Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Sakshandsaming av søknader om beskyttelse

På bokmål

UDI har forskjellige prosedyrar for handsaminga av søknader om beskyttelse. Korleis og kor lang tid det tek å handsame søknaden din, er avhengig av kvar du kjem frå, og kva slags situasjon du er i.



 
Alle søknader om beskyttelse blir vurderte individuelt, same kva prosedyre søknaden fell inn under. Dersom du får avslag på søknaden din, har du rett til å klage. Det er UDI som først handsamar klaga di. Dersom UDI ikkje omgjer vedtaket, blir klaga send til Utlendingsnemnda (UNE) for handsaming.
 
Som søkjar har du ansvar for å gi ei utfyllande forklaring på kvifor du søkjer beskyttelse. Du har også ansvar for å leggje fram all informasjon og alle tilgjengelege dokument som er relevante for saka di. Samtidig har UDI plikt til å sørgje for at saka din er godt opplyst.
 
Vurderinga av søknaden om beskyttelse tek utgangspunkt i forklaringa du gav under asylintervjuet, i tillegg til andre opplysningar du har gitt til norske styresmakter. UDI kan undersøkje desse opplysningane og eventuelle identitetsdokument, for eksempel med hjelp frå norske ambassadar. I tillegg til undersøkingar i samband med asylgrunnlaget og identiteten kan det vere aktuelt å undersøkje alder og å gjennomføre ein språkanalyse for å få klarlagt kvar du kjem frå. Opplysningane dine blir deretter samanlikna med resultata frå undersøkingane.
 
Opplysningar om tryggleikssituasjonen og andre forhold i heimlandet ditt er òg ein sentral del av vurderinga. I den samanheng innhentar UDI informasjon frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og menneskerettsorganisasjonar, og vi får informasjon gjennom kunnskapsutveksling med andre land. Fageininga for landinformasjon i utlendingsforvaltinga, Landinfo, er ein viktig partnar i dette arbeidet.
 
I tillegg til dei forskjellige prosedyrane for sakshandsaming har UDI eigne retningslinjer for korleis asylsøknader frå ulike land skal handsamast.
 

48-timarsprosedyren


Dersom du som asylsøkjar kjem frå eit land som UDI reknar som trygt, går vi ut frå at søknaden din er grunnlaus. Dette er fordi styresmaktene i heimlandet ditt normalt både har evne og vilje til å beskytte deg dersom du er utsett for forfølging eller umenneskeleg handsaming.
 
Dersom søknaden din fell inn under 48-timarsprosedyren, vil UDI gjennomføre eit kort intervju med deg for å kartleggje kvifor du søkjer beskyttelse i Noreg.  Politiet undersøkjer reiseruta di. Dersom UDI ser på søknaden som grunnlaus, blir han avslått innan 48 timar, og du vil bli transportert ut av Noreg.

Dublin-prosedyren

Dersom søknaden din skal handsamast etter Dublin-regelverket, er det landet der du først søkte asyl, blei registrert for ulovleg grensepassering eller fekk opphaldsløyve eller visum, som er ansvarleg for å handsame søknaden din. Du vil då ikkje bli intervjua av UDI. Så snart det er avklart kva for land som har ansvar for å handsame asylsøknaden din, vil du bli transportert dit. Du får tilbod om å bu på eit transittmottak fram til uttransporteringa skjer.
 
 

Prosedyren for einslege og mindreårige asylsøkjarar

Er du under 18 år og har komme til Noreg utan foreldre eller andre som har foreldreansvar for deg, blir du rekna som einsleg og mindreårig asylsøkjar. Du vil då få oppnemnt ei hjelpeverje som skal sikre rettstryggleiken din og vere ein støtteperson for deg i asylprosessen. Blant anna skal hjelpeverja vere med på asylintervjuet.
 
Dersom det er usikkert om du er under 18 år, kan du få tilbod om å gjennomføre ei aldersundersøking.
 

Trevekersprosedyren


Dersom du kjem frå eit land der UDI erfaringsmessig avslår ein høg prosentdel av søknadene, og der vi har god oversikt over forholda, vil UDI fatte vedtak innan tre veker etter at du søkte om beskyttelse i Noreg.
 
Dersom det er nødvendig med ytterlegare undersøkingar eller verifisering av opplysningane i saka, kan sakshandsamingstida bli lengre.
 
Land som for tida er omfatta av trevekersprosedyren, er: Armenia, Georgia, Kviterussland, India, Irak, Nepal, Nigeria, Russland (berre etniske russarar) og Kosovo (bortsett frå minoritetar frå Kosovo).
 
Dersom søknaden din om beskyttelse er omfatta av trevekersprosedyren, skal du gjennom eit omfattande asylintervju. Fram til asylintervjuet er gjort, får du tilbod om å bu på eit transittmottak. Etter intervjuet får du tilbod om plass på eit ordinært mottak. Her kan du bu mens søknaden din blir handsama.
 

Prosedyren for ordinære saker

 
Dersom søknaden din ikkje fell inn under nokon av dei prosedyrane som er nemnde over, handsamar UDI søknaden din som ein ordinær søknad. Sakshandsamingstida for ordinære saker varierer. UDIs mål er å gjere vedtak så snart som mogleg, men det kan ta fleire månader før søknaden er ferdighandsama.
 
Dersom UDI ser på søknaden din som ei ordinær sak, vil vi gjennomføre eit omfattande asylintervju med deg. I somme saker er det i tillegg nødvendig å innhente fleire opplysningar og/eller gjere undersøkingar. Dette kan påverke sakshandsamingstida. Du har sjølv plikt til å medverke til å opplyse saka di så godt som mogleg. Ditt bidrag vil derfor kunne redusere sakshandsamingstida.
 
Sakshandsamingstida er også avhengig av andre forhold, for eksempel kor mange asylsøkjarar som kjem til Noreg, i forhold til ressurssituasjonen i UDI.
 

Meir informasjon

 
Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte Opplysningstenesta i UDI.
 

Sist oppdatert 12.08.2010
Publisert 13.07.2010

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C