På bokmål
Når du har komme til Noreg og søkt om beskyttelse, får du tilbod om å bu i eit transittmottak. Mens du bur der, fyller du ut ei eigenerklæring, og du blir intervjua av UDI.
Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS) hjelper med informasjon til alle som søkjer beskyttelse i Noreg. I løpet av dei første dagane på transittmottaket informerer NOAS om kva det inneber å søkje beskyttelse, sjansane for å få godkjent søknaden, Dublin-regelverket og andre forhold som er viktige for deg som asylsøkjar.
Transittmottak
Etter at du har registrert deg som asylsøkjar hos politiet, får du tilbod om plass i eit transittmottak. Eit transittmottak er den første bustaden for ein asylsøkjar. Her bur du fram til UDI har intervjua deg.
Asylintervju
Innan kort tid innkallar UDI deg til eit intervju. UDI skaffar tolk dersom du treng det. Tolken formidlar nøyaktig innhaldet i alt som blir sagt under intervjuet. Tolken har teieplikt. Det er gratis for deg å bruke tolk.
I asylintervjuet vil du få spørsmål om
- deg sjølv, familien og heimlandet ditt
- kvifor du flykta
- reiseruta til Noreg
- kvifor du søkjer beskyttelse i Noreg
Intervjuet blir gjort i UDIs lokale eller på transittmottaket.
Opplysningane du gir i asylintervjuet, blir skrivne ned på norsk av den som intervjuar deg. Det er viktig for handsaminga av asylsøknaden din at du gir så korrekte og fullstendige svar som mogleg. Du bør opplyse om alt som kan ha innverknad på søknaden din, sjølv om det ikkje blir stilt direkte spørsmål om det. Dersom du har dokumentasjon på nokon av opplysningane, må du vise den.
Intervjuet blir lese opp for deg, og du må sjølv kontrollere at det er riktig skrive ned.
Det er straffbart å gi uriktige opplysningar. Det kan også danne grunnlag for utvising. Dersom nokon av opplysningane du gir er uriktige, kan det føre til at styresmaktene blir usikre på andre opplysningar du har komme med. Dersom det blir oppdaga at du har fått opphaldsløyve ved å gi uriktige opplysningar, kan løyvet ditt bli trekt tilbake.
Dersom du er under 18 år, gjeld det eigne ordningar.
Meir informasjon
Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte transittmottaket du bur på, og eventuelt
Opplysningstenesta i UDI.