Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Kva for familiemedlemmer kan få familieinnvandringsløyve?

For å få familieinnvandring med ein person som bur i Noreg, må du vere i familie, eller planleggje å stifte familie, med han eller henne. Her finn du ei oversikt over kven som kan få slikt opphaldsløyve, og kva vilkår som må vere oppfylte.



Bokmål

Det å vere i familie med personen i Noreg er ikkje åleine nok til å få familieinnvandringsløyve. Det er òg stilt visse krav til personen du søkjer om familieinnvandring med. Les meir om dette på sida Krav til personen som bur i Noreg (referansepersonen).


Oversikt over kva krav som gjeld for ulike familiemedlemmer:

Ektefelle/partnar/sambuar

Dersom du er gift, registrert partnar eller sambuar med personen som bur i Noreg, har du rett til familieinnvandringsløyve dersom de elles oppfyller vilkåra.

Dersom de er ektefellar/partnarar, gjeld desse krava:

  • De er begge over 18 år og skal bu saman i Noreg.
  • Dersom ektefellen din har vore gift med ein annan person frå heimlandet ditt, og denne personen har fått familieinnvandringsløyve til Noreg, må de leggje fram dokumentasjon frå styresmaktene i heimlandet ditt på at dette ekteskapet er oppløyst.

Ekteskap inngått i utlandet:
Det viktig å merke seg at ekteskap inngått i utlandet utan vidare blir anerkjend i Noreg dersom ekteskapet er gyldig inngått i landet der vigselen skjedde.

Det er likevel noen unntak: Ekteskap inngått i utlandet vil ikkje bli anerkjent i Noreg viss ein eller begge partar er norsk statsborgar eller busett i Noreg når ekteskapet blir inngått og

  • ein av partane er mindreårig, altså under 18 år, når dei gifter seg
  • ekteskapet er inngått utan at begge partar var fysisk til stades under vigselen (telefonekteskap og stedfortrederekteskap)
  • ein av partane allereie er gift

I sjeldne og heilt spesielle tilfelle kan likevel eit ekteskap i ein av desse tre kategoriane bli anerkjend. Begge partar må i så fall søkje Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) om dette. Les meir om reglane i ekteskapslova på Barne, likestillings – og inkluderingsdepartementets nettsider.

Dersom de er sambuarar, gjeld desse krava:

  • De er begge over 18 år.
  • Ingen av dykk er gift med andre.
  • De har allereie budd saman i minst to år. (Sambuartid mens de er gifte med andre, blir ikkje godkjend.) Dersom de har budd saman i Noreg, må de ha hatt lovleg opphald i Noreg i tida de har budd saman. Dersom du har eller ventar barn saman med personen som bur i Noreg, gjeld ikkje kravet om to års sambuartid.
  • De skal halde fram med å bu saman i Noreg.

Trulova

Dersom du ønskjer å gifte deg med ein person som bur i Noreg, kan du søkje om opphaldsløyve for å komme hit og inngå ekteskap (trulovaløyve). Løyvet varer i seks månader, og du må gifte deg i den perioden løyvet gjeld for. Etter at de har gifta dykk, kan du søkje om familieinnvandring med ektefellen din.

Les mer om trulovaløyve

Barn som har foreldre i Noreg

Barn som har foreldre i Noreg, har rett til å komme hit og bu saman med dei dersom vilkåra elles er oppfylte.

Krav til foreldra

  • Begge foreldra bur i Noreg og har lovleg opphald her, eller
  • Den eine forelderen er busett i Noreg og har foreldreansvaret åleine, eller
  • Den eine forelderen er busett i Noreg, og den andre forelderen har samtykt til at barnet kan flytte til Noreg (dersom foreldreansvaret er delt)

Det er føreset at forelderen i Noreg har eit opphaldsløyve her som dannar grunnlag for familieinnvandring. Det betyr at dersom du for eksempel er i Noreg på ein trulovaløyve, kan ikkje barnet/barna dine søkje om familieinnvandring med deg.

Dersom det gjeld eit adoptivbarn, må Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet ha samtykt til adopsjonen før barnet reiser inn i Noreg.

Les mer om søknadsprosessen for barn på sida Barn som søkjer om familieinnvandring

Foreldre som har barn i Noreg

Dersom du har barn under 18 år i Noreg som du skal bu saman med, eller har samværsrett med, kan du søkje om familieinnvandringsløyve.

I denne lista kan du se i hvilke ulike situasjoner du som har barn i Noreg, kan få familieinnvandringstillatelse

  • Barnet ditt er overføringsflyktning eller har flyktningstatus i Noreg.
    Også sysken under 18 år kan søkje om familieinnvandring med barnet.
  • Barnet ditt har norsk statsborgarskap.
    Du må bu fast saman med barnet og ha foreldreansvar for det. Dersom du er gift eller sambuar med barnets andre forelder, skal du søkje om familieinnvandring med ektefellen eller sambuaren din og ikkje med barnet ditt.
  • Barnet ditt har norsk statsborgarskap og har budd i eit anna land der du har hatt samvær.
    Dersom barnet flyttar til Noreg for å bu saman med den andre forelderen, kan du få opphaldsløyve for å halde fram med samværet med barnet ditt her.
  • Du nyttar samværsretten med barnet ditt som bur i Noreg saman med den andre forelderen sin.
    Du må ha budd i Noreg med opphaldsløyve det siste året.

Vi kan avslå ein slik søknad dersom eit opphaldsløyve vil føre til at de som foreldre hamnar i eit bigamiforhold (dersom ein av dykk har fått ny ektefelle eller sambuar).

For informasjon om korleis du søkjer, sjå sida Korleis søkjer du om familieinnvandringsløyve? 

Foreldrebesøk

Dersom du har barn som bur i Noreg, kan du også få eit opphaldsløyve som varer i inntil ni månader for å besøke dei. Dette løyvet kan du få uansett kor gamle barna dine er.

Les meir om opphaldsløyvet for foreldrebesøk

Andre familiemedlemmer

Enkelte andre familiemedlemmer kan òg få godkjent eit familieinnvandringsløyve. Du kan søkje om familieinnvandring dersom du er

  • utlending og minst èin av dei biologiske foreldra dine var norsk borgar da du blei født
  • einsleg mor eller far over 60 år til ein person som bur i Noreg. Du kan ikkje ha ektefelle, sambuar, foreldre, barn, barnebarn eller oldebarn i heimlandet. Son din eller dotter di i Noreg må vere over 18 år.
  • barn mellom 18 og 21 år utan ektefelle eller sambuar, og du tidlegare har opphalde deg lenge i Noreg (med løyve)
  • barn over 18 år utan ektefelle eller sambuar som er eller blir igjen i heimlandet når resten av familien din får opphald i Noreg. Du må framleis skulle bu saman med foreldra dine, eller av medisinske grunnar vere heilt avhengig av personleg omsorg frå foreldra dine i Noreg.
  • fosterbarn under 18 år, dersom det blir lagt fram gyldig dokumentasjon på at du er og har vore ein del av husstanden til personen i Noreg. Foreldreansvaret må vere overført til fosterforeldra dine, og dei må ha det juridiske ansvaret for deg også etter lovgivinga i heimlandet ditt. Norske barnevernsstyresmakter må godkjenne fosterheimen.
  • • heilsysken under 18 år som ikkje har foreldre i live, og som heller ikkje har andre omsorgspersonar i heimlandet eller landet du oppheld deg i

Sterke menneskelege omsyn

Dersom du ikkje tilhøyrer ei av desse gruppene, eller ikkje oppfyller alle vilkåra som blir stilte, vil vi alltid vurdere om det ligg føre sterke menneskelege omsyn som tilseier at søknaden din likevel skal godkjennast. Når dette er sagt er det svært sjeldan at vi gjev løyve om familieinnvandring på eit slikt grunnlag, dette gjer vi berre i heilt spesielle unntakstilfelle.

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstjenesta i UDI.


Sist oppdatert 05.01.2012
Publisert 28.03.2006

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C