Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Korleis blir ein visumsøknad vurdert?

Mange ulike omsyn blir vurderte i samband med ein søknad om visum. Dersom du får avslag på søknaden, kan det vere fordi du ikkje oppfyller krava, eller fordi skjønnsvurderingar taler imot at søknaden bør godkjennast.

Regelverket

 

Avslag fordi du ikkje oppfyller krava

Dersom du ikkje tilfredsstiller krava for å få visum, eller du ikkje kan dokumentere nødvendig informasjon, vil visumsøknaden din bli avslått.

Grunnar til avslag kan vere at du

  • ikkje har gyldig pass eller anna godkjent reisedokument  
  • ikkje har høve til å returnere til det landet du oppheld deg i  
  • ikkje har lagt fram dokumentasjon på at du har gyldig reiseforsikring for heile visumperioden
  • har reisedokument som ikkje er gyldig i tre månader utover det tidsrommet du ønskjer å vere i Schengen
  • er registrert i Schengen informasjonssystem (SIS) , eller har fått vedtak om bortvising eller utvising
  • ønskjer å opphalde deg i Noreg av grunnar som tilseier at du heller bør søkje om opphaldsløyve. Søknaden om visum blir då avslått, og du blir vist til å søkje om det aktuelle løyvet.

Avslag etter skjønnsmessige vurderingar

Dei fleste søknader som blir avslått, blir det fordi innvandringspolitiske omsyn taler mot at søknaden bør godkjennast. Dette er ei skjønnsvurdering. Det vil seie at dersom det er tvil om at du returnerer til heimlandet når visumperioden er slutt, blir søknaden om visum avslått. I denne vurderinga står den tilknytinga du har til heimlandet, sentralt. Forhold som kan vere viktige, er for eksempel sivilstanden din, alder, nasjonalitet, bustad og arbeids- eller studiesituasjon. Utlendingsstyresmaktene kan godkjenne visum dersom du har tilstrekkeleg sterk tilknyting til heimlandet, i form av for eksempel familie og jobb, når dei andre vilkåra er oppfylte.

Søknaden blir avslått når utlendingsstyresmaktene meiner at du ikkje har tilstrekkeleg tilknyting til heimlandet ditt, med mindre spesielle velferdsomsyn tilseier at søknaden likevel kan bli godkjend.
 
Også andre skjønnsvurderingar kan vere årsak til avslag på ein visumsøknad:
  • Utenrikspolitiske eller sikkerhetspolitiske hensyn taler mot at søknaden bør innvilges.
  • Det er grunn til å tvile på formålet med reisen. 
  • Det er grunn til å tvile på opplysningene som er gitt.
 

Innvilgelse på grunn av humanitære grunner

 
Når en søker ikke har tilstrekkelig tilknytning til hjemlandet, blir søknaden som hovedregel avslått. Utlendingsmyndighetene kan likevel innvilge søknader dersom humanitære grunner taler for det. Et slikt visum vil kun gi tillatelse til innreise og opphold i Norge (nasjonalt visum). Eksempler på humanitære grunner er:
 
  • arrangement eller storhendingar, for eksempel barnedåp, bryllaup, gravferd, eller kultur- og idrettsarrangement 
  • alvorleg sjukdom eller dødsfall i nær familie

Meir informasjon


Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat eller Opplysningstenesta i UDI.
 
 



Sist oppdatert 14.07.2010
Publisert 29.03.2006

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads