Mange treng visum for å kunne reise inn i Noreg. Ei oversikt over kven dette gjeld, finn du på sida Kven treng visum?. Eit visum gjeld for inntil 90 dagar. Korleis du går fram for å søkje om besøksvisum, er forklart på sida Korleis søkjer eg om visum?.
Dersom du ønskjer å opphalde deg i Noreg i meir enn tre månader, må du søkje om opphaldsløyve. Informasjon om korleis du søkjer, finn du på sida om arbeid og opphald.
I ein del tilfelle kan du få løyve for å bu fast saman med familien din i Noreg. Les meir om det på sida om familieinnvandring.
Dersom du skal vitje dine eigne barn som er busette i Noreg, kan du i visse tilfelle søkje om eit opphaldsløyve som gjeld i inntil ni månader. Les meir om kva krav som blir stilte for å få godkjent eit slikt opphaldsløyve på sida om foreldretillatelse.
Dersom du ønskjer å gifte deg med ein kjærast som bur i Noreg, kan du lese meir om vilkåra for dette på sida om trulovaløyve.
Som EU/EØS/EFTA-borgar kan du òg få opphaldsrett i Noreg etter EØS-regelverket.
Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.
Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C