Beskyttelse, sentrale tema
Ein asylsøkjar er ein person som kjem til Noreg på eiga hand og ber om beskyttelse. Dersom asylsøknaden blir godkjend, får søkjaren status som flyktning (asyl) og beskyttelse i Noreg.
Noreg har forplikta seg etter internasjonal lov til å beskytte personar som blir forfølgde, eller som risikerer for eksempel tortur eller dødsstraff i heimlandet sitt. Desse personane kan godkjennast som flyktningar i Noreg.
Overføringsflyktningar er personar som får komme til Noreg etter eit samarbeid mellom FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og norske styresmakter. Kor mange flyktningar som skal overførast til Noreg kvart år, blir fastsett av politiske styresmakter.
Sist oppdatert
11.08.2010
Publisert
29.07.2010