Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
In English
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Krav om økonomisk forsørging og bustad

På bokmål

For at familiemedlemmen din skal få familieinnvandringsløyve, må du som bur i Noreg (referansepersonen), kunne sikre han eller henne økonomisk forsørging og ein stad å bu.

For EØS-borgarar (alle statsborgarar av eit EU/EØS/EFTA-land) og familiemedlemmene deira er det eigne ordningar gjennom EØS-regelverket.



Kva inneber kravet om økonomisk forsørging?

Dei nye reglene på denne sida gjeld for søknader om familieinnvandring som er leverte etter 23.10.2009, og der søknaden blir handsama etter 01.01.2010. Dersom familiemedlemmet har søkt før 23.10.2009 gjeld overgangsreglar (se nederst på sida).

Kravet til økonomisk forsørging (det såkalla underhaldskravet) inneber at de må dokumentere at du som bur i Noreg, både

  • kan forsørgje familiemedlemmen din økonomisk når han eller ho kjem til Noreg, og
  • har hatt inntekt tidlegare

I tillegg er det krav om at du ikkje har motteke økonomisk stønad eller kvalifiseringsstønad frå sosialtenesta det siste året.

Når familiemedlemmen din søkjer om opphaldsløyve, er det viktig at han eller ho legg ved dokumentasjon frå Noreg på at du kan sikre økonomisk forsørging. Det vil gjere søknadsprosessen kortare.

Før vi gjer nærmare greie for kravet til økonomisk forsørging, gjer vi merksam på at det er nokre få unntak frå dette kravet.

Unntak frå kravet om økonomisk forsørging

I somme tilfelle kan enkelte familiemedlem (ektefelle, sambuar, barn) få familieinnvandringsløyve sjølv om du som bur i Noreg (referansepersonen) ikkje kan forsørgje han eller henne.Det blir ikkje stilt krav om forsørging dersom du

  • har fått opphaldsløyve eller permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) i Noreg som flyktning (asyl eller andre beskyttelsesgrunnar, inkludert vern mot retur til heimlandet). Dersom familiemedlemmen er ektefellen din, må ekteskapet vere inngått før du kom til Noreg. Familiemedlemmen din må som hovudregel søkje om opphaldsløyve innan eitt år etter at du fekk opphaldsløyvet ditt her.
  • har fått opphaldsløyve fordi du er vitne til eller offer for menneskehandel, og det er barnet ditt under 18 år som søkjer om opphaldsløyve  med deg. Barnet må som hovudregel søkje om opphaldsløyve innan eitt år etter at du fekk opphaldsløyvet ditt her.
  • er barn under 18 år, og det er foreldra dine som søkjer om opphaldsløyve på grunn av at dei har omsorga for deg, eller fordi dei har samværsrett med deg

Det er heller ikkje krav om økonomisk forsørging når søkjaren er

  • barnet ditt, under 15 år og utan omsorgspersonar i heimlandet
  • barnet ditt, er født i Noreg. Søknaden må være levert innen ett år etter fødselen.

Dersom de meiner at dykk er blant dei som er unnatekne frå kravet om forsørging, må familiemedlemmen din leggje ved dokumentasjon på dette i søknaden.

Framtidig inntekt

Det er som hovudregel du som bur i Noreg, som må sikre kravet til økonomisk forsørging. Du må dokumentere ei samla inntekt tilsvarande lønnstrinn 8 i statens lønnsregulativ. Inntekta kan vere

  • arbeidsinntekt – dokumentert med arbeidskontrakt og lønnsslippar frå dei siste tre månadene 
  • sjukepengar, svangerskapspengar, foreldrepengar, uførepensjon eller alderspensjon frå Folketrygda – dokumentert med kopi av vedtak frå Nav og utbetalingsslippar frå dei siste tre månadene
  • andre varige pensjonar eller faste periodiske ytingar (forsikringsutbetalingar eller liknande) – dokumentert med kopi av vedtak eller liknande og utbetalingar frå dei siste tre månadene
  • introduksjonsstøtte for nykomne innvandrarar – dokumentert med kopi av vedtaksbrevet frå kommunen og utskrift av betalingar frå dei siste tre månadene  
  • lån eller stipend du får i samband med utdanning – dokumentert med kopi av vedtak, avtale eller liknande og utbetalingar frå dei siste tre månadene

Kravet til framtidig inntekt kan oppfyllast med ein kombinasjon av inntektene ovanfor, så lenge det utgjer over minstekravet til inntekt.

Sosialstøtte, bustøtte, arbeidsløysestrygd og inntekter frå det offentlege for å oppfostre barn, for eksempel barnetrygd, kan ikkje reknast med i den framtidige inntekta. Eigne midlar (pengar på konto) kan heller ikkje reknast med.

Dersom du som bur i Noreg, mottek varig alderspensjon eller uførepensjon som til saman er større enn eller lik minstepensjonen, dekkjer det underhaldskravet.Varige pensjoner og faste periodiske ytingar er ikkje arbeidsavklaringspengar, arbeidsløysestrygd, sosialstøtte eller bustøtte fordi slike ytingar er midlertidige. Retten til slike stønader fall bort mellom anna dersom du kjem i arbeid, og vi legg derfor ikkje vekt på desse når vi vurderer de framtidige inntekta di.Søkjaren kan medverke til den samla inntekta dersom

  • du som bur i Noreg, tek høgare utdanning (høgskole eller universitet) og har tent opp minst 60 studiepoeng, eller 
  • du som bur i Noreg, tek fagskoleutdanning og har gjennomført minst eitt års normert studietid, og de begge har fylt 23 år, eller 
  • søkjaren allereie er i lovleg arbeid i Noreg

Tidlegare inntekt

Det er òg eit krav om at du som bur i Noreg, hadde ei registrert inntekt tilsvarande lønnstrinn 8 i statens lønnsregulativ det året som det sitste skatteoppgjeret gjeld for og framleis har denne inntekta. Dette må de dokumentere ved å leggje ved det siste skatteoppgjeret.

Hvis du er norsk borgar, nordisk borgar eller utlending med permanent opphaldsløyve og har vært i arbeid i utlandet, treng du ikkje å legge ved skatteoppgjeret. Du må imidlertid dokumentere at du har hatt ein inntekt som tilsvarer lønnstrinn 8 i statens lønnsregulativ. 

Det er unntak frå kravet om tidlegare inntekt dersom du som bur i Noreg (referansepersonen)

  • er norsk statsborgar, statsborgar av eit nordisk land eller har permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) i Noreg, har arbeidd i utlandet og der hatt ei inntekt tilsvarande lønnstrinn 8 i statens lønnsregulativ – dokumentert ved lønnsslippar og arbeidskontrakt, skattelikning eller liknande frå landet du har budd i
  • er norsk statsborgar, statsborgar av eit nordisk land eller har permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) i Noreg, og har teke høgare utdanning eller fagskoleutdanning i Noreg eller utlandet (minst 60 studiepoeng eller tilsvarande) – legg ved dokumentasjon på utdanninga
  • er over 23 år, og har hatt ein likningsregistrert nettoformue på minst 1 million kroner dei siste to likningsoppgjera – legg ved dokumentasjon
  • mottek varig alderspensjon eller uførepensjon som til saman er større enn eller lik minstepensjonen i den aktuelle perioden (siste llikningsoppgjer)  
  • har gjennomført militær verneplikt eller sivilteneste – legg ved dokumentasjon
  • har opphaldsløyve fordi du er faglært eller spesialist, eller har opphaldsløyve som ikkje gir grunnlag for permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve), men som likevel gir grunnlag for familieinnvandring(for eksempel studieløyve eller løyve som forsker med eigne middel).
  • har studert i det året som det siste skatteoppgjøret gjelder for. Du må vere norsk borgar, nordisk borger eller utlending med permanent opphaldsløyve som har tatt høgare utdanning (høgskole eller universitet) i Noreg eller utlandet, og som har tent opp minst 60 studiepoeng eller tilsvarande, eller har tatt fagskoleutdanning i Noreg tilsvarande ett års normert studietid som erstatning for lønna arbeid. Viss du har avslutta studiane dine på våren, må du leggje ved dokumentasjon på at du har teke 60 studiepoeng samanhengande det siste studieåret. Viss du ikkje har hatt normal studieprogresjon på grunn av sjukdom må du leggje fram dokumentasjon på dette. I slike tilfelle må vi vurdere kvar sak heilt konkret.

Ikkje motteke sosialstøtte dei siste 12 månadene

Du som bur i Noreg, kan ikkje ha motteke økonomisk stønad eller fått kvalifiseringsstønad frå Nav det siste året før familiemedlemmen din søkjer om familieinnvandring. Dette vilkåret gjeld likevel ikkje dersom du har motteke slik støtte mens du ventar på trygdeytingar som kan reknast inn i framtidig inntekt eller bustøtte (sjå avsnittet om framtidig inntekt), eller dersom du har motteke støtte etter introduksjonslova. Den personen som søkjer sameining med deg i Noreg, må leggje frem stadfesting frå Nav / det lokale sosialkontoret på at du (referansepersonen) ikkje har motteke sosialstønad dei siste 12 månadene før søknaden blir innlevert.

Bustad

For andre familiemedlemmer enn dei nærmaste er det eit vilkår at du som er busett i Noreg, har ein bustad med plass til å huse dei. Dokumentasjon på bustad kan vere leige- eller kjøpekontrakt på bustaden.

Særleg sterke menneskelege omsyn

UDI vil alltid vurdere om det er heilt spesielle forhold i saka (særleg sterke menneskelege omsyn) som gjer at familiemedlemmen din kan få opphaldsløyve sjølv om krava om forsørging og bustad ikkje er oppfylte.

Overgangsreglar for søknader som er leverte før 23. oktober 2009

Dersom søknaden din blei levert før 23. oktober 2009, kan andre typar inntektar enn lønn bli regna med, som for eksempel eigne middel eller arbeidsledighetstrygd som referansepersonen har motteke. Også søkjerens inntekt kan reknes med i disse tilfellene.

Det er ikke noko krav om at du hadde tidligere inntekt hvis du har levert søknaden før 23. oktober 2009. Kravet om at du ikkje skal ha motteke sosialstønad dei siste 12 månader gjeld heller ikkje.

I tillegg har Justisdepartementet instruert UDI om at det skal vere mogleg å få unntak fra underhaldskravet for personar for personar som er ektefelle eller sambuar til norsk borger eller personar som har permanent opphaldsløyve i Noreg. Det er imidlertid føreset at partene har vært gift eller sambuere i minst tre år og at begge har fylt 23 år. Les instruksen på nettsidane til Justisdepartementet

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.


Sist oppdatert 13.07.2010
Publisert 28.03.2006

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C