Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Kravet om fire års arbeid eller utdanning i Noreg

NB. Dette kravet gjeld for søknader som er leverte etter 1. januar 2010.

Har du stifta familie etter at du kom til Noreg?

Dersom du ønskjer at ektefellen eller sambuaren din eller den du er trulova med, skal få familieinnvandringsløyve for å komme og bu saman med deg i Noreg, kan det hende at du først må ha jobba eller studert her i fire år. Dette kravet er avhengig av to forhold: kva slags opphaldsløyve du har, og når familien blei stifta.

Guide: Finn ut om kravet gjeld for deg



Kva slags løyve har du som bur i Noreg (referansepersonen)?

Kravet om fire års arbeid eller utdanning før familien din kan få opphaldsløyve  med deg, er avhengig av kva slags løyve du som bur i Noreg, har.

Kven er unnatekne frå dette kravet?

Det er ikkje krav til fire års arbeid eller utdanning av deg som referanseperson dersom

  • du er norsk eller nordisk statsborgar
  • du har opphaldsløyve på grunn av arbeid, studiar eller liknande
  • du har opphaldsløyve etter EU/EØS/EFTA-heimlane
  • familien din har søkt før 1. januar 2010
  • du er over 67 år

Kven gjelder kravet for?

Kravet om fire års arbeid eller utdanning i Noreg gjeld dersom du som bur i Noreg, har fått opphaldsløyve

  • som overføringsflyktning 
  • på grunn av beskyttelse, asyl  eller vern mot heimsending
  • på grunn av sterke menneskelege omsyn eller sterk tilknyting til Noreg
  • som familieinnvandrar (har fått familieinnvandring med ein annan person i Noreg)

Kravet til fire års arbeid og utdanning gjeld òg dersom du har fått permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) etter at du har hatt opphaldsløyve i Noreg på eitt av desse grunnlaga.

Når stifta du familie?

Kravet om fire års arbeid eller utdanning i Noreg gjeld ikkje dersom du og familiemedlemmene dine allereie var ein familie då du som bur i Noreg, kom hit.

I eksempla nedanfor forklarer vi nærmare kva for reglar som gjeld for familieforholda, og når det blir gjort unntak frå kravet om arbeid og utdanning.

- Du har gifta deg etter at du kom til Noreg

Dersom du har gifta deg etter at du kom til Noreg, må du ha jobba og/eller studert her i fire år for at ektefellen din skal få opphaldsløyve  med deg.

Kravet om arbeid eller utdanning gjeld likevel ikkje dersom

  • du og ektefellen din har barn saman, og kvinna/du blei gravid før du kom til Noreg
  • de har barn saman og kvinna/du blei gravid mens de begge hadde opphaldsløyve i Noreg
  • de gifta dykk mens de begge hadde opphaldsløyve i Noreg

Eksempel 1: Muhammed på 30 år kom til Noreg i 2003. Han fekk asyl og har no permanent opphaldsløyve i Noreg. Han gifta seg med Raisa i nabolandet til heimlandet i 2008. Når Raisa søkjer om opphaldsløyve  med Muhammed, er det krav om at han har fire års arbeid og/eller utdanning i Noreg før Raisa kan få opphaldsløyve  med han i Noreg.

Eksempel 2: Svetlana på 30 år kom til Noreg i 2006, og ho har fått asyl i Noreg. Ho gifta seg med John i 2008. Svetlana og John har to barn som er fødde i 2004 og 2006. I dette tilfellet er det ikkje noko krav om at Svetlana skal ha fire års arbeid eller utdanning i Noreg før John kan få familieinnvandringsløyve med henne, fordi dei fekk barn saman før Svetlana kom til Noreg.

Eksempel 3: Ahmed er asylsøkjar i Noreg. Han har fått avslag på søknaden om asyl. Etter at han kom til Noreg som asylsøkjar, har han innleidd eit forhold til Christina, og dei har gifta seg. Christina er frå USA, men busett i Noreg. Ho fekk opphavleg opphaldsløyve fordi ho var gift med ein norsk borgar, men ekteskapet er oppløyst. Ho har no permanent opphaldsløyve. Ahmed og Christina ønskjer å leve saman i Noreg som ektefellar. Ahmed vil likevel ikkje kunne få opphaldsløyve som ektefelle med Christina før Christina har oppfylt fireårskravet. Dette gjeld sjølv om dei har fått barn saman.

- Du har fått sambuar eller er trulova etter at du kom til Noreg

Kravet om fire års arbeid eller utdanning gjeld dersom

  • • du og sambuaren din / den du er trulova med, ikkje har budd saman i minst to år før du kom til Noreg. Det gjeld òg dersom de har barn saman, så lenge kvinna/du blei gravid etter at du kom til Noreg.
  • den du er trulova med, søkjer om opphaldsløyve for å gifte seg med deg (trulovaløyve) 

Kravet om arbeid eller utdanning gjeld ikkje dersom

  • du og sambuaren din / den du er trulova med, har budd saman i eit fast og etablert sambuarforhold i minst to år før du kom til Noreg
  • kvinna/du blei gravid mens de begge hadde opphaldsløyve i Noreg

Eksempel 1: Muhammed kom til Noreg i 2006, og han har fått opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn. Han har ein sambuar i heimlandet som blei gravid fire månader før Muhammed kom til Noreg. Dersom sambuaren i heimlandet vil søkje om opphaldsløyve  med Muhammed, er det ikkje noko krav om at Muhammed må ha fire års arbeid eller utdanning i Noreg før ho kan få det.

Eksempel 2: Ali på 21 år kom til Noreg fordi han fekk opphaldsløyve i familieinnvandring med far sin i 2005. Han har no permanent opphaldsløyve i Noreg. Raisa er 22 år. Ho har hatt opphaldsløyve i Noreg fordi ho studerte her frå 2006 til 2008. Ali og Raisa er sambuarar, og Raisa vil bu saman med Ali. Dei har ei dotter, Nina, som er fødd i 2008. Fordi begge to hadde opphaldsløyve då Raisa blei gravid, er det ikkje noko krav om at Ali må ha fire års arbeid eller utdanning før Raisa kan få opphaldsløyve  med Ali.

Eksempel 3: Paul har vore kjærast med Anita i eitt år i heimlandet. Paul reiser til Noreg og får opphald på humanitært grunnlag her. Ved eit seinare besøk i heimlandet blir Anita gravid. Ho ønskjer å busetje seg saman med Paul i Noreg. Anita kan ikkje få opphaldsløyve  med Paul i Noreg før Paul oppfyller fireårskravet.

Eksempel 4: Chris har fått asyl og er busett i Noreg. Mens han bur her, innleier han eit forhold til Stefanie, som har opphaldsløyve i Noreg på grunn av arbeid. Chris og Stefanie flyttar saman i mars 2009. Stefanies opphaldsløyve går ut i mars 2010, og ho har ikkje noko anna grunnlag for opphald i Noreg etter dette. På dette tidspunktet vil partane ha budd saman i eitt år, og oppfyller dermed ikkje toårskravet for sambuarar. Dermed må Chris oppfylle fireårskravet.

- Barn som søkjer

Det er ikkje krav om at du som forelder og referanseperson må ha fire års arbeid og utdanning i Noreg for at barnet ditt kan få opphaldsløyve  med deg.

Kva for krav blir stilte til arbeidet eller utdanninga?

  • Arbeidet eller utdanninga må samanlagt utgjere heiltidsaktivitet i alle dei fire åra.
  • Dei fire åra kan vere ein kombinasjon av arbeid og utdanning.
  • Deltaking i introduksjonsprogram for innvandrarar blir rekna som arbeid eller utdanning.
  • Utdanninga kan vere barneskole, ungdomsskole, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning på universitet eller høgskole.
  • For høgare utdanning på universitet eller høgskole tilsvarer heiltidsaktivitet minst 60 studiepoeng per år.
  • Kvalifiseringsprogram etter sosialtenestelova blir òg rekna som arbeid eller utdanning.
  • Omsorg for barn i ein periode på 46 veker etter fødsel eller adopsjon dersom du som referanseperson har opptent rett til foreldrepengar, blir rekna som arbeid eller utdanning.
  • Periodar då referansepersonen mottek sjukepengar, uførepensjon eller alderspensjon etter folketrygda, blir rekna som arbeid, i samsvar med prosentdelen som folketrygdytinga utgjer av full stilling.

Det kan gjerast unntak for kravet om fire års arbeid eller utdanning dersom det er særlege grunnar for det.

Kva for dokumentasjon må leggjast ved?

Dokumentasjon – arbeid/utdanning

Familiemedlemmen som søkjer, må leggje ved dokumentasjon på at du som bur i Noreg, har arbeidd eller studert her i fire år. Dokumentasjon kan for eksempel vere

  • likningsattest
  • stadfesting frå arbeidsgivar
  • stadfesting frå skole eller studiestad
  • stadfesting på deltaking i introduksjonsprogram
  • stadfesting frå NAV

Dokumentasjon – familie

Dersom de stifta familie anten før du kom til Noreg eller då du og ektefellen/sambuaren din begge hadde opphaldsløyve i Noreg, må dette dokumenterast i søknaden. Dokumentasjon kan for eksempel vere

  • vigselsattest
  • dokumentasjon på sambuarskap
  • stadfesting av graviditet eller fødsel

I tillegg til desse krava må du som er busett i Noreg kunne forsørgje ektefellen/sambuaren din økonomisk og sørgje for at de har ein stad å bu (det såkalla underhaldskravet).

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.


Sist oppdatert 13.07.2010
Publisert 05.12.2009

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads