som er mellom 15 og 18 år, mens barnevernet har ansvaret for dei under 15 år.


Eigne mottaksavdelingar

UDI har omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar i aldersgruppa 15─18 år. Dei bur i eigne mottak eller på eigne avdelingar, tilpassa alderen og behova deira. UDI stiller strenge krav til arbeidet med einslege mindreårige ved mottaka. Dei skal få god omsorg, og ha ein trygg og meiningsfull kvardag. Einslege mindreårige under 15 år bur på eigne omsorgssenter som barnevernet driv.

Asylprosess


Asylsøknader frå einslege mindreårige blir vurderte frå eit barneperspektiv. Det inneber blant anna at terskelen for kva ein reknar som forfølging, er lågare for barn enn for vaksne, fordi barn toler mindre.
 
UDI prioriterer søknadene frå einslege mindreårige asylsøkjarar fordi vi meiner at det er til barnets beste å få ein rask avklaring i saka.
 

Hjelpeverjer

Ein einsleg mindreårig asylsøkjar får oppnemnt ei hjelpeverje eller verje av overformynderiet i kommunen der han eller ho oppheld seg. Dersom ein er sikker på at foreldra er døde, blir det oppnemnt ei verje. I andre saker blir det oppnemnt ei hjelpeverje. Verjer og hjelpeverjer har dei same oppgåvene i samband med einslege mindreårige som søkjer asyl.
 
Ei hjelpeverje skal sikre rettstryggleik til barna og vere støtteperson for dei i asylprosessen. Dei skal hjelpe til med førebuingar til asylintervjuet og sikre at dette blir gjennomført på ein god måte. Hjelpeverja bør også ha kontakt med barnets advokat og halde seg orientert om asylsaka.
 

Advokathjelp


Einslege mindreårige asylsøkjarar har krav på advokat under heile asylprosessen. Denne retten gjeld òg ved ei eventuell klagesak. Advokaten blir tildelt av UDI. Dei einslege mindreårige asylsøkjarane som blir vurderte som klart overårige etter aldersundersøkinga, får ikkje advokat gjennom heile asylprosessen.

Aldersvurdering


I ein del tilfelle oppstår det tvil om søkjaren har gitt opp riktig alder. Når vi er usikre på kor gammal ein asylsøkjar er – og særleg dersom personen verkar eldre enn 18 år – vil vi be om at han eller ho samtykkjer til ei aldersundersøking for å godtgjere alderen.
 
I dag er ei aldersvurdering samansett av ei medisinsk aldersundersøking og allmenn observasjon. I den medisinske aldersundersøkinga blir det teke røntgen av tennene og av handrota. Dette er eit frivillig tilbod, men det kan få konsekvensar for UDIs vurdering av alderen om søkjaren ikkje ønskjer å gjennomføre undersøkinga.
 
UDI tek omsyn til sikringsmarginen som ligg i desse undersøkingane og gjer ei heilskapleg vurdering der fleire element inngår. Dersom vi meiner at søkjaren er eldre enn 18 år, kan det få følgjer både for vurderinga av asylsøknaden og for det mottakstilbodet søkjaren får.
 

Oppsporing og familieinnvandring


Ein del einslege mindreårige som kjem hit, har foreldre eller andre omsorgspersonar i heimlandet. Dersom vi meiner at den einslege mindreårige ikkje treng beskyttelse, vil vi vurdere om det er til barnets beste å bli sameint med familien eller returnert til eit anna forsvarleg omsorgstilbod i heimlandet.
 
Om vi ikkje klarer å spore opp familien, kan den mindreårige asylsøkjaren få opphaldsløyve etter sterke menneskelege omsyn i Noreg. Dette gjeld berre reelle mindreårige asylsøkjarar. Vi kan ikkje returnere mindreårige utan at vi har funne ein forsvarleg omsorgssituasjon for søkjaren.
 
Dersom det seinare blir kjent kvar foreldra eller personar som utøver foreldreansvar held til, kan saka bli vurdert på nytt. Det vil også vere vanskeleg for slike søkjarar å få familiesameining i Noreg.

Skule


Barn og ungdom som truleg kjem til å bli i Noreg i meir enn tre månader, har rett og plikt til grunnskoleopplæring. Mottaket melder alle barn under 16 år inn i grunnskolen. Vertskommunane får tilskot for desse elevane.
 
Ungdommar mellom 16 og 18 år har rett til undervisning i norsk og samfunnsfag og kan også ha rett til undervisning i grunnskolefag med mål om at dei skal ta grunnskoleeksamen. Mottaket samarbeider med skulane og legg til rette for leksehjelp.

Busetjing


Dersom einslege mindreårige får opphald i Noreg, skal dei busetjast i ein kommune. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har ansvar for å busetje einslege mindreårige over 15 år, mens Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet buset dei som er yngre enn 15 år. Målet er at busetjinga skal skje innan tre månader etter at UDI har bestemt at dei får bli her.

Sist oppdatert 12.08.2010
Publisert 20.07.2010

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C