Søkere som skal levere søknadene sine i Oslo, må bestille time for innlevering av dokumenter. Dette gjelder også for de som skal hente etiketter for permanent oppholdstillatelse.
>>
Alternativ til å søkje om familieinnvandring
Noen personar har alternativ til å søkje om familieinnvandringsløyve. Dei ulike typane løyver har ulike vilkår som du kan lese om ved å følgje lenkene.
Du er EØS-borgar og er familiemedlem til ein norsk borgar
Du har følgjande alternativ:
- Du kan søkje om familieinnvandringsløyve (les vidare på denne sida)
- Viss du er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller har tilstrekkelege midlar til å forsørgje deg sjølv kan du nytte registreringsordninga for EØS-borgarar.
- Viss du fyller dei følgjande krava kan du søkje om opphaldskort
Du har:
1. hatt eit reelt familieliv saman med den norske borgaren i eit anna EU/EØS/EFTA-land enn Noreg, og
2. den norske borgaren har i dette landet utøvd retten til å ferdast fritt (vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, hatt tilstrekkelege midlar eller vore student), og
3. de har no flytta saman tilbake til Noreg.
Du er frå utanfor EØS og er familiemedlem av ein norsk borgar
Du har følgjande alternativ:
- Du kan søkje om familieinnvandringsløyve (les vidare på denne sida)
- Viss du fyller dei følgjande krava kan du søkje om opphaldskort.
Du har:
1. hatt eit reelt familieliv saman med den norske borgaren i eit anna EU/EØS/EFTA-land enn Noreg, og
2. den norske borgaren har i dette landet utøvd retten til å ferdast fritt (vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, hatt tilstrekkelege midlar eller vore student), og
3. de har no flytta saman tilbake til Noreg.
Fyller du ikkje krava til noen av desse to alternativa kan du sjå om du fyller krava for eit arbeidsløyve (til dømes faglært) eller eit studentløyve.
Du er EØS-borgar eller familiemedlemmet ditt er EØS-borgar
Du skal anten søkje om familieinnvandringsløyve, registrer deg som EØS-borgar eller søkje om opphaldskort. Les meir her om kva for ordning du kjem innunder.
Korleis søkjer du?
Før du søkjer, må du finne ut om du kan søkje mens du oppheld deg i Noreg, eller om du må søkje frå heimlandet ditt.
Du må og finne ut om du skal fylle ut søknadsskjemaet på nett eller om du må levere det på papir.
Kor skal du søkje frå?
Finn ut om du skal registrere søknaden din på nett
Du skal registrere søknaden din på nett viss du søker frå Noreg eller via ein norsk ambassade. Du kan ikkje registrere søknaden på nettet viss det er ein svensk eller dansk ambassade som tek imot søknaden din.
Viss du må levere søknaden på ein svensk eller dansk ambassade, skal du fylle ut søknadsskjemaet på papir og levere det inn til ambassaden.
Du skal nytte det same skjemaet viss du søkjer om å fornye eit løyve.
Kva må du leggje ved søknaden?
Anten du søkjer på nett eller papir, må du levere pass og anna nødvendig dokumentasjon.
- Viss du søkjer på nettet, tingar du samstundes time for å levere dokumenta dine hos politiet eller ein norsk ambassade/konsulat. Da slepp du å stå i kø.
- Viss du søkjer på papir tek du kontakt med ambassaden for å få vite når du kan levere dokumenta og søknadsskjemaet.
Vi byrjar ikkje med å handsame søknaden din før du har levert pass og anna nødvendig dokumentasjon.
I tillegg til utfylt søknadsskjema (på nett eller papir) må du leggje fram:
Ønskjer du å gje nokon fullmakt i saka di?
Viss du ønskjer at nokon skal ha fullt innsyn i saka di og kunne snakke med UDI på dine vegner, må du gje denne personen fullmakt.
Utan fullmakt vil ingen, sjølv ikkje personen du søkjer om famileinnvandring med, kunne få detaljerte opplysningar om saka di frå UDI.
Intervju av personen som bur i Noreg
Dersom du søkjer om familieinnvandringsløyve som ektefelle eller sambuar, er det som hovudregel eit krav om at personen som bur i Noreg, har vore inne til intervju hos politiet. Dette gjeld når ekteskapet eller sambuarforholdet er etablert i utlandet etter at personen som bur i Noreg, allereie har etablert seg her. Ordninga er innført for å avklare om ekteskapet eller sambuarskapet mellom dykk er inngått frivillig.
Kravet til intervju gjeld ikkje dersom
- du er gift med personen som bur i Noreg, og han eller ho var til intervju før de gifta dykk, eller
- du er blant dei som ikkje treng visum for å reise inn i Noreg , eller
- personen som bur i Noreg, hadde fylt 25 år då ekteskapet blei inngått, eller
- personen som bur i Noreg, har fått opphaldsløyve som faglært eller spesialist, eller
- de har levd saman i eit etablert samliv mens begge har hatt opphaldsløyve i Noreg
Det kan òg gjerast unntak frå kravet om intervju dersom særlege grunnar tilseier det.
Les meir om intervjuet.
Sakshandsamingstid
Sjå oversikta over venta sakshandsamingstid i UDI her. For at sakshandsamingstida skal bli så kort som mogleg, er det viktig at du er nøye når du fyller ut søknadsskjemaet, og at du legg ved all dokumentasjon.
Du kan klage på vedtaket
Les meir om korleis du klagar på eit vedtak her
Meir informasjon
Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.
Les også svara på dei vanlegaste spørsmåla om familieinnvandring.