Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Identitet

På bokmål

For å få opphaldsløyve i Noreg må du dokumentere identiteten din. Identitet er summen av forskjellige opplysningar som fortel kven du er. Dersom vi er usikre på identiteten din, må vi undersøkje opplysningane nærmare.



Kva er identitet?

Identitet er summen av fleire element som fortel noko om kven du er. For utlendingsstyresmaktene omfattar det blant anna opplysningar om
  • personalia (som namn)
  • fødselsdato
  • nasjonalitet
  • oppgitt slektskaps- eller familieforhold til andre personar
  • etnisk tilhøyrsle
  • klantilknyting
Vi bruker identitetselementa til å skildre eller kjenne att ein person, og vi kan bruke dei til å avklare om det er den same personen som opptrer i ulike samanhengar.

Å fastsetje identitet

Den beste måten du kan avklare identiteten din på, er å leggje fram pass eller reisedokument og/eller andre dokument som er utferda av offentlege styresmakter i heimlandet ditt. Normalt har du dokumentert identiteten din dersom du legg fram pass eller anna godkjent reisedokument, og det ikkje er opplysningar i saka som tilseier at vi ikkje kan stole på opplysningane som går fram av dokumentet.
 
Dersom du leverer dokument som ikkje inneheld bilete, kan vi ikkje vite at dokumentet faktisk gjeld deg, sjølv om dokumentet er ekte. Som hovudregel må dokument utan bilete verifiserast før vi kan leggje vekt på dei når vi vurderer identiteten din. Det inneber at vi undersøkjer og prøver å slå fast om opplysningane i dokumentet er riktige.
 
Det finst ikkje fastlagde krav til når eit dokument er godt nok til å godtgjere identitet. Det er heller ikkje alle som er i stand til å skaffe slike dokument. Dette er avhengig av kva land du kjem frå. Vi gjer ei vurdering av identitetsopplysningane dine ut frå landinformasjon og det vi veit om dokumenta i landet du kjem frå.
 
I somme tilfelle kan det vere grunn til å tvile på identiteten sjølv om dokumenta vi får, er ekte. For eksempel kan det vise seg at ekte dokument er baserte på opplysningar som ikkje er riktige.
 
Kva slags dokumentasjon UDI eller politiet treng for å handsame saka di, er i tillegg avhengig av kva type løyve du søkjer om.
 
UDI kan òg undersøkje opplysningar som knyter seg til identiteten du har gitt opp, på fleire andre måtar, for eksempel
  • DNA-testing
  • aldersundersøking 
  • språkanalyse 
  • spørsmål under asylintervju 
  • intervju med referanseperson
  • fingeravtrykk  
  • innhenting av opplysningar i samsvar med Dublin II-forordninga

Registrering av identitet


Utanriksstasjonane eller politiet registrerer identiteten din i Datasystemet for utlendings- og flyktningsaker (DUF) når du leverer ein søknad. Dersom du søkjer om visum, registrerer ambassaden eller konsulatet identitetsopplysningane dine i Noregs nasjonale visumsystem (NORVIS), og derfrå blir dei igjen overførte til DUF. Alle identitetsopplysningane vi registrerer om deg, skal vere i samsvar med dei opplysningane du gir.

Bevisspørsmål


Utlendingslova krev at søkjarar skal dokumentere identiteten sin, helst ved å leggje fram pass eller eit anna godkjent reisedokument. Hovudregelen er at det er du som har ansvaret for å avklare identiteten din.

Endring av registrert identitet


Det kan bli aktuelt å endre registrerte identitetsopplysningar. Dette vil vere tilfellet dersom det kjem inn nye opplysningar etter at du har fått opphaldsløyve, eller det er gjort feil ved innregistreringa av identitetsopplysningane. Utlendingsstyresmaktene og folkeregisteret må vurdere i kva tilfelle spørsmål om å endre registreringar må reknast som ei identitetsendring.

Konsekvensar av å ha gitt opp uriktig identitet


Dersom identiteten du opphavleg er registrert med, er falsk, eller du har gitt deg ut for å vere ein annan person enn den du er, vil UDI ta saka di opp igjen. Dersom UDI meiner at du har forklart deg uriktig om identiteten din tidlegare, vil vi vurdere om det er grunnlag for å kalle tilbake dei tidlegare løyva dine eller det norske statsborgarskapet ditt. UDI vil òg vurdere om du gjorde noko straffbart då du gav uriktige opplysningar, om dette i så fall skal meldast til politiet, og om det er grunnlag for å utvise deg på grunn av dei uriktige opplysningane. 

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.
 

Sist oppdatert 12.08.2010
Publisert 29.07.2010

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads