Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Opphald i Noreg etter mishandling i ekteskap/sambuarskap/partnarskap

Dersom du har fått familieinnvandring med ein ektefelle, registrert partnar eller sambuar og denne personen mishandlar deg, treng du ikkje bli verande i forholdet av frykt for å miste opphaldsløyvet ditt i Noreg. Du kan søkje om opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag.

Redusert livskvalitet som følgje av mishandling

Dersom du blir mishandla i eit samlivsforhold med ein person som bur i Noreg, kan du ha rett til opphaldsløyve. Mishandlinga kan vere av både fysisk og psykisk art. Det avgjerande er om livskvaliteten din er blitt redusert som følgje av mishandlinga.

Det er i utgangspunktet forklaringa di som blir lagd til grunn når utlendingsstyresmaktene vurderer mishandlingssaka. I ein del tilfelle vil det likevel vere slik at ein person som opplyser at ho eller han blir mishandla i samlivsforholdet, ikkje får nytt opphaldsløyve. Dette kan blant anna skje dersom

  • du ikkje har gyldig opphaldsløyve i Noreg i utgangspunktet
  • vi legg til grunn at det ikkje har vore mishandling i forholdet (på grunnlag av kor truverdig historia er), eller 
  • det du har vore utsett for, ikkje er alvorleg nok til å bli rekna som mishandling i etter definisjonen i utlendingslova 

Krav til referansepersonen

For å kunne søkje om eit opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag må personen du har vore gift, registrert partnar eller sambuar med, ha eit løyve som har gitt deg utsikter til varig opphald i Noreg. Det inneber at han eller ho må vere

  • norsk eller nordisk statsborgar som er busett eller skal busetje seg her
  • utanlandsk statsborgar med permanent opphaldsløyve 
  • utanlandsk statsborgar som har eller får lovleg opphald her med opphaldsløyve som kan danne grunnlag for permanent opphaldsløyve, eller  
  • utanlandsk statsborgar som har opphaldsløyve på grunnlag av kollektiv beskyttelse

Søknad om opphald på bakgrunn av mishandling

Dersom du skal søkje om opphald på bakgrunn av mishandling i eit samlivsforhold, kan du levere søknaden ved det nærmaste politidistriktet ditt. Der vil du bli intervjua, før saka blir send til behandling i Utlendingsdirektoratet.

Du skal ikkje betala gebyr for søknad om opphald på bakgrunn av mishandling i eit samlivsforhold.

Samlivsbrot

Dersom du har fått familieinnvandring med ein ektefelle, registrert partnar eller sambuar, kan du etter eit samlivsbrot også få opphald på andre grunnlag. Du kan for eksempel søkje om familieinnvandring med eigne barn, eller du kan få opphald fordi du vil få urimelege vanskar i heimlandet på grunn av samlivsbrotet.

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.


Sist oppdatert 01.11.2010
Publisert 28.01.2009

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C