Kven kan få opphaldsløyve som arbeidssøkjar?
- Formålet ditt må vere å søkje arbeid som faglært eller spesialist i Noreg.
- Du må vere visumpliktig.
- Du må vere faglært. Omgrepet faglært omfattar følgjande kategoriar:
• Fagutdannet tilsvarande vidaregåande blir skola nivå. Du må ha avslutta ei fagutdanning for eit bestemt yrke. Fagutdanninga må minimum tilsvare vidaregåande skule sin nivå, det vil seie minst tre år. Ho må ha gjeve tilsvarande kompetanse som utdanninga i Noreg. Døme er fagutdanning som rørleggar eller hjelpepleiar.
• Fagbrev. Det må ha gjeve tilsvarande kompetanse som fagbrevet i Noreg.
• Utdanning frå høgskule eller universitet. Det må dreie seg om ei avslutta utdanning/grad, til dømes bachelor- eller mastar-grad.
• Spesielle kvalifikasjonar. Du må ha opparbeidd deg kompetanse gjennom yrkeserfaring av ei viss lengd, eventuelt i kombinasjon med kurs og liknande. Dersom det finst ei formell utdanning på området, må kompetansen din vere tilnærma lik nivået på slik utdanning. Det skal mykje til for at løyve blir gjeve på grunn av spesielle kvalifikasjonar.
- Du kan ikkje få opphaldsløyve som arbeidssøkjar dersom du skal søkje arbeid som religiøs leiar/lærar eller nasjonalitetskokk.
- Du må ha nok middel til å greie deg i den perioden du skal vere i Noreg. Dette må minst tilsvare lønnstrinn 1 i lønnsregulativet til staten. Dette utgjer for tida kr 107 450 for ein periode på seks månader, som tilsvarar kr 17 908 per månad.
- Du må ha reise- eller sjukeforsikring som dekker eventuelle utgifter i samband med heimattsending av medisinske årsaker, naudsynt legehandsaming og akutt sykehusbehandling. Forsikringen skal gjelde for alle Schengenland og ha ei minstedekning på 30.000 Euro. Forsikringa skal vere gyldig for tida du søkjer om løyve i Noreg.
Kven treng ikkje opphaldsløyve som arbeidssøkjar?
- Dersom du er visumfri og har faglært kompetanse, kan du vere i Noreg utan opphaldsløyve i seks månader for å søkje arbeid som faglært i Noreg.
- Etter tre månader i landet må du i alle høve melde deg for politiet der du bur, legitimere deg og informere om at du er arbeidssøkjar.
- Opphaldsløyve er likevel nødvendig dersom du skal søkje arbeid som religiøs leiar/lærar eller nasjonalitetskokk.
Korleis søkjer du?
Sjekk kor du skal levere søknaden din
- Viss du er i utlandet kan du levere søknaden på ein ambassade eller eit konsulat i heimlandet ditt eller i det landet du har hatt opphaldsløyve dei siste seks månadene. I noen land er det svenske eller danske ambassadar som tek i mot søknaden din. Sjekk kor du skal levere søknaden.
- Viss du er i Noreg kan du levere søknaden her viss du har hatt ein annan type løyve dei siste ni månadene. Du kan og søkje frå Noreg viss du har kompetanse som faglært. Du må opphalde deg lovleg i Noreg, og du kan ikkje vere asylsøkjar Les meir om kven som kan søkje frå Noreg.
Finn ut om du må søkje på nett
Du skal registrere søknaden din på nett viss du søker frå Noreg eller via ein norsk ambassade. Du kan ikkje registrere søknaden på nettet viss det er ein svensk eller dansk ambassade som tek imot søknaden din.
Viss du skal levere søknaden på ein svensk eller dansk ambassade, må du fylle ut søknadsskjemaet på papir og levere det inn til ambassaden.
Skjemaet finn du her. Du skal nytte det same skjemaet viss du søkjer om å fornye eit løyve.
Kva må du leggje ved søknaden?
Anten du søkjer på nett eller papir, må du levere pass og anna nødvendig dokumentasjon.
- Viss du søkjer på nettet, tingar du samstundes time for å levere dokumenta dine hos politiet eller ein norsk ambassade/konsulat. Da slepp du å stå i kø.
- Viss du søkjer på papir tek du kontakt med ambassaden for å få vite når du kan levere dokumenta og søknadsskjemaet.
Vi byrjar ikkje med å handsame søknaden din før du har levert pass og anna nødvendig dokumentasjon.
I tillegg til utfylt søknadsskjema (på nett eller papir) må du leggje fram:
- dokumentasjon på utdanning som inneheld opplysningar om kor lenge utdanninga har vart, innhaldet i utdanninga og nivået på utdanningsinstitusjonen
- dokumentasjon på yrkeserfaring som inneheld detaljerte opplysningar frå tidlegare arbeidsgivarar om kor lenge arbeidsforholdet varte, arbeidsoppgåvene dine og kva slags verksemd det var
- CV
- dokumentasjon på at du har nok middel til opphaldet
- dokumentasjon på reise- eller sjukeforsikring
- opplysningar om kvar du skal bu, til dømes dokumentasjon på at du har tinga hotell. Viss du skal vere i Noreg utover det tidsrommet du har tinga hotell for, må du leggje ved ei forklaring på kvar du skal bu etter at hotellopphaldet er avslutta. Eller, viss du har familie eller vener i Noreg kan du leggje ved ei skriftleg stadfesting frå dei på at du kan bu hos dei medan du er i Noreg.
- kopi av pass
- passfoto/bilete som tilfredsstiller visse krav
- du må betale eit gebyr
Som hovudregel er det nok at du legg ved kopi av dokumenta saman med søknaden, men det er då ein føresetnad at du viser fram originaldokumentet når du leverer søknaden. Saman med søknaden skal du også leggje ved ei omsetjing av dokumenta til norsk eller engelsk.
NB! Krav til dokumentasjon varierer frå land til land og kan endre seg over tid. Du bør derfor undersøkje nærmare kva for krav som blir stilte ved norsk ambassade eller konsulat i landet du søkjer frå.
Kor lang tid tek det å handsame søknaden?
Sjå oversikta over forventa sakshandsamingstid i UDI på www.udi.no/saksbehandlingstider.
Innhaldet av løyvet
- Opphaldsløyvet gjeld for å søkje om arbeid som faglært i Noreg, men det gir ikkje høve til å arbeide.
- Løyvet kan bli gitt for seks månader.
- Løyvet gir rett til fleire innreiser til Noreg så lenge løyvet gjeld.
- Løyvet dannar ikkje grunnlag for permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve).
- Løyvet gir ikkje grunnlag for familieinnvandring.
Kan løyvet fornyast?
Løyvet kan ikkje fornyast, heller ikkje om løyvet er gitt for kortare tid enn seks månader. Nytt løyve som arbeidssøkjar kan ikkje bli gitt før etter eitt års opphald utanfor Noreg.
Du kan klage på eit avslag
Du kan klage på vedtaket. Les om korleis du klagar på www.udi.no/klage.
Meir informasjon
Meir informasjon får du ved å kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat eller Opplysningstenesta i UDI.
Les meir om opphaldsløyve som arbeidssøkar på nettportalen UDIregelverk.