På bokmål
Dersom du får avslag på søknaden om beskyttelse (asyl), og heller ikkje får godkjent opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelige omsyn eller tilknyting til Norge, må du forlate landet. Du har rett til å klage på avslaget.
Klagerett
Dersom UDI avslår søknaden din, har du rett til å klage på vedtaket. Det er UDI som handsamar klaga di i første omgang. UDI vurderer då saka di på nytt. Dersom UDI ikkje endrar vedtaket, blir klaga send til Utlendingsnemnda (UNE) for handsaming.
Hjelp frå advokat
Dersom du ønskjer å klage på vedtaket, sørgjer UDI for at du får ein advokat som kan hjelpe deg med det. Advokaten skal vere eit bindeledd mellom deg og styresmaktene. Advokaten skal for eksempel passe på at tidsfristane blir haldne, og at klagesaka di blir handsama på riktig måte.
Det er norske styresmakter som betaler for advokathjelpa du har krav på.
Les meir om advokatordninga.
Kva skal ei klage innehalde?
I klaga må du ha med
- kva for vedtak du klagar på
- når du fekk beskjed om vedtaket
- kva du ønskjer endra i vedtaket
- grunnen til at du ønskjer vedtaket endra
- nye opplysningar som kan ha innverknad på utfallet (bør dokumenterast)
I ein del tilfelle kan dei som klagar på eit avslag på søknad om beskyttelse, opphalde seg i Noreg mens klaga blir handsama. Men om UDI meiner at søknaden din er opplagt grunnlaus, eller om saka di er omfatta av 48-timarsprosedyren, kan du bli pålagd å reise ut av landet mens du ventar på resultatet av klaga.
Klagefrist
Dersom du skal klage på avslaget, må du sende klaga innan tre veker etter at du fekk vedtaket. Du kan be om å få forlengd klagefristen. Du må då opplyse kvifor du ønskjer utsetjing.
Dersom du ikkje overheld klagefristen eller den forlengde fristen, vil avslaget du har fått, vere endeleg, og du har plikt til å forlate Noreg.
Dersom du sender inn klaga di for seint, er ikkje UDI forplikta til å handsame henne. Men du kan be om å få klaga handsama sjølv om ho er send inn etter fristen. I klaga må du forklare kvifor du ikkje fekk levert klaga i tide. Det er strenge krav for å få ei slik klage handsama.
Meir informasjon