Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Kva for rettar og plikter har du dersom UDI godkjenner søknaden din om beskyttelse?

På bokmål

Dersom du får godkjent søknaden om beskyttelse (asyl), får du opphaldsløyve med status som flyktning.  Med løyvet følgjer både rettar og plikter.



Opphald i Noreg

Når du får beskyttelse i Noreg, får du eit opphaldsløyve som gjeld i inntil tre år. Dette opphaldsløyvet kan normalt fornyast og gi grunnlag for permanent opphaldsløyve i Noreg.

Familien din

Dersom du kom til Noreg saman med ektefellen/partnaren eller sambuaren din, og/eller med ugifte barn under 18 år, kan desse òg få opphaldsløyve. Dersom dei ikkje får godkjent beskyttelse, vurderer norske styresmakter om dei kan få opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn eller særleg tilknyting til riket.

Dersom familien din er i heimlandet eller eit anna land, gjeld det eigne føresegner.

Meir informasjon om dette finn du på sidene om familieinnvandring.

Reisebevis

 
Dersom du får godkjent søknaden om beskyttelse, vil norske styresmakter behalde passet ditt om du har eit pass, og du vil få eit reisebevis for flyktning. Dette reisebeviset gjeld ikkje for reiser til heimlandet ditt.

Asylsøkjarar som ikkje får beskyttelse i Noreg, men opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn, må vanlegvis få pass frå heimlandet. I spesielle tilfelle kan dei som får opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn, få norsk utlendingspass.

Meir informasjon om dette finn du på sida om reisedokument.

Busetjing


Dersom du får opphaldsløyve som gir deg rett til å bli busett i ein kommune, vil Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) finne ein kommune der du kan busetje deg.

Meir informasjon om dette finn du på IMDis heimesider.

Norskopplæring og introduksjonsprogram

Når du har fått opphaldsløyve i Noreg, har du rett og plikt til å delta i norskopplæring og følgje eit introduksjonsprogram.
 
 

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte Opplysningstenesta i UDI.
 
 
 

Sist oppdatert 12.08.2010
Publisert 29.07.2010

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads