Dersom du har barn som bur i Noreg, kan du få eit opphaldsløyve som varer i inntil ni månader for å vitje dei.
Bokmål
Innhaldet av løyvet
Med dette løyvet kan du som forelder i inntil ni månader vitje barnet ditt som er busett i Noreg. Løyvet gir deg ikkje rett til å arbeide i Noreg, og du må reise tilbake til heimlandet ditt når opphaldsløyvet går ut. Du kan reise ut og inn av Noreg så lenge løyvet varer.
Løyvet kan ikkje fornyast, men etter at du har opphalde deg utanfor Noreg i minst eitt år, kan du få eit nytt nimånadersløyve. Dersom du i mellomtida har vore på vitjing i Noreg (for eksempel på visumbesøk), blir eittårsperioden forlengd med like lang tid som dette besøket varte.
Krav til barnet som bur i Noreg
Barnet ditt som bur i Noreg, må vere norsk eller nordisk borger, ha permanent oppholdstillatelse (bosettingstillatelse), eller ha eit opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Løyvet er ikkje avhengig av barnets alder, så du kan få foreldreløyve for å vitje barn som er både over og under 18 år.
Slik søkjer du
Sjekk kor du skal søke fra
- Viss du er i utlandet kan du levere søknaden på ein ambassade eller eit konsulat. I noen land er det svenske eller danske ambassadar som tek i mot søknaden din. Sjekk kor du skal levere søknaden.
- Du kan òg søkje frå Noreg dersom du har lovleg opphald her. Du kan ikkje søkje frå Noreg dersom du oppheld deg her som asylsøkjar, eller ventar på utreise etter å ha fått avslag på ein asylsøknad. Dersom du søkjer etter at du har komme til Noreg, blir dei ni månadene rekna frå den datoen du reiste inn i Schengen-området.
Finn ut om du må søkje på nett
Du skal registrere søknaden din på nett viss du søker frå Noreg eller via ein norsk ambassade. Du kan ikkje registrere søknaden på nettet viss det er ein svensk eller dansk ambassade som tek imot søknaden din.
Viss du skal levere søknaden på ein svensk eller dansk ambassade, må du fylle ut søknadsskjemaet på papir og levere det inn til ambassaden.
Skjemaet finn du her. Du skal nytte det same skjemaet viss du søkjer om å fornye eit løyve.
Kva må du leggje ved søknaden?
Anten du søkjer på nett eller papir, må du levere pass og anna nødvendig dokumentasjon.
- Viss du søkjer på nettet, tingar du samstundes time for å levere dokumenta dine hos politiet eller ein norsk ambassade/konsulat. Da slepp du å stå i kø.
- Viss du søkjer på papir tek du kontakt med ambassaden for å få vite når du kan levere dokumenta og søknadsskjemaet.
Sjå lista over dokumentasjon du må leggje ved søknaden.
Sakshandsamingstid
Sjå oversikta over venta sakshandsamingstid i UDI på www.udi.no/saksbehandlingstider. For at sakshandsamingstida skal bli så kort som mogleg, er det viktig at du er nøye når du fyller ut søknadsskjemaet, og at du legg ved all dokumentasjon.
Meir informasjon
Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstjenesta i UDI.