Kor mykje skal du betale?
Søknadsgebyr
| Type løyve |
Gebyr |
Opphaldsløyve (med unnatak av studentar, forskarar med eigne midlar og au pairar) Dette løyvet gir i dei fleste tilfelle rett til å arbeide. – Fornying |
3.000 NOK
3.000 NOK |
| Gruppeløyve (når arbeidsgjevar søkjer på vegner av ei gruppe arbeidstakarar, per arbeidstakar) |
3.000 NOK |
Opphaldsløyve for studentar, forskarar med eigne midlar og au pairar –Fornying |
2.500 NOK 2.500 NOK |
Permanent opphaldsløyve (tidlegare kalla busetjingsløyve) |
1.900 NOK |
| Statsborgarskap |
3.500 NOK |
Familieinnvandringsløyve - Førstegongssøknad - Fornying (viss du søkjer om fornying etter at det førre løyvet ditt har gått ut, er gebyret på 3.750 NOK) |
3.750 NOK 1.100 NOK |
| Opphaldsløyve pga. sterke menneskelege omsyn og MUF-løyve |
1.100 NOK |
Søknad om reisebevis eller utlendingspass – Personar som har løyve på grunnlag av søknad om vern |
0,- |
| – Personar som skal returnere med IOM og ikkje har høve til å skaffe pass frå heimlandet |
0,- |
| – Personar over 18 år som har løyve på anna grunnlag enn søknad om vern |
1.100 NOK |
| – Personar under 18 år som har løyve på anna grunnlag enn søknad om vern |
550 NOK |
| – Personar over 18 år som tidligare har fått avslag på søknad om utlendingspass |
1.100 NOK |
| – Personar under 18 år som tidligare har fått avslag på søknad om utlendingspass |
550 NOK |
| – Personar over 18 år som har mista eller fått øydelagt tidligare utstedt reisebevis eller utlendingspass |
1.100 NOK |
| – Personar under 18 år som har mista eller fått øydelagt tidligare utstedt reisebevis eller utlendingspass |
550 NOK |
– Fornying for personar som er 16 år og eldre
|
450 NOK |
– Fornying for personar under 16 år
|
270 NOK
|
| Visum |
60 EURO |
| Klage på alle typar vedtak |
0,- |
Noreg har inngått avtalar med andre Schengen-land (i hovudsak Danmark og Sverige) om at nokre av utanriksstasjonane deira skal ta imot søknader om visum og opphaldsløyve (som gir rett til å arbeide med mindre noko anna er presisert i vedtaket) til Noreg. I slike tilfelle gjeld gebyrsatsane til det landet som representerer oss.
Sjekk lista over ambassadar som tek imot søknader om visum og liste over ambassadar som tek imot søknader om opphaldsløyve for å sjå om dette gjeld deg.
Kven skal betale gebyr?
Opphaldsløyve og permanent opphaldsløyve (tidlegare kalla busetjingsløyve)
I utgangspunktet skal alle betale gebyr. Du skal ikkje betale gebyr dersom du:
- er barn som er under 18 år når søknaden blir levert
- er EØS-borgar eller nært familiemedlem til ein EØS-borgar, og har opphaldsrett eller søkjer om et EØS-opphaldskort.
- er asylsøkjar som søkjer om vern eller fornya løyve
- er utsett for menneskehandel og søkjer om opphaldsløyve (refleksjonsperiode)
- søkjer om fortsatt opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag som følgje av mishandling i samlivet.
- skal klage på eit vedtak
I enkelte tilfelle skal du heller ikkje betale gebyr dersom du er asylsøkjar og søkjer om mellombels arbeidsløyve.
Familieinnvandring
- Du skal berre betale fullt gebyr den første gongen du søkjer om familieinnvandring.
- Når du søkjer om fornying, betaler du eit lågare gebyr (sjå tabell ovanfor). Dette gjeld også sjølv om grunnlaget for søknaden seinare blir endra, for eksempel dersom du har hatt eit trulovaløyve og så søkjer om løyve til familieinnvandring med ektefelle, eller dersom du har fått løyve til familieinnvandring med ektefellen din, og så søkjer om familieinnvandring med barn.
- Dersom du derimot søkjer om fornying etter at det førre løyvet har gått ut, må du betale fullt gebyr.
Statsborgarskap
Barn under 18 år skal ikkje betale gebyr når dei søkjer om norsk statsborgarskap. Det er også gratis å melde norsk statsborgarskap, søkje om å få behalde norsk statsborgarskap og søkje om å bli løyst frå eit norsk statsborgarskap.
Utlendingspass og reisebevis
Dersom du har løyve på grunnlag av søknad om vern, er det gratis første gong du får eit reisebevis eller utlendingspass.
Dersom du har løyve på anna grunnlag enn søknad om vern, må du betale eit gebyr ved førstegongs søknad. Dette gjelder både vaksne og barn.
Alle må betale gebyr ved søknad om fornying.
Første gong du får eit reisebevis eller utlendingspass, er det gratis. Når du skal fornye reisebeviset eller utlendingspasset, eller når du får nytt reisebevis eller utlendingspass, må du derimot betale eit gebyr. Dette gjeld både vaksne og barn.
Visum
I utgangspunktet skal alle betale gebyr. Du skal ikkje betale gebyr dersom du:
- er statsborgar av eit land utanfor EØS-området, men i nær familie med ein EØS-borgar (EØS-borgarar og den nære familien deira kan fritt reise inn i Noreg utan visum)
- er barn under seks år
- er skoleelev, student, student på universitets- eller høgskulenivå eller medfølgjande lærar når formålet med reisa er studiar eller anna opplæring
- er forskar frå eit land utanfor EØS-området og reiser i Schengen-området for å drive vitskapleg forsking
Gebyret kan òg bli redusert eller oppheva for statsborgarar av visse visumpliktige land, fordi Noreg og ein del andre land har inngått avtalar om visumlette.
Korleis betaler du gebyret?
Når du søkjer på nettet, betaler du gebyret samstundes som du registrerer søknaden.
Om du ikkje kan søke på nett, må du betale gebyret seinast samstundes som du leverer søknaden. Du betaler kontant eller med betalingskort til den ambassaden eller det konsulatet der du leverer søknaden. Om du betaler på førehand, må du levere inn den originale kvitteringen saman med søknaden.
Du kan ikkje sende eller levere søknaden direkte til UDI. Då vil du få han i retur.
Hugs at dersom du er EØS-borgar så er du omfatta av registreringsordninga.
Meir informasjon
Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstjenesta i UDI.