Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Kven treng visum?

Utgangspunktet er at alle utenlandske borgarar treng visum for å besøke Noreg. Men det er nokre unntak frå dette kravet, og nedanfor følgjer lista over kven som ikkje trenger visum.


Schengen-landa

Schengen-samarbeidet betyr at passkontrollen er avskaffa på reise mellom samarbeidslanda. Borgarar frå desse landea kan derfor reise fritt inn i Noreg, utan å søkje om visum. Det same gjeld utanlandske statsborgarar som har opphaldsløyve i eit av Schengen-landa. Dei 26 medlemslanda er Austerrike, Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Italia, Latvia, Liectenstein, Litauen, Luxembourg, Malta, Monaco, Nederland, Norge, Polen, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland og Ungarn.

Det er verdt å merke seg at europeiske land som Irland, Russland, Storbritannia, Tyrkia med fleire, ikkje er med i samarbeidet.

Meir informasjon om Schengen-samarbeidet

Visumfrie land

Unntak frå visumplikta gjeld òg for borgarar frå land som har avtale med Noreg om fritak. Borgarar frå land som har avtale om fritak, kan opphalde seg i Noreg i 90 dagar. Noreg har visumfridomsavtale med desse landa:

A: Albania (gjeld innahavarar av biometriske pass), Amerikas forente statar, Andorra, Antigua og Barbuda, Argentina, Austerrike, Australia

B: Bahamas, Barbados, Belgia, Bermuda (BDTC-pass), Bosnia-Hercegovina (gjeld innehavarar av biometriske pass), Brasil, Brunei, Bulgaria 

C: Canada, Chile, Costa Rica,  

D: Danmark,  

E: El Salvador, Estland,  

F: Finland, Frankrike,  

G: Guatemala,  

H: Hellas, Honduras, Hongkong (SAR-pass og BNO-pass),

I: Irland, Island, Israel, Italia,  

J: Japan,  

K: Korea (Republikken Korea), Kroatia, Kypros,  

L: Latvia, Liechtenstein, Litauen, Luxembourg, 

M: Macau (SAR-pass), Makedonia (gjeld innehavarar av biometriske pass), Malaysia, Malta, Mauritius, Mexico, Monaco, Montenegro (gjeld innehavarar av biometriske pass) 

N: Nederland, New Zealand, Nicaragua,  

P: Panama, Paraguay, Polen, Portugal,  

R: Romania,   

S: San Marino, Serbia (gjeld innehavarar av biometriske pass), Seychellene, Singapore, Slovakia, Slovenia, Spania, St. Kitts and Nevis, Storbritannia, Sveits, Sverige, Sør-Korea, 

T: Taiwan (innehavarar av taiwanske pass som inneholder identitetskort-nummer) Tsjekkia, Tyskland,  

U: Ungarn, Uruguay, USA,  

V: Vatikanstaten, Venezuela,  

Diplomat-, tjeneste- og spesialpass

Dersom du har diplomat-, teneste- eller spesialpass, er du unnateken frå visumplikta om du kjem til Noreg i offentleg oppdrag. Dette gjeld for personar med desse typane pass:

  • Albansk diplomatpass (gjeld berre akkreditert ambassadør til Noreg og hans eller hennar ektefelle og barn)
  • Boliviansk diplomat- og tenestepass
  • Forente Arabiske Emiratar, diplomat- og spesialpass
  • Filippinsk diplomat-, teneste- og spesialpass
  • Makedonske diplomat- og tenestepass
  • Marokkanske diplomat-, teneste- og spesialpass
  • Pakistansk diplomat- og tenestepass
  • Russisk diplomatpass (gjeld berre akkreditert ambassadør til Noreg og hans eller hennar ektefelle og barn)
  • Sør-Afrikansk diplomat- og tenestepass
  • Thailandsk diplomat- og tenestepass
  • Tunisiske diplomatpass
  • Tyrkisk diplomat-, teneste- og spesialpass
  • Tenestemenn på tenestereise med laissez-passer, eit reisedokument utferda av FN

Andre unntak frå visumplikta

Det er unntak frå visumplikten mellom anna for:

  • Personar som har opphaldsløyve eller permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) i Noreg. Løyvet må vere merkt i reisedokumenta til personen
  • Personar som har D-visum
  • Personar som har reisebevis for flyktningar utferda av styresmaktene på Malta, i Irland, i Liechtenstein, i Storbritannia eller i Sveits
  • Personar som har britisk pass med uavgrensa høve til innreise og opphald i Storbritannia
  • Personar som har britisk ”Emergency Travel Document” (nødpass), når personen er i transitt i Noreg, og det går fram av nødpasset at målet for reisa er Storbritannia
  • Personar som har tysk ”Reiseausweis als Passersatz zur Rückkehr in die Bundesrepublik Deutschland” (nødpass), når personen er i transitt i Noreg, og det går fram av nødpasset at målet for reisa er Tyskland
  • Personar som har reisebevis for sjømenn utferda av Australia, Belgia, Bosnia-Herzegovina, Canada, Danmark, Frankrike, Irland, Italia, Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Marokko, Mauritius, Nederland, New Zealand, Norge, Portugal, Serbia og Montenegro, Slovenia, Storbritannia, Sveits, Sverige eller Tyskland
  • Personar som har identitetskort for sjømenn utferda av statar som har slutta seg til ILO-konvensjon nr. 108 eller nr. 185, når han eller ho skal tiltre eller fråtre stilling på skip i norsk hamn, eller er mannskap på skip og under landlov ønskjer å opphalde seg i hamna som skipet ligg ved
  • Personar som har luftfartssertifikat, når innehavaren skal reise til Noreg og opphalde seg her i samband med jobb i internasjonal lufttrafikk
  • Personar som har filippinsk ”Seafarer’s Identification and Record Book” og/eller filippinsk nasjonalitetspass, når personen skal tiltre ei stilling på eit skip i norsk hamn
  • Anerkjend flyktning, statslaus og andre utan statsborgarskap som er busette i eit EU-land, og som har eit reisedokument utferda av dette landet
  • • Visumpliktig skoleelev busett i eit EU-land som har implementert rådsavgjerd 94/795, når eleven reiser på klassetur i følgje med lærar frå elevens skole

Krav til visumfrie borgarar

Dersom du er unnateken frå visumplikta til Noreg, kan du opphalde deg innanfor Schengen-området i 90 dagar i løpet av ein periode på seks månader. Opphaldet kan vere samanhengande eller fordelt på fleire innreiser. Perioden på seks månader blir rekna frå datoen for di første innreise til Schengen-området. Så snart du er over i ein ny periode på seks månader begynner du med blanke ark, og kan igjen opphalde deg i inntil 90 dagar innanfor Schengen-området. Sjølv om opphaldet ditt er i overgangen mellom to seksmånadersperiodar, kan du aldri opphalde deg samanhengande i meir enn 90 dagar i Schengen-området. Det er ditt eige ansvar å sjå til at du oppfyller dette kravet.

I tillegg er de nokre krav til visumfrie utlendingar:

  • Du må vere i stand til å dekkje opphaldet i Noreg økonomisk. Som hovudregel er det krav om at du har 500 norske kroner per dag du skal vere i Noreg. Summen er noko mindre dersom du skal bu hos familie eller venner.
  • Du må vere i stand til  å returnere til heimlandet ditt, eller til det landet du har opphaldsløyve i.

Meid informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte Opplysningstenesta i UDI.

 
 

Sist oppdatert 20.12.2011
Publisert 29.03.2006

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C