Som familiemedlem av ein EØS-borgar er opphaldsretten din i Noreg knytt til opphaldsretten til EØS-borgaren (referansepersonen). Skal du som ikkje er EØS-borgar sjølv, opphalde deg i Noreg i meir enn tre månader, må du søkje om opphaldskort.
Bokmål
Opphaldskort er eit dokument (eit A4-ark) som viser at du har rett til å opphalde deg i Noreg. Dette får du når du får svar på søknaden din. I løpet av mai 2012 vil UDI innføre eit mindre og meir praktisk plastkort som du kan bruke til å dokumentere opphaldsretten i Noreg og retten til å besøke andre EØS-land.
Kvar kan du søkje?
I løpet av februar 2011 vil alle kunne registrere ein søknad om familieinnvandring på nettet. Mange søkjarar kan registrere søknaden sin på nettet allereie no. Når du registrerer søknaden på nett slepp du å stå i kø, og kan bestille ein timeavtale hjå politiet eller norsk ambassaden/konsulat. Først når du har levert pass og naudsynt dokumentasjon, er søknaden formelt motteken, og vi vil starte handsaminga. (Kontaktpersonar i Noreg kan også registrere søknaden for deg, men det er du som vil være ansvarlig, og det er du som må levere inn dokumentasjonen.)
Søkjarar som enno ikkje kan registrere søknaden på nettet, må fylle ut eit søknadsskjema og levere dette personleg ved næraste politidistrikt eller norsk ambassade/konsulat. Du må levere søknaden ved den norske ambassaden eller konsulatet i heimlandet ditt eller i eit land der du har hatt opphaldsløyve dei siste seks månadene. Svaret på søknaden får du frå ambassaden eller konsulatet, eller eventuelt frå ein person du har gitt fullmakt til å søkje på dine vegne. Dersom du er visumpliktig, må du ha fått visum før du reiser inn i Noreg.
Kva må du leggje ved søknaden?
- søknadsskjema
- kopi av gyldig pass
- dokumentasjon på familieforholdet (for eksempel fødselsattest for barn, vigselattest for ektefelle, dokumentasjon på inngått partnarskap, utskrift frå folkeregister, felles husleigekontrakt/kjøpekontrakt, felles lån eller liknande for sambuarar, dokumentasjon på at de som sambuarar har eller ventar barn saman osv.)
- dokumentasjon på at personen du søkjer familiesameining med, har opphaldsrett etter EØS-regelverket - registreringsbevis. (Nordiske borgarar treng ikkje å registrere seg. I familiesameining med ein nordisk borgar må du dokumentere at den nordiske borgaren oppfyller eit opphaldsgrunnlag i Noreg, for eksempel ved hjelp av ein arbeidskontrakt og lønnslippar)
- dokumentasjon på at du er forsørgd, dersom du er
- barn eller barnebarn over 21 år
- forelder eller besteforelder av referansepersonen eller av ektefelle/partner eller sambuar til referansepersonen
- andre familiemedlemmer som ikkje har annan familie i heimlandet, og som er ein del av hushaldet til EØS-borgaren og er forsørgde av denne, eller som har alvorlege helseproblem og berre kan få pleie og omsorg av referansepersonen
Du må vise dei ovannemnde dokumenta i original når du leverer inn søknaden.
Tilleggsdokumentasjon som blir kravd i nokre type saker:
Dersom personen du søkjer familieinnvandring med, er her som student eller har opphaldsrett på grunn av tilstrekkelege midlar (eigne midlar eller faste periodiske ytingar), må du leggje ved søknaden ei erklæring frå referansepersonen på at vedkommande skal finansiere opphaldet ditt i Noreg. Personen som bur i Noreg, må òg ha sjukeforsikring (for eksempel Europeisk helsetrygdekort).
Dersom du som søkjer om opphaldskort, er barn, og berre éin av foreldra dine skal bu i Noreg, må du leggje ved samtykke frå den andre forelderen. Gjer du ikkje det, må du leggje fram anten ei rettsavgjerd eller ein fødselsattest som viser at forelderen i Noreg har åleineansvaret for deg.
Vi gjør også oppmerksam på at i saker som gjeld familieinnvandring med EØS – borgar, kan utlendingsforvaltninga hente inn opplysningar frå NAV om referansepersonen. Dette gjeld opplysningar om referansepersonen har motteke økonomisk stønad etter sosialtenestelova.
Kva for familiemedlemmer har rett til opphald?
- Ektefelle/partnar. Det blir ikkje stilt krav til økonomisk forsørging og bustad.
- Sambuar. De må begge vere over 18 år, ha budd saman i eit fast og etablert sambuarforhold i minst to år og skulle halde fram med å bu saman i Noreg. Ingen av dykk kan vere gifte med andre. Det blir ikkje stilt krav til økonomisk forsørging og bustad.
- Sambuar som har eller ventar barn saman med personen i Noreg, sjølv om de ikkje har budd saman i to år.
- Barn, barnebarn osv. under 21 år. Det blir ikkje stilt krav til økonomisk forsørging og bustad.
- Barn, barnebarn osv. over 21 år når dei blir forsørgde av dykk.
- Foreldre, besteforeldre osv. når dei blir forsørgde av dykk. Personen i Noreg kan ikkje vere student.
- Trulova som skal gifte seg i Noreg med ein EØS-borgar med opphaldsrett. Den trulova si opphaldsrett gjeld kun for 6 månader og det må vere truleg at de vil inngå ekteskap i denne perioden.
UDI kan òg gi opphaldskort til andre familiemedlemmer som blir forsørgde av personen som bur i Noreg, eller som høyrer til hans eller hennar husstand i heimlandet. Dette må dokumenterast.
Kva slags løyve må referansepersonen du søkjer familieinnvandring med, ha?
1) Personen bur i Noreg, er EØS-borgar
Dersom du søkjer om familieinnvandring med ein EØS-borgar som har opphaldsrett eller registreringsbevis i Noreg, kan du få opphaldskort etter EØS-regelverket sjølv om du ikkje er EØS-borgar sjølv.
2) Personen som bur i Noreg, er norsk borgar eller EØS-borgar som har løyve etter det generelle regelverket
Dersom du søkjer om familieinnvandring med ein norsk borgar eller med ein EØS-borgar som har løyve etter det generelle regelverket, må du i utgangspunktet søkje om familieinnvandring etter det generelle regelverket.
Unntak
I visse tilfelle vil du som familiemedlem til ein norsk borgar likevel kunne falle inn under EØS-regelverket. Dette gjeld berre dersom den norske borgaren har
- etablert familielivet saman med deg i eit anna EU/EØS/EFTA-land,
- utøvd retten til å ferdast fritt (vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, hatt tilstrekkelege midlar eller vore student) der, og
- flytta tilbake til Noreg saman med deg
Då vil du som familiemedlem kunne velje kva for regelverk du ønskjer å søkje etter.
3) Personen i Noreg er nordisk borgar
Nordiske borgarar treng ikkje registrere seg for å opphalde seg i Noreg. Dersom du ønskjer å komme til Noreg for å bu her saman med eit familiemedlem som er nordisk borgar, kan du
Det er eit krav at den nordiske borgaren bor i Noreg og utøver retten til fri bevegelse (er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteyter, har tilstrekkelege middel eller er student) og kan dokumentere dette.
Dersom du som familiemedlem oppfyller vilkåra for opphaldsrett etter EØS-regelverket, kan du reise inn i Noreg og søkje om opphaldskort herfrå. Er du visumpliktig, skal du få visum.
Innhald og tidslengd
Opphaldskortet vil normalt gjelde for fem år, med mindre personen du søkjer familieinnvandring med, har ein opphaldsrett som varer kortare enn det. På opphaldskortet vil det stå kor lenge du kan opphalde deg lovleg i Noreg. Husk at opphaldsretten bare gjeld så lenge vilkåra er oppfylte. Det er derfor ein føresetnad at familierelasjonen består for at du skal behalda opphaldsretten.
Opphaldskortet gir deg i utgangspunktet rett til å arbeide og drive næringsverksemd i heile Noreg, om det ikkje står noko anna i vedtaket. Etter norsk lov må du vere over 15 år for å ta arbeid.
Dokumentasjon ved reiser utanfor Noreg
Viss du har norsk opphaldskort og skal reise på ferie utanfor Noreg må du ha med deg opphaldskortet ditt. Dette er eit dokument (eit A4-ark) som du fekk da du søkte om opphaldsrett i Norge.
I løpet av mai 2012 vil UDI innføre eit mindre, meir praktisk, plastkort som du kan bruke til å dokumentere opphaldsretten i Noreg og retten til å besøke andre EØS-land når du er ute på reise
Vitjing til EØS
- Viss du skal vitje eit anna EØS-land saman med familiemedlemmet ditt som er EØS-borgar, treng du ikkje visum. Det same gjeld viss det familiemedlemmet ditt som er EØS-borgar allereie er i det landet du ønskjer å reise til. For nærmare informasjon om innreise, kva for dokumentasjon du treng osv, ta gjerne kontakt på førehand med ambassaden til landet du skal vitje.
- Viss du skal reise aleine til eit anna EØS-land, må du søkje om Schengenvisum. Visumet får du gratis, og du vil i dei fleste tilfelle ha krav på å få visum. For informasjon om visum, ta kontakt med ambassaden til det landet du skal vitje.
Vitjing til land utenfor EØS
Viss du skal reise utanfor EU/EØS må du ta kontakt med ambassadane til landa du skal vitje for å få vite om du treng visum.
Varig opphaldsrett
Familiemedlemmer av EØS-borgarar som ikkje er EØS-borgarar sjølv, vil etter fem års samanhengande lovleg opphald i Noreg få varig opphaldsrett her. Les meir om korleis du får varig opphaldsrett.
Det kostar ingenting å søkje om opphaldskort etter EØS-regelverket.
Sakshandsamingstid
Sjå oversikta over venta sakshandsamingstid i UDI på www.udi.no/saksbehandlingstider.
Du kan ikkje klage på avgjerda
Du kan ikkje klage på avgjerda når du har søkt om opphaldskort, men du har høve til å søkje på nytt.
Meir informasjon
Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.