Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Overføringsflyktningar

På bokmål 

Ein overføringsflyktning er ein person som har flykta frå heimlandet sitt, og som FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har godkjent som flyktning før han eller ho blir overført til eit tredje land. UNHCR har avtale med mange forskjellige land, deriblant Noreg, om overføring og busetjing av flyktningar. På bakgrunn av desse avtalane ber UNHCR styresmaktene i avtalelanda om å ta imot flyktningar. Søknader om overføring kan òg fremmast av internasjonale organisasjonar og norske ambassadar.



Fakta om overføringsflyktningar

Ein overføringsflyktning er ein person som risikerer forfølging i heimlandet sitt, og som oppheld seg i eit anna land der han eller ho heller ikkje får varig opphald eller kan vere trygg, og som derfor blir overført til eit tredje land. Forskjellen mellom asylsøkjarar og overføringsflyktningar er at dei fleste overføringsflyktningar har fått saka sin handsama og er blitt godkjende som flyktning av UNHCR allereie før dei kjem til Noreg.
 
Dei fleste flyktningane som skal overførast til Noreg, blir presentert av UNHCR. I visse tilfelle kan også norske ambassadar og internasjonale organisasjonar, for eksempel PEN-klubben og Helsingforskomiteen, fremme saker for UDI.
Det er ca. 40 millionar flyktningar i verda. Av desse har ca. 12 millionar flykta frå heimlandet. Kvart år blir om lag 80 000 flyktningar overførte til eit tredjeland.

 

 

Årleg kvote

 
Den årlege kvoten for kor mange overføringsflyktningar Noreg skal ta imot, blir fastsett av Stortinget, etter forslag frå Regjeringa. Noregs kvote for overføringsflyktningar er for tida på 1 200 flyktningar. Justis- og politidepartementet avgjer kva land Noreg skal ta imot overføringsflyktningar frå i samarbeid med UNHCR, UDI, IMDi, frivillige organisasjonar og UD.
 

Årsaker til flukt og behovet for overføring


 

Mange overføringsflyktningar har flykta frå krig, andre frå politisk eller anna undertrykking. Somme krigar rammar alle i eit område, mens det andre stader er personar med ein spesiell etnisk bakgrunn eller politisk tilhøyrsel som blir utsette for overgrep.
 
Ein stor del av desse flyktningane har flykta til land der dei verken får opphaldsløyve eller beskyttelse. Somme land har fleire hundre tusen flyktningar og har derfor måtta opprette mellombels flyktningleirar. Likevel blir flyktningar buande i slike leirar i mange år. Sjølv dei som har budd der i ei årrekkje, får ofte ikkje tilgang til vanleg skole, arbeid eller medisinsk hjelp.

Vurderingar av UNHCR og UDI


UNHCRs vurdering


UNHCR intervjuar personar som har flykta frå heimlandet sitt, og vurderer om dei skal få status som flyktning. Det blir så vurdert om dei kan bu i landet dei oppheld seg i, eller om dei kan returnere til heimlandet. Dersom den beste løysinga er at flyktningen blir overført til eit tredjeland, blir hans eller hennar sak send til eit av landa som UNHCR har avtale om overføring med.

 
 

UDIs vurdering

 
UDI må velje ut flyktningar som oppfyller dei kriteria Justis- og politidepartementet har gitt. Søknader om overføring av flyktningar kan bli godkjende på to forskjellige måtar:
  • UDI reiser til eit land for å intervjue og ta ut eit større gruppe flyktningar.  Dei det gjeld, kan få innreiseløyve til Noreg. Dei kan frå godkjent flyktningstatus samtidig med innreiseløyvet.
  • UDI kan godkjenne ein skriftleg førespurnad om overføring frå UNHCR, ein annan internasjonal organisasjon eller ein ambassade. Den det gjeld, kan få innreiseløyve til Noreg. Ei endeleg avgjerd om flyktningstatus for søkjaren blir teken etter at han eller ho er kommen til landet.

Uttaksreisene blir gjennomførte ved at representantar frå UDI reiser til landet dei aktuelle flyktningane oppheld seg i, og intervjuar dei der.

I vurderinga av kven som får komme til Noreg, legg vi vekt på behovet for beskyttelse. Det vil seie om flyktningen risikerer trakassering, fengsel, tortur og/eller drap i heimlandet, og om han/ho ikkje kan bli verande i det landet han/ho har flykta til. I tillegg vurderer vi ei rekkje andre kriterium gitt av Justis- og politidepartementet.

Busetjing

Når overføringsflyktningar har fått løyve av UDI, blir saka deira send til eit av Integrerings- og mangfaldsdirektoratets (IMDis) regionale kontor. Dei ber aktuelle kommunar om å busetje flyktningane. Når ein kommune har samtykt i å busetje ein overføringsflyktning, tek UDI kontakt med International Organization for Migration (IOM), som arrangerer reisa til Noreg. 
 
Før flyktningane kjem til Noreg, gjennomgår dei fleste eit firedagarskurs om Noreg og norske forhold. Kurset er i regi av IOM. Når dei kjem til Noreg, blir flyktningane busette direkte i norske kommunar utan opphald i asylmottak.
 
Det er IMDi som har ansvaret for busetjing av overføringsflyktningar. Du kan finne meir informasjon om dette på IMDis heimesider.
 

Familieinnvandring

Personar med flyktningstatus i Noreg har rett til å få dei nærmaste familiemedlemmene sine til Noreg dersom familiemedlemmene søkjer om det. Dette gjeld ektefelle, registrerte partnarar eller sambuarar som har budd saman med dei i minst to år, og barn under 18 år.
 
Det blir ikkje stilt krav til at flyktningen skal kunne forsørgje familiemedlemmene, dersom familieforholdet var etablert før flyktningen kom til Noreg.
 
Staten kan som regel dekkje reiseutgiftene til familiemedlemmer som kjem i samband med familieinnvandring til overføringsflyktningar. IOM arrangerer reisa. Det er ikkje mogleg å få refundert reiseutgifter som du eller familien din har dekt sjølv.
 
Dersom du har stifta familie etter at du kom til Noreg, og dei nye familiemedlemmene ikkje er norske eller har opphaldsløyve her, må du i utgangspunktet ha jobba og/eller studert i Noreg i fire år før familien din kan søkje om familieinnvandring. Du kan lese meir om dette under nærmare informasjon om fireårskravet.  

Meir informasjon


Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte Opplysningstenesta i UDI.

Sist oppdatert 12.08.2010
Publisert 13.07.2010

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C