Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Trulovaløyve (opphaldsløyve i seks månader for å gifte seg i Noreg)

Dersom du ønsker å reise til Noreg for å gifte deg her, kan du søkje om opphaldsløyve for å inngå ekteskap (trulovaløyve).

Innhaldet av løyvet

Formålet med dette løyvet er å reise til Noreg for å inngå ekteskap her. Løyvet varer i seks månader. Du må bu saman med den du er trulova med i Noreg i denne perioden. Dersom du ikkje inngår ekteskap på desse seks månadene, må du reise frå Noreg.

Etter at de er gifte, må du søkje om familieinnvandring med ektefellen din for å kunne bli buande i Noreg. Du må søkje om familieinnvandring før trulovaløyvet går ut, og kan opphalde deg i Noreg mens vi handsamar søknaden din

Du kan reise ut og inn av Noreg så lenge trulovaløyvet varer, og du kan også arbeide her. Les meir om familieinnvandringsløyvet på www.udi.no/familieinnvandring.

Du har ikkje rett på gratis norskundervisning medan du er i Noreg på trulovaløyve. Du kan lese meir om rett og plikt til norskopplæring på nettsidene til Integrings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Kven kan søkje?

Du kan søkje om trulovaløyve dersom personen du skal inngå ekteskap med, er norsk statsborgar eller bur i Noreg med permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) eller eit opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve.

Dersom du har barn, kan du ikkje søkje om å ta dei med deg samtidig. Eit trulovaløyve gir ikkje grunnlag for familieinnvandring med deg når du er i Noreg på slikt løyve.

Dersom du skal gifte deg med ein EØS-borgar med opphaldsrett i Noreg, kan du søkje om trulovaløyve. Trulovarans opphaldsrett gjeld kun for seks månader og det må være sannsynleg at ekteskap vil bli inngått i denne perioden. Dersom du er EØS-borgar sjølv, kan du likevel opphalde deg i Noreg utan løyve i inntil tre månader, eller i inntil seks månader dersom du søkjer arbeid. Du kan gifte deg i løpet av eit slikt opphald i Noreg.

Formålet med trulovaløyvet er å reise til Noreg for å inngå ekteskap her i løpet av perioda løyvet varer. Før du kan gifte deg i Noreg, skal folkeregisteret (Skatteetaten) prøve ekteskapsvilkåra og skrive ut ein prøvingsattest. Når du som utanlandsk borgar skal gifte deg i Noreg, vil folkeregisteret krevje at du legg fram dokumentasjon frå heimlandet ditt (ugifteattest) som mellom anna viser at du er ugift. Det er en føresetnad for å få trulovaløyvet at du kan leggje fram dokumentasjon frå heimlandet ditt som vil bli godkjend av folkeregisteret. Dersom du ikkje kan leggje fram slik dokumentasjon, kan du risikere å få avslag på søknaden om trulovaløyvet. Du eller den du skal gifte deg med kan ta kontakt med folkeregisteret for å undersøkje kva krav dei stiller til dokumentasjon frå heimlandet ditt for at du skal kunne inngå ekteskap i Noreg. Du kan lese meir om dokumentasjon for å inngå ekteskap på Skatteetatens nettsider

Slik søkjer du

I løpet av februar 2011 vil alle kunne registrere ein søknad om trulovaløyve på nettet. Mange søkjarar kan registrere søknaden sin på nettet allereie no. Når du registrerer søknaden på nett slepp du å stå i kø, og kan bestille ein timeavtale hjå politiet eller norsk ambassaden/konsulat. Først når du har levert pass og naudsynt dokumentasjon, er søknaden formelt motteken, og vi vil starte handsaminga. (Kontaktpersonar i Noreg kan også registrere søknaden for deg, men det er du som vil være ansvarlig, og det er du som må levere inn dokumentasjonen.)

Søkjarar som enno ikkje kan registrere søknaden på nettet, må fylle ut eit søknadsskjema og levere dette personleg ved næraste politidistrikt eller norsk ambassade/konsulat.  Du fyller ut skjemaet Søknad om arbeid og opphald. Som hovudregel skal du levere søknaden hos den norske ambassaden eller konsulatet i heimlandet ditt, eller i det landet du har hatt opphaldsløyve i dei siste seks månadene. I nokre land samarbeider Noreg med svenske og danske ambassadar og konsulat om å ta imot søknader om opphaldsløyve. Formålet med løyvet er at du skal reise til Noreg for å for å gifte deg her. Hvis du allereie er i Noreg, er du i utgangspunktet ikkje i målgruppa for eit slikt løyve. Les meir om løyve for ektefeller og sambuere 

Se lista for å finne riktig ambassade eller konsulat.

Ambassaden eller konsulatet vil sende søknaden din vidare til UDI, som handsamar saka. Du kan ikkje reise inn i Noreg før søknaden din er ferdig handsama.

Når du søkjer, må du også betale eit gebyr, som er lik gebyret du betaler når du søkjer om familieinnvandring for fyrste gang.

Kva må du leggje ved søknaden?

Kva papir du må leggje ved søknaden, avhenger av kva type løyve du søkjer om. Se lista over dokumentasjon som må liggje ved søknader om familieinnvandring.

Kravet til kva dokumentasjon du må leggje ved, kan variere frå land til land, og det kan endre seg over tid. Derfor bør du i tillegg undersøkje nærmare kva krav som gjeld ved den ambassaden eller konsulatet i landet du søkjer frå

Sakshandsamingstid

Sjå oversikta over venta sakshandsamingstid i UDI på www.udi.no/saksbehandlingstider. For at sakshandsamingstida skal bli så kort som mogleg, er det viktig at du er nøye når du fyller ut søknadsskjemaet, og at du legg ved all dokumentasjon.

Du kan klage på vedtaket

Les meir om korleis du klagar på et vedtak på www.udi.no/klage.
 

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.


Sist oppdatert 31.08.2010
Publisert 09.02.2007

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C