Personar som har, eller kan få, rett til permanent opphald i Noreg
Familiemedlemmen din kan søkje om familieinnvandring med deg dersom du som bur i Noreg (referansepersonen), er
Krav om forsørging
For at familiemedlemmen din skal kunne komme til Noreg, må du kunne forsørgje han eller henne økonomisk. Les meir om dette kravet (underhaldskravet).
Krav om arbeid eller utdanning
Dersom du som bur i Noreg, er innvandrar, og de har stifta familie etter at du kom hit, er det i utgangspunktet eit krav at du har jobba eller studert her i fire år før familien din kan søkje om familieinnvandring. Kravet til arbeid eller utdanning gjeld ikkje dersom du er norsk eller nordisk statsborgar.
Personar som har tidsavgrensa opphaldsløyve i Noreg
Familiemedlemmen din kan få familieinnvandringsløyve også dersom du berre skal vere i Noreg i ein kortare periode. Denne retten gjeld berre for ektefellar/sambuarar og barn. I tillegg må du ha fått eit tidsavgrensa løyve i Noreg og vere
- student på universitets- eller høgskolenivå
- forskar som finansierer eige opphald i Noreg
- tilsett i ein ideell, religiøs eller humanitær organisasjon
- utsend arbeidstakar som har tenesteoppdrag i minst seks månader
- sjølvstendig oppdragstakar med tenesteoppdrag som varer i minst seks månader
- medietilsett (for eksempel journalist)
- fredskorpsdeltakar
- praktikant i næringslivet (trainee)
- musikar, artist, kunstnar, kulturarbeidar eller hjelpeperson for ein slik
- omfatta av eit gruppearbeidsløyve, og ha fått individuelt løyve til arbeid i gruppa etter at du kom til Noreg
- tilsett på plattform (flyttbar innretning) på norsk kontinentalsokkel og dessutan ha løyve til å opphalde deg på norsk landterritorium
- offer for menneskehandel og ha fått opphaldsløyve i ein refleksjonsperiode (i dette tilfellet er det berre barn som kan komme til Noreg, ikkje ektefelle/sambuar)
Løyvet til familiemedlemmen er avhengig av ditt løyve
Opphaldsløyvet til familiemedlemmen din vil vere avhengig av kva slags løyve du som bur i Noreg, har. Hans eller hennar løyve vil aldri vare lenger enn ditt løyve, og det vil berre danne grunnlag for permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) dersom ditt løyve gjer det.
Meir informasjon
Dersom du har fleire spørsmål knytte til dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.