På denne sida finn du generell informasjon om fornying av opphaldsløyve.
Dei fleste opphaldsløyve kan fornyast. Det er viktig at du søkjer i tide. Du bør søkje om fornying seinast ein månad før løyvet ditt går ut.
Korleis fornyar eg opphaldsløyvet mitt?
Du registrerer søknaden din om fornying på nettportalen Søknad på nett og bestiller ein timeavtale for å levere inn nødvendige dokument hjå politiet der du bur. Vi kan ikkje begynne å handsame søknaden før du har møtt opp hos politiet og levert dokumenta.
Politiet fornyar dei fleste typar løyve. Dersom politiet er usikre på om søknaden din kan godkjennast, sender dei han til UDI for handsaming. Politiet kan ikkje gjere vedtak om avslag.
Kva skal eg leggje ved søknaden?
Anten du søkjer på nett eller papir, må du levere pass og anna nødvendig dokumentasjon.
- Viss du søkjer på nettet, tingar du samstundes time for å levere dokumenta dine hos politiet. Da slepp du å stå i kø.
- Viss du søkjer på papir tek du kontakt med politiet for å få vite når du kan levere dokumenta.
Vi byrjar ikkje med å handsame søknaden din før du har levert pass og anna nødvendig dokumentasjon.
Du må levere inn:
I tillegg må du leggje ved dokumentasjon som er spesielt knytt til det løyvet du søkjer om.
Når skal eg søkje om fornying?
Du bør søkje om fornying minst ein månad før det løyvet du har, går ut. Då vil du framleis ha dei same rettane som tidlegare til å jobbe, studere osv. mens du ventar på at vi handsamar søknaden din, sjølv om løyvet ditt går ut før du har fått svar frå oss.
Dersom du ikkje søkjer om fornying innan fristen, har du ikkje automatisk rett til å opphalde deg i Noreg på dei same vilkåra i ventetida.
Dersom du søkjer om fornying etter at løyvet ditt har gått ut, vil du vere utan lovleg løyve mens vi handsamar søknaden. Å søkje for seint kan òg føre til at du ikkje får samanhengande butid, slik at du kanskje må vente lenger før du kan få
permanent opphaldsløyve (som før blei kalla busetjingsløyve).
Kor lang tid tek det å handsame fornyinga?
Sakshandsamingstida kan variere mellom dei ulike politidistrikta. Dersom politiet sender søknaden din til UDI for handsaming, vil du finne venta sakshandsamingstid hos oss på nettsida
www.udi.no/saksbehandlingstider.
Kan alle løyve fornyast?
Ein del løyve har avgrensa tidslengd. Desse kan berre fornyast inntil ei viss tidsramme. Dette gjeld for eksempel dersom du jobbar som au pair, sesongarbeidar eller praktikant eller er elev på folkehøgskole.
Du finn meir detaljert informasjon om fornying og kva som gjeld for løyvet ditt, på nettsida for det aktuelle løyvet.
Meir informasjon