Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Kva for rettar og plikter gir eit familieinnvandringsløyve?

Med eit familieinnvandringsløyve følgjer det ein del rettar og plikter. Her finn du ei oversikt over nokre av desse.

Arbeid

Inn- og utreise

Du kan reise ut og inn av Noreg så lenge løyvet varer, men du må bu i Noreg mesteparten av året.

Tidslengd

Familieinnvandringsløyve blir normalt gitt for eitt år om gongen.

Dersom personen som bur i Noreg, har tidsavgrensa opphaldsløyve, er tidslengda på løyvet ditt avhengig av kor lenge løyvet til denne personen gjeld. Ditt løyve vil gjelde for same periode, og kan fornyast på same måte, som hans eller hennar løyve.

Opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag

Dersom du har hatt familieinnvandringsløyve med ein ektefelle eller sambuar som døyr, har du rett til nytt opphaldsløyve.

Fornying

Dersom du søkjer om fornying innan ein månad før familieinnvandringsløyvet ditt går ut, kan du opphalde deg i Noreg på same vilkår som tidlegare inntil den nye søknaden er handsama. For at du skal få ei fornying, må vilkåra for det opphavlege løyvet framleis vere til stades.

Permanent opphaldsløyve

Dersom opphaldsløyvet ditt dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve), kan du søkje om dette etter tre år i Noreg. Om opphaldsløyvet ditt dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve eller ikkje, står i vedtaket ditt.

Andre rettar og plikter

Avhengig av blant anna kva slags løyve og kva for statsborgarskap du har, vil du òg kunne ha andre rettar og plikter i Noreg. Her er ei oversikt over nokre av dei:

  • Kontakt NAV (www.nav.no) dersom du har spørsmål om arbeid eller stønader frå det offentlege.
  • Kontakt Inkluderings og Mangfoldsdirektoratet (IMDI – www.imdi.no) dersom du har spørsmål om rettar knytte til integrering, som for eksempel språkkurs.
  • • Kommunen du bur i, administrerer blant anna språkkursa du treng for å få permanent opphaldsløyve og etter kvart eventuelt norsk statsborgarskap.
  • Kontakt Skatteetaten (www.skatteetaten.no) for å melde flytting og for å få svar på spørsmål om blant anna personnummer og skatteplikt.
  • Kontakt UDI dersom det skjer endringar i forhold som er relevante for det opphaldsløyvet du har.

Meir informasjon

Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.


Sist oppdatert 13.07.2010
Publisert 28.04.2008

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C