Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
In English
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Kven kan få permanent opphaldsløyve?

På bokmål

For å få permanent opphaldsløyve må du ha opphalde deg i Noreg samanhengande i tre år med løyve som dannar grunnlag for dette, og ha gjennomført norskopplæring.

Permanent opphaldsløyve gir deg rett til å opphalde deg og arbeide i Noreg på ubestemt tid. Løyvet gir deg òg eit sterkare vern mot utvising.

Det er eigne reglar for EØS-borgarar og familiemedlemmene deira. Meir informasjon om dette finn du under Registreringsordninga for EØS-borgarar.



Du må ha samanhengande opphald i Noreg

For å få godkjent permanent opphaldsløyve, må du ha budd samanhengande i Noreg i tre år (sjå unntak nedanfor). Idesse tre åra må du ha hatt opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphald. Dette gjeld blant anna deg som har fått godkjent asyl eller beskyttelse, opphald på grunnlag av sterke menneskelege omsyn, dei fleste familieinnvandringsløyve, faglærtløyve eller spesialistløyve. Det er ikkje lenger eit krav om at du har hatt opphald på same grunnlag i desse tre åra. Du kan altså ha hatt ulike typar løyve, men alle løyva må vere av ein type som dannar grunnlag for permanent opphald.

Dersom du er usikker på om dei løyva du har og har hatt, dannar grunnlag for permanent opphald, kan du lese dette av tidlegare vedtak. 

NB! UDI endrar no på rutinane våre for handsaming av søknadar om permanent opphaldsløyve. Det vil seie at det sannsynlegvis vil ta mykje kortare tid å handsame søknaden din enn det som har vore vanleg tidligare. Difor er det veldig viktig at du ikkje søkjer før du meiner at du fyller kravet til opphaldstid. Viss du ikkje fyller kravet til opphaldstid når vi tar til med å handsame søknaden din, kan søknaden bli avslått.  

Kva inneber det at opphaldet må vere samanhengande?


For at opphaldet skal reknast som samanhengande, må du

  • ikkje ha opphald mellom løyva på meir enn tre månader på dei siste tre åra. I opphaldstida di kan det vere periodar då du har vore utan opphaldsløyve fordi du har fremma søknad om fornying etter at tidlegare opphaldsløyve har gått ut. Opphaldet blir rekna frå datoen då løyvet ditt gjekk ut, og fram til du leverte søknad om ny opphaldsløyve.
  • ikkje ha opphalde deg utanfor Noreg i meir enn til saman sju månader dei tre siste åra (sjå unntak nedanfor).

Eit eksempel kan illustrere kva denne sjumånadersregelen inneber: Mirza har hatt fleire opphaldsløyve frå 01.01.2007 til 01.01.2010 og ønskjer derfor å søkje permanent opphaldsløyve. Men Mirza har vore ein del i utlandet desse tre åra. I 2007 var han i utlandet i heile juli, august og september. I tillegg var han i utlandet tre månader i 2008 og fire månader i 2009. Han har altså vore i utlandet i til saman ti månader dei siste tre åra. Under den føresetnad at Mirza ikkje reiser meir før september 2010, kan han få permanent opphaldsløyve først i september 2010. Då er det meir enn tre år sidan utanlandsopphaldet i 2007 og den første reisa på tre månader vil ikkje lenger telje med i utrekninga. Mirza søkjer derfor fornying av det løyvet i god tid før 01.01.2010, og så søkjer han permanent opphaldsløyve hausten 2010.

Det er eitt unntak frå denne sjumånadersregelen: Dersom du har opphaldsløyve som spesialist eller løyve som faglært, kan du opphalde deg utanfor Noreg i inntil 15 månader på dei siste tre åra utan at det får innverknad på retten til å få permanent opphald i Noreg. Det er ein føresetnad at private reiser ikkje utgjer meir enn sju månader. Du må leggje fram dokumentasjon på at alt utanlandsopphald over sju månader kjem av reiseverksemd på oppdrag frå arbeidsgivaren.

Når blir opphaldstida rekna frå?


Opphaldstida blir rekna frå det tidspunktet då du fekk det første opphaldsløyvet som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve.

  • Dersom du fekk eit slikt løyve før du reiste til Noreg, blir opphaldstida rekna frå den datoen du melde deg for politiet.
  • Dersom du var i Noreg då du søkte om eit slikt løyve, blir opphaldstida rekna frå den datoen du fekk godkjent løyvet.
  • Dersom du fekk godkjent asyl, blir opphaldstida rekna frå den datoen du søkte om asyl.
  • Dersom du er overføringsflyktning, blir opphaldstida rekna frå den datoen du kom til Noreg.

Søkje i rett tid


Det er i utgangspunktet berre du som har fremma søknad i rett tid, som har rett til permanent opphaldsløyve. Dette inneber at søknaden må vere fremma mens du har eit gyldig opphaldsløyve. Dersom du fremmar søknad om permanent opphaldsløyve etter at det tidlegare opphaldsløyvet har gått ut, vil politiet handsame søknaden som ein søknad om fornying. Politiet sender søknaden din om permanent opphaldsløyve til UDI for avgjerd.

For å få rett til vidare opphald på same vilkår inntil søknaden er endeleg avgjord, må du søkje om permanent opphaldsløyve minst ein månad før opphaldsløyvet går ut. Dersom du søkjer seinare enn ein månad før opphaldsløyvet går ut, kan du, etter ei vurdering frå UDI, få vidare opphald på same vilkår inntil søknaden er avgjord.

Krav til vandel


UDI kan avslå ein søknad om permanent opphaldsløyve dersom du er straffa for kriminelle handlingar som kan medføre utvisning. Dersom du ikkje blir utvist, er det krav om eit tillegg i opphaldstida før du kan få godkjent permanent opphaldsløyve. Denne tilleggstida blir rekna frå det tidspunktet du elles fylte vilkåra for permanent opphaldsløyve.

Krav til gjennomført opplæring i norsk eller samisk og samfunnslære

Saman med søknaden om permanent opphaldsløyve skal det leggjast ved dokumentasjon på at opplæring i samsvar med introduksjonsloven er gjennomført.

Søkjarar som fekk første løyve etter 1. september 2005

Ifølgje introduksjonsloven har utlendingar mellom 16 og 55 år som fekk sin første arbeids- eller opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve etter 1. september 2005, rett og plikt til å delta på gratis opplæring i norsk eller samisk og dessutan samfunnslære.

Dersom du fekk første opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve før 1. januar 2012 har du rett og plikt til opplæring i til saman 300 timer i norsk eller samisk og samfunnslære (250 timer norsk / samisk og 50 timer samfunnslære).

Søkjarar som fekk første løyve etter 1. januar 2012

Dersom du fekk første opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve etter 1. januar 2012 har du rett og plikt til opplæring i til saman 600 timer i norsk eller samisk og samfunnslære (550 timer norsk / samisk og 50 timer samfunnslære).

Dette vil først gjelde dersom du søkjer om permanent oppholdstillatelse etter 1. januar 2015.

Unntak frå pliktutvidinga til 600 timar:

Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS / EFTA-området og deira familiemedlemmer, som har plikt til å delta i 300 timar norskopplæring utan krav på å få opplæring gratis, er unntatt frå pliktutvidelsen til 600 timar. Denne gruppa vil enno ha ei plikt til å delta i 300 timar opplæring i norsk og samfunnslære.

Gjennomført opplæring ved følgjande opplæringssteder er godkjent:

  • kommunalt voksenopplæringssenter
  • opplæringstilbyder som kommunen har inngått avtale med
  • studieforbund og nettskoler som er godkjent med heimel i voksenopplæringsloven,
  • folkehøgskolar som er godkjent med heimel i folkehøgskoleloven
  • universitet og høgskular som er godkjent med heimel i universitet sine- og høgskoleloven
  • privat tilbyder godkjent av Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk (VOX).

Dersom opplæringa i norsk og samfunnslære er gjennomført hjå den kommunale voksenopplæringen, må du leggje ved deltakerbevis frå kommunen.

Dersom norskopplæringen er gjeve av ein godkjend tilbydar, har kommunen ikkje plikt til å registrere norskopplæringen. Du må då målbere dokumentasjon frå tilbyderen på at du har gjennomført opplæring i norsk. Du må òg leggje fram dokumentasjon på at du har gjennomført 50 timar pliktig opplæring i samfunnslære.
 
Alle deltakarar som får opplæring av ein privat tilbyder på oppdrag for ein kommune, skal registrerast av kommunen i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).

Unntak frå kravet om norskopplæring kan gjevast dersom du søkjer om det. Det er den einskilde kommunen som avgjer om du kan unntas frå norskopplæringen. Dersom du er friteke for undervising skal dette dokumenterast med vedtaket frå kommunen. 

Les meir om godkjenningsordningen for tilbydere av norskopplæring på nettsidene til VOX


Unntak frå kravet om tre års opphaldstid


Visse grupper kan søkje om permanent opphaldsløyve sjølv om dei ikkje fyller krava til opphaldstid slik det er gjort greie for over. Dette gjeld blant anna i desse tilfella:  

  • Dersom du det siste året har hatt eit opphaldsløyve som dannar grunnlag for eit permanent opphaldsløyve, kan du i visse tilfelle få godkjent eit permanent opphaldsløyve. Du må då anten ha hatt tidlegare langvarig opphald (8 til 10 år) i Noreg med løyve eller tidlegare langvarig opphald på Svalbard, eller det må liggje føre særleg sterke rimelegheitsgrunnar. Generelt skal det mykje til for å få permanent opphaldsløyve etter denne føresegna.
  • Ein ektefelle og sambuar til ein norsk borgar tilsett ved norsk ambassade eller konsulat kan etter nærmare bestemte vilkår få godkjent permanent opphaldsløyve.  
  • Barn fødde i Noreg av foreldre som oppheld seg her. Foreldra må søkje permanent opphald for barnet i det første leveåret. Det er eit krav at begge foreldra på dette tidspunktet har permanent opphaldsløyve eller norsk statsborgarskap, eller at dei har søkt og fyller vilkåra for permanent opphaldsløyve eller norsk statsborgarskap.

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål knyttet til dette temaet, kan du kontakte nærmaste politidistrikt eller Opplysningstjenesta i UDI.


Sist oppdatert 17.09.2012
Publisert 27.03.2006

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C