Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Faglært

På Bokmål
 
For å kunne få opphaldsløyve som faglært, må du ha faglærtkompetanse som er relevant for jobben du skal gjere i Noreg.


Kven kan få opphaldsløyve som faglært?

Du må vere faglært

 
Omgrepet faglært omfattar desse kategoriane:
  • Fagutdanna tilsvarande nivået på vidaregåande skule. Du må ha avslutta ei fagutdanning for eit yrke. Fagutdanninga må minimum svare til nivået på vidaregåande skule, det vil seie minst tre år. Er utdanninga teken i utlandet, må ho ha gitt tilsvarande kompetanse som utdanninga i Noreg. Eksempel er fagutdanning som snikkar, røyrleggjar eller helsefagarbeidar.
  • Fagbrev. Er fagbrevet teke i utlandet, må det ha gitt tilsvarande kompetanse som fagbrevet i Noreg.
  • Utdanning frå høgskule eller universitet. Det må dreie seg om ei avslutta utdanning eller ein avslutta grad. Døme er sjukepleiar, ingeniør, bachelorgrad eller mastergrad.
  • Spesielle kvalifikasjonar. Du må ha opparbeidd deg kompetanse gjennom yrkeserfaring av ei viss lengd, eventuelt i kombinasjon med anna opplæring (kurs og liknande). Dersom det finst ei formell utdanning på området, må kompetansen din vere tilnærma lik nivået på slik utdanning. Vi gjer merksam på at det i utgangspunktet skal mykje til for at det blir gitt faglærtløyve på bakgrunn av spesielle kvalifikasjonar, og at det blir stilt krav til grundig dokumentasjon. 

Viss du skal vere idrettsutøvar som sjølv skal delta i idrett på høgt nivå, eller skal vere trenar for idrett på høgt nivå, skal klubben din (arbeidsgjevaren din) gi eit fråsegn om kompetansen din og det nivået du skal delta på.

Skjerpa kompetansekrav

 
For religiøse leiarar/lærarar og nasjonalitetskokkar gjeld det eit skjerpa kompetansekrav. Religiøse leiarar/lærarar må som hovudregel ha mastergrad eller utdanning på masternivå.
 

Relevans


Kompetansen din må reknast som relevant for stillinga. Dette inneber at stillinga du er tilbydd, må vere av ein slik art at ho krev kompetanse som faglært. Du må også ha nettopp denne kompetansen.

 

Krav om godkjenning eller autorisasjon for regulerte yrke

Dersom du skal arbeide i eit yrke der det er kvalifikasjonskrav (eit regulert yrke), må du ha godkjenning eller autorisasjon frå den relevante fagstyresmakta for yrket ditt. For eksempel må helsepersonell leggje ved autorisasjon eller lisens frå Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK).
 
 

Tilleggsvilkår – arbeid via ei bemanningsbedrift

 
Dersom du skal arbeide som faglært via ei bemanningsbedrift, må du leggje fram ei liste over dei oppdraga arbeidsgjevaren allereie har tenkt at du skal gjere. Vidare må bemanningsbedrifta opplyse om at du skal få løn i samsvar med kompetansen din òg i periodar kor arbeidsgiveren eventuelt ikkje har oppdrag til deg. Bemanningsbedrifta må vere registrert i registeret til Arbeidstilsynet, sjå www.arbeidstilsynet.no

Kva for krav gjeld for arbeidsforholdet? 

  • Du må ha eit konkret tilbod om arbeid for ein arbeidsgjevar i Noreg. Det må stå i arbeidstilbodet kva for stilling du kjem til å ha, lønn per time og kor mange timar per veke du skal jobbe. Det må også spesifiserast kor lenge arbeidstilbodet varer.
  • Du må som hovudregel ha eit tilbod om heiltidsarbeid for éin arbeidsgivar. 
  • Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som går fram av gjeldande tariffavtale eller regulativ for bransjen. Dersom det ikkje ligg føre slik tariffavtale eller regulativ, skal lønns- og arbeidsvilkåra ikkje vere dårlegare enn det som er normalt for det aktuelle yrket på den aktuelle staden.
  • Dersom stillinga krev akademisk utdanning og ikkje er omfatta av tariffavtale eller regulativ, skal du lønnast på nivå med den statlege tariffavtalen, med mindre det blir dokumentert at noko anna er normalt for det aktuelle yrket på den staden. Dette inneber at du skal lønnast i minst lønnstrinn 47 i statens huvedlønnstabell, for tida kr 396 900 per år, om du har høgare akademisk utdanning, for eksempel mastergrad. Ved lågare akademisk utdanning, for eksempel bachelorgrad, skal du lønnast i minst lønnstrinn 42, for tida kr 368 000 per år.
  • Du kan unntaksvis få opphaldsløyve sjølv om tilbodet om arbeid ikkje er samanhengande. Det avheng av ei konkret og individuell vurdering om vi i slike tilfelle kan gi løyve. I vurderinga har det betydning om arbeidstilbodet ditt ikkje er samanhengande fordi du også har eit arbeidsforhold i eit anna land, eller er omfatta av ei rotasjonsordning i eit internasjonalt selskap. Det har også betydning om du skal opphalde deg i Norge i minst halvparten av tida du søkjer om opphaldsløyve for.

Korleis søkjer du?

Sjekk kor du skal levere søknaden din

  • Viss du er i utlandet kan du levere søknaden på ein ambassade eller eit konsulat i heimlandet ditt eller i det landet du har hatt opphaldsløyve dei siste seks månadene. I noen land er det svenske eller danske ambassadar som tek i mot søknaden din. Sjekk kor du skal levere søknaden.
  • Viss du er i Noreg kan du levere søknaden her viss du har hatt ein annan type løyve dei siste ni månadene. Du kan og søkje frå Noreg viss du har kompetanse som faglært. Les om innreisevisum for faglærte. Du må opphalde deg lovleg i Noreg, og du kan ikkje vere asylsøkjar  Les meir om kven som kan søkje frå Noreg

Finn ut om du må søkje på nett


Du skal registrere søknaden din på nett viss du søker frå Noreg eller via ein norsk ambassade. Du kan ikkje registrere søknaden på nettet viss det er ein svensk eller dansk ambassade som tek imot søknaden din.

Registrer søknaden på nett:

 
Viss du skal levere søknaden på ein svensk eller dansk ambassade, må du fylle ut søknadsskjemaet på papir og levere det inn til ambassaden. Skjemaet finn du her. Du skal nytte det same skjemaet viss du søkjer om å fornye eit løyve.

Kva må du leggje ved søknaden?

Anten du søkjer på nett eller papir, må du levere pass og anna nødvendig dokumentasjon.
  • Viss du søkjer på nettet, tingar du samstundes time for å levere dokumenta dine hos politiet eller ein norsk ambassade/konsulat. Da slepp du å stå i kø. 
  • Viss du søkjer på papir tek du kontakt med ambassaden for å få vite når du kan levere dokumenta og søknadsskjemaet.

Vi byrjar ikkje med å handsame søknaden din før du har levert pass og anna nødvendig dokumentasjon.

I tillegg til utfylt søknadsskjema (på nett eller papir) må du leggje fram:

  • kopi av pass
  • passfoto/bilete som tilfredsstiller visse krav 
  • arbeidstilbodsskjema, (de må nytte dette skjema) underteikna av deg og arbeidsgjevaren din. Når du søkjer om fornying, må du fylle ut arbeidstilbodsskjema på ny med underskrift frå deg og arbeidsgjevaren din.
  • dersom tilbodet om arbeid ikkje er samanhengande, opplysningar frå arbeidsgivaren din om grunnen til dette. Dette gjeld både når du søkjer om førstegongs opphaldsløyve og fornya opphaldsløyve.
  • utskrift om arbeidsgivaren din frå nettsida til Einingsregisteret   
  • dokumentasjon på utdanning som inneheld opplysningar om kor lang utdanninga er, innhaldet i utdanninga og nivået på utdanningsinstitusjonen – dokumentasjon på fagbrev må innehalde tilsvarande opplysningar
  • dokumentasjon på yrkeserfaring som inneheld detaljerte opplysningar frå tidlegare arbeidsgivarar om kor lenge arbeidsforholdet varte, arbeidsoppgåver og verksemdstype 
  • CV
  • for idrettsutøvar eller trenar, utsegn frå klubben din (arbeidsgiveren din) om kompetansen din og det nivået du skal delta på
  • for regulerte yrke: godkjenning eller autorisasjon frå relevant fagstyresmakt
  • dersom arbeidsgjevaren din er ei bemanningsbedrift, dokumentasjon som nemnt under Tilleggsvilkår – arbeid via ei bemanningsbedrift
  • opplysningar om kvar du skal bu 
  • dersom arbeidsgivaren søkjer på dine vegner, må det også leggjast ved eit fullmaktsskjema. Fullmakt er ikkje nødvendig dersom arbeidsgivaren er omfatta av ordninga med tidleg arbeidsstart. Du må likevel leggje fram skriftleg fullmakt dersom arbeidsgivaren din skal representere deg etter at søknaden er levert, til dømes for å få rett til innsyn i saka.
  • ved søknad om fornying, dei tre siste lønnsslippane dine
  • du må betale eit gebyr

Søknaden din vil normalt bli avslått dersom den manglar dokumentasjon eller viktige opplysningar.

Som hovudregel er det nok at du legg ved ein kopi av dokumenta saman med søknaden, men du skal kunne vise fram originaldokumentet. Saman med søknaden skal du òg leggje ved ei omsetjing av dokumenta til norsk eller engelsk.

Krav til dokumentasjon varierer frå land til land og kan endre seg over tid. Du bør derfor undersøkje nærmare kva krav som blir stilte ved den norske utanriksstasjonen (ambassade eller konsulat) i landet du søkjer frå.

Arbeidsgivaren din kan søkje for deg

Arbeidsgivaren din kan søke om opphaldsløyve for deg dersom du gir arbeidsgivaren skriftleg fullmakt. Dette kan du gjere anten ved å fylle ut punktet om fullmakt i søknadsskjemaet, eller ved å gi arbeidsgivaren din ei anna skriftleg fullmakt. Dersom arbeidsgivaren din søkjer på vegner av deg, skal søknaden leverast i politidistriktet der bedrifta ligg.

Arbeidsgivaren kan ikkje søkje for deg utan skriftleg fullmakt.  

Dersom arbeidsgivaren din er omfatta av ordninga med tidleg arbeidsstart, kan arbeidsgivaren likevel søkje om opphaldsløyve for deg utan skriftleg fullmakt. Ein må likevel leggje fram skriftleg fullmakt dersom arbeidsgivaren din skal representere deg etter at søknaden er levert, til dømes for å få rett til innsyn i saka.

Ordninga med tidleg arbeidsstart

Ordninga med tidleg arbeidsstart inneber at arbeidsgivarar som oppfyller visse kriterium, kan rekruttere arbeidskraft direkte og la arbeidstakarane byrje å arbeide før søknaden er handsama. Ordninga gjeld for faglærte, som er definerte etter kompetanse. Det er arbeidsgivarens ansvar at arbeidstakaren fyller vilkåra for løyve som faglært. Ordninga gjeld òg for utsende arbeidstakarar som er tilsett i eit internasjonalt selskap, og praktikantar som er tilsette i eit internasjonalt selskap.

For å kunne nytte denne ordninga må arbeidsgivaren din kunne leggje fram ein skatteattest for meirverdiavgift og skatt og ei eigenerklæring om å overhalde lovfesta krav til helse, miljø og tryggleik (HMS). Eigenerklæringa om HMS må være i samsvar med vedlegg 2 til forskrift om offentlege anskaffingar.

Arbeidsgivaren din kan søkje opphaldsløyve for deg utan fullmakt. Dersom arbeidsgivaren leverer ein komplett søknad, det vil seie med alle nødvendige vedlegg, og skatteattest og eigenerklæring som nemnt ovanfor, kan politiet utferde ei førebels stadfesting på at du kan byrje å arbeide før søknaden er handsama.

Ein norsk ambassade eller eit norsk konsulat kan gi deg innreisevisum når det er nødvendig, under den føresetnad at politiet har utferda ei førebels stadfesting til arbeidsgivaren din og du kan dokumentere identiteten din.  Andre lands ambassadar kan ikkje gi denne typen innreisevisum. Viss du bur i eit land der svenske eller danske styresmakter representerer norsk styresmakter, må du kontakte ein norsk ambassade i eit land der svensek eller danske ambassadar ikkje representerer norske styresmakter.Sjå liste over ambassadar og konsulat som tek imot søknader.

Seinast sju dagar etter innreise i Noreg må du møte opp ved politidistriktet som søknaden blei levert til. Der må du dokumentere identiteten din og stadfeste søknaden som blei innlevert av arbeidsgivaren. Politiet vil då utferde ei stadfesting til deg på at du har lov til å arbeide for den aktuelle arbeidsgivaren inntil søknaden er handsama. Du kan byrje å arbeide med ein gong du får denne stadfestinga.

Dersom du ikkje treng visum for å reise inn i Noreg eller du allereie har lovleg opphald i Noreg, kan du sjølv levere søknaden til politiet. Det er ein føresetnad at du har faglært kompetanse og ikkje er asylsøkjar. Dersom søknaden er komplett og arbeidsgivaren din oppfyller vilkåra, kan politiet gi deg ei stadfesting på at du har lov til å arbeide for den aktuelle arbeidsgivaren inntil søknaden er handsama. Du kan byrje å arbeide med ein gong du får denne stadfestinga.

Du har ikkje høve til å byte arbeidsgivar så lenge søknaden er under handsaming.

Politiet kan nekte å utferde førebels stadfesting til arbeidsgivaren eller stadfesting til deg dersom nokon av vilkåra ikkje er oppfylte. Du har ikkje klagerett.

Personar som søkjer opphaldsløyve som religiøs leiar eller nasjonalitetskokk, er ikkje omfatta av ordninga med tidleg arbeidsstart.

Skifte av arbeid eller arbeidsgivar

Opphaldsløyvet som faglært er knytt til ein viss type arbeid. Det inneber at så lenge løyvet er gyldig, kan du byte arbeidsgivar utan å måtte fremme ny søknad, under den føresetnad at du skal utføre same type arbeid som løyvet gjeld for.

Dersom du skal utføre ein ny type arbeid, må du levere ein ny søknad om opphaldsløyve. Du kan ikkje starte med ein ny type arbeid før nytt løyve eventuelt er gitt.

Tilsett i eit internasjonalt selskap og borgar av eit WTO-land
Opphaldsløyvet som faglært gjeld eit bestemt arbeid for ein bestemt arbeidsgivar dersom du er tilsett i eit internasjonalt selskap og borgar av eit land som er medlem i World Trade Organisation (WTO). Dersom du skal bytte stilling eller arbeidsgiver, må du levere ein ny søknad om opphaldsløyve. Du kan ikkje bytte stilling eller arbeidsgivar før nytt løyve eventuelt er gitt. 

Kan familien din flytte til Noreg?

Familien din kan søkje om opphaldsløyve i Noreg for den perioden du skal jobbe her. Slike søknader blir handsama etter regelverket om familieinnvandring.
Arbeidsgivaren din kan søkje på vegne av ektefellen/sambuaren din og barna dine under 18 år, dersom dei gir arbeidsgivaren din skriftleg fullmakt. Dette kan dei gjere enten ved å fylle ut punktet om fullmakt i søknadsskjemaet, eller ved å gi arbeidsgivaren din ei annan skriftleg fullmakt. Dersom arbeidsgivaren søkjer på vegne av ektefellen/sambuaren din eller barna dine under 18 år, skal søknaden leverast i politidistriktet der bedriften ligg eller ved eit servicesenter for utanlandske arbeidstakarar.

Arbeidsgivaren din kan ikkje søkje på vegne av andre familiemedlemmer.

Kor lang tid tek det å handsame søknaden?

Sjå oversikta over venta sakshandsamingstid i UDI på www.udi.no/saksbehandlingstider.

Når ein har rett til å søkje frå Noreg og søkjer ved eit servicesenter for utanlandske arbeidstakerar, er målet vårt å igodkjenne søknaden i løpet av kort tid, føresett at han er korrekt utfylt, inneheld all naudsynt dokumentasjon og oppfyller lovfeste krav. Dersom søknaden ikkje oppfyller desse krava, vil sakshandsamningstida bli lengjer.

Opphaldskort som viser at du har løyve

Viss du får opphaldsløyve må du skaffe seg eit opphaldskort. Dette er eit bevis på at du har rett til å bu i Noreg.Du vil få melding om å møte opp hos politiet for å gi fingeravtrykk og bli fotografert. Ca. 10 dagar seinare vil opphaldskortet bli sendt til deg i posten.

Les meir om opphaldskort

Innhaldet av løyvet

  • Eit opphaldsløyve som faglært gjeld ein viss type arbeid. Du kan derfor ikkje byrje å jobbe i annan type stilling enn det som står i løyvet.
  • Er du tilsett i eit internasjonalt selskap og borgar av eit WTO-land, gjeld eit opphaldsløyve som faglært eit bestemt arbeid for ein bestemt arbeidsgivar. Du kan derfor ikkje begynne å arbeide i ei anna stilling eller for ein annan arbeidsgivar enn det som står i løyvet
  • Løyve etter føresegnene om faglært kan bli gitt for inntil tre år, men ikkje lenger enn arbeidsforholdet varer. 
  • Løyvet gir deg rett til å reise inn og ut av Noreg så lenge det er gyldig.
  • Løyvet dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve i Noreg.

Du kan klage på eit avslag

Du kan klage på vedtaket. Les meir om korleis du klagar på eit vedtak på www.udi.no/klage.

Kan løyvet fornyast?

Løyvet kan fornyast.

For å ha rett til opphald på same vilkår, må du søkje om fornying av opphaldsløyvet og betale eit gebyr seinast ein månad før det tidlegare løyvet går ut.

Søknad om fornying registrerer du på Søknad på nett. Der betalar du og gebyret og bestiller ei timeavtale for å levere dei nødvendige dokumenta til politiet der du bur.

Les meir om fornying av opphaldsløyve

Arbeidsløyse og arbeidssøkjarperiode

Dersom arbeidsforholdet ditt tek slutt, kan du som har opphaldsløyve som faglært, opphalde deg i Noreg for å søkje om arbeid i inntil seks månader etter at arbeidsforholdet er slutt. Dette gjeld berre dersom løyvet ditt ikkje går ut.

Seinast sju dagar etter at arbeidsforholdet tek slutt, må du gi melding til politiet der du bur.
 
Byrjar du i eit nytt arbeidsforhold, må du gi politiet melding innan sju dagar. Du kan ikkje arbeide i annan type stilling enn det som står i løyvet.
 


Sist oppdatert 24.05.2013
Publisert 09.07.2010

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C