Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Forskjellige typar visum

Bokmål

Det finst ulike typar visum. Kva slags visum du skal søkje, er avhengig av kva som er formålet med opphaldet i Noreg.



Besøksvisum for Noreg og Schengen (C-visum)

Du skal søkje besøksvisum til Noreg og til dei andre landa som deltek i Schengen-samarbeidet når føremålet for reisa til dømes er turistbesøk, familiebesøk, offentlege oppdrag, forretningsreise, studiebesøk.

Du kan få visum til Noreg og Schengen-området for inntil 90 dagar. Det er ikkje mogleg å opphalde seg i Schengen-området i meir enn 90 dagar på dei siste seks månadene. Dette inneber at opphaldet ditt i Schengen-området dei siste seks månadene tel med når tidslengda på visumet ditt blir gitt. Tidslengda på visumet, første lovlege innreisedag og siste lovlege utreisedag vil gå fram av visumetiketten.

Visum blir som hovudregel gitt for éi innreise. Dersom du planlegg å reise ut av Schengen-området og tilbake igjen i visumperioden, må du krysse av for ”to eller fleire innreiser” når du søkjer om visum. Du må òg forklare kvifor du treng fleire innreiser.

Dersom du har eit særleg behov, kan du få eit visum som gjeld for fleire innreiser i ein periode på inntil fem år, eit såkalla flerreisevisum. Denne typen visum blir berre gitt til ein del kategoriar av søkjarar, som forretningsreisande, yrkessjåførar, sjømenn, familiemedlem til personar med lovleg opphald i Noreg, familiemedlem til nordmenn som har busett seg i utlandet, personar som har busett seg i Murmansk og Arkhangelsk oblast, m.v. Ein fullstendig oversikt over kven som kan søkje fleirreisevisum og vilkår for å få eit slikt, finn du på nettportalen UDIregelverk.

Dersom du får behov for ei ekstra innreise etter at du har komme til Noreg, må du søkje om dette hos politiet, på same måte som ved søknad om forlenging av visum. Du må dokumentere at du har behov for ekstra innreise. Det kan til dømes vere for å møte ein forretningskontakt eller for å vitje familie utanfor Schengen-området.

Eit visum gir deg ikkje rett til å arbeide eller drive næringsverksemd under besøket. Dersom du ønskjer å arbeide eller ha eit lengre opphald i Noreg, må du derfor søkje om eige løyve til dette.

Ein del grupper er unnatekne kravet om arbeidsløyve. Dei kan arbeide i Noreg når dei har gyldig visum for Noreg og Schengen.

Søknadsskjema for visum 


Nasjonalt visum (berre til Noreg)

Dersom du ikkje kan få besøksvisum for heile Schengen-området, kan det i visse spesielle tilfelle bli gitt eit nasjonalt besøksvisum, eit visum som berre er gyldig i Noreg.
Nasjonale visum blir berre gitt når det er nødvendig på grunn av humanitære forhold, nasjonale omsyn eller internasjonale forpliktingar. Det er UDI som avgjer søknader om nasjonalt visum, men du må likevel levere søknaden ved ein ambassade eller eit konsulat.

Søknadsskjema for visum 

Nødvisum

Dersom du er visumpliktig og kjem til Noreg utan visum, kan du få godkjent nødvisum ved innkomst, om uføresette grunnar taler for det. Nødvisum er berre ei unntaksordning og blir strengt praktisert. Det vil seie at mange som kjem til Noreg utan visum, blir sende ut av landet straks.

Visumpliktige personar som kjem til Noreg utan gyldig visum, må kontakte politiet ved grensa for å søkje om nødvisum. Det er UDI som avgjer søknaden etter å ha blitt kontakta av politiet.
Nødvisum blir gitt som eit vanleg besøksvisum, dersom vilkåra for besøksvisum er oppfylte. 

Dersom vilkåra for eit vanleg besøksvisum ikkje er oppfylte, kan nødvisum bli gitt som eit nasjonalt besøksvisum, om særlege rimelegheitsgrunnar taler for det. Eksempel på særlege rimelegheitsgrunnar kan vere desse:

  • Du får melding om at ein nær familiemedlem i Noreg har vore utsett for ei alvorleg ulykke, men den norske utanriksstasjonen er stengd denne dagen, og du må reise med det same. 
  • Du skal delta på eit arrangement i Noreg på kort varsel, men den norske utanriksstasjonen er stengd denne dagen, og du må reise med det same. 
  • Du er sjømann som mønstrar på eller av eit skip i norsk farvatn, men den norske utanriksstasjonen er stengd denne dagen, og du må reise med det same.

Søknadsskjema for visum 

Visum for å søkje / vente på svar på søknad om familieinnvandring (D-visum)

Dersom du ønskjer eit løyve til familieinnvandring, må du som hovudregel ha fått løyvet før du kan reise inn i Noreg. I visse tilfelle kan du likevel komme til Noreg før eit løyve er gitt. Dersom du er visumpliktig, treng du i så fall eit innreisevisum – et visum for å søkje eller vente på svar på søknad om familieinnvandring. Eit slikt visum blir berre utferda i unntakstilfelle.

Desse personane kan søkje om innreisevisum:

  • ektefelle til norsk borgar som bur i Noreg, eller som skal busetje seg her
  • ektefelle til nordisk borgar som har budd i Noreg dei siste tre åra
  • ektefelle til utanlandsk borgar som har permanent opphaldsløyve (busetjingsløyve) 
  • ektefelle til utanlandsk borgar som har individuelt løyve til å arbeide i gruppe
  • barn du og ektefellen din har saman, som ikkje er norsk statsborgar (barn du har med tidlegare partnar (særkullsbarn), må søkje familieinnvandring frå heimlandet)

Dersom du ikkje har søkt om og fått godkjent eit mellombels arbeidsløyve, har du ikkje rett til å arbeide i visumperioden. Du har heller ikkje rett til skolegang, norskopplæring og visse andre støtteordningar mens du ventar på at søknaden din blir handsama.

At du får innreisevisum, har ikkje innverknad på utfallet av søknaden din om familieinnvandring.

Trulovaløyve (opphaldsløyve for å inngå ekteskap i Noreg)

Dersom du ønskjer å inngå ekteskap og bu saman med ein person som allereie er busett i Noreg, kan du søkje om opphaldsløyve for å inngå ekteskap (trulovaløyve). Eit slik løyve er ikkje eit visum, men eit opphaldsløyve. Det er gjort nærmare greie for reglane for dette løyvet under familieinnvandring.

Foreldreløyve (opphaldsløyve i inntil ni månader for å vitje eigne barn i Noreg)

Dersom du har barn i Noreg og ønskjer å vitje dei, kan du velje om du vil søkje om besøksvisum for Noreg og Schengen eller opphaldsløyve for inntil ni månader. Det er gjort nærmare greie for reglane for slikt opphaldsløyve under familieinnvandring.

Visum til personar som får opphaldsløyve

Dersom du får opphaldsløyve i Noreg, får du automatisk eit innreiseløyve med rett til opphald i sju dagar. Du treng derfor ikkje å søkje om visum i tillegg. Du må kontakte politiet innanfor dei sju dagane du har rett til opphald, slik at du får ein etikett i passet eller reisedokumentet ditt som viser at du har opphaldsløyve i Noreg.

Informasjon om opphaldsløyver i Noreg 

Visum for faglærte (innreisevisum)

Om du har kompetanse som faglært, kan du få innreisevisum dersom 

  • du allereie har fått godkjent opphaldsløyve
  • du har eit konkret arbeidstilbod i Noreg og vil søkje om opphaldsløyve frå Noreg. Dette gjeld òg dersom du allereie har ein søknad om opphaldsløyve til handsaming.
  • arbeidsgivaren din i Noreg har fått ei førebels stadfesting på fullstendig utfylt søknad om opphaldsløyve. Dette gir deg rett til å arbeide før søknaden er handsama (såkalla tidleg arbeidsstart). Du må stadfeste søknaden når du melder deg for politiet for identitetskontroll innan sju dagar etter innreisa.

Les meir om innreisevisum til faglært.

Dersom du ikkje har noko arbeidstilbod, kan du òg søkje om eit seks månaders opphaldsløyve for faglærte arbeidssøkjarar i Noreg.

Søknadsskjema for visum 

Opphaldsløyve for medisinsk behandling

Dersom formålet med vitjinga di er medisinsk behandling i Noreg, må du søkje om opphaldsløyve sjølv om besøket varer mindre enn 90 dagar.

Søknad på vegner av kunstnarar

Ein del organisasjonar kan søkje visum på vegner av utøvande kunstnarar. Dette gjeld

  • Bergen Filharmoniske Orkester
  • Den Norske Opera 
  • Festspela i Bergen 
  • Førde Folkemusikkfestival 
  • Oslo-Filharmonien  
  • Rikskonsertane
  • Mela-festivalen

Organisasjonen skal søkje om besøksvisum (C-visum), og det er vilkåra for besøksvisum som gjeld.

Søknadsskjema for visum

Visum og seilingsløyve for lystseilas i norske farvatn

Visumpliktige borgarar som vil reise på lystseilas i norske farvatn, må ha visum og eit spesielt seilingsløyve frå UDI.

Eit seilingsløyve får ein vanlegvis i tidsrommet 1. mai til 15. september, og berre éin gang kvart år.

  • Du må levere søknad om visum til ein norsk ambassade eller eit norsk konsulat seinast to månader før du planlegg å reise. Saman med søknaden må du legge ved ein eigen oversikt over alle deltakarane på reisa og opplysningar om fartøyet og seilasen. Opplysningane skal skrivast i eit eige skjema som du får hos ambassaden eller konsulatet. Du kan også laste ned skjemaet via nettportalen UDIregelverk.
  • Alle deltakarane må ha gyldig pass eller anna reisedokument. 
  • Det går fram av seilingsløyvet kva som er tidsrommet for seilasen, namnet på fartøyet og anløpsstadene. Bortsett frå i nødssituasjonar, er det ikkje tillatt å anløpe andre hamner. Ved nødssituasjonar kontaktar du politiet.

Visumfrie borgarar som vil reise på lystseilas i norske farvatn må også ha seilingsløyve. Som hovudregel får ein løyvet av politiet ved når ein kjem i ei godkjend norsk hamn. Oversikt over godkjende anløpsstader finn du i vedlegg 16 til utlendingsforskrifta.

Visumfrie borgarar som planlegg å komme til Noreg via ei hamn som ikkje er på oversikten over godkjente anløpsstader, må søke om seilingsløyve ved ein norsk ambassade eller konsulat seinast to månader før planlagt avreise. Krav til dokumentasjon er det same som for visumpliktige borgarar.

Lufthamntransittvisum (A-visum)

Borgarar frå land som ikkje er med i Schengen-samarbeidet, og som skal mellomlande i Noreg, må ha eit spesielt lufthamntransittvisum. Lufthamntransittvisum gir berre rett til opphald i den internasjonale transittsona i lufthamna. Det gir ikkje rett til innreise i Noreg.

Oversikt over kven som må ha lufthamntransittvisum (lovdata)

Søknadsskjema for visum

Meir informasjon

Viss du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat eller Opplysningstenesta i UDI.

 


 


Sist oppdatert 14.09.2011
Publisert 29.03.2006

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads