Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Korleis søkjer du om visum?

Kvar du skal søkje, kva for dokumentasjon som er viktig å leggje ved, om du kan søkje forlenging av visumet, og kven som skal handsame søknaden din, er avhengig av kva situasjon du er i.

Bokmål

Kvar søkjer du?

Du leverer søknaden på ein norsk ambassade eller eit konsulat. Noen plassar er det ambassaden til eit anna land som tek imot søknaden din. Sjekk kvar du skal levere søknaden. 

Finn ut om du må søke på nett

Du skal registrere søknaden din på nett viss du søkjer via ein norsk ambassade.

Du kan ikkje registrere søknaden på nettet viss det er eit anna land sin ambassade som tek i mot søknaden din.

Registrer søknaden på nett:

 
 
Viss du ikkje kan søkje via nettet

Viss du skal levere søknaden på eit anna lands ambassade, må du fylle ut søknadsskjemaet på papir og levere det inn til ambassaden.

Søknadsskjema for visum

 
Informasjon til søkjarar som skal vitje fleire Schengenland
 
Skal du vitje fleire Schengen-land på éi reise, må du levere søknaden ved ambassaden eller konsulatet til det landet som er hovudmålet for reisa.

Skal du vere like lenge på besøk i fleire Schengen-land, må du søkje visum til det landet du skal til først.
 

Kva må du leggje ved søknaden?

Krav til dokumentasjon varierer frå land til land, og krava kan endre seg over tid. Du må derfor undersøkje kva for krav som gjeld ved den norske ambassaden eller det norske konsulatet i landet du skal søkje frå.

Uavhengig av kva for land du søkjer frå, må du alltid leggje ved desse dokumenta:

  • passfoto/bilete som tilfredsstiller visse krav
  • kopi av alle brukte sider i passet 
  • skriftleg invitasjon frå den du skal vitje i Noreg (referansepersonen)
  • dokumentasjon på slektskap dersom du er i familie med den du skal vitje
  • dokumentasjon på at du har eigne pengar til opphaldet, eller garantierklæring frå den du skal vitje
  • dokumentasjon på gyldig reise- og sjukeforsikring når visumet ditt blir utferda (minimum dekning for 30 000 euro)
  • omsetjing av dokumenta til norsk eller engelsk dersom dokumenta er på eit anna språk
  • kvittering for betalt gebyr (du må betale sakshandsamingsgebyr uavhengig av om visumet blir godkjent eller ikkje)
  • Viss du ønskjer at nokon skal ha fullt innsyn i saka di og kunne snakke med UDI på dine vegner, må du leggje ved eit fullmaktsskjema .
  • I tillegg vil det styrkje søknaden din viss du legg ved dokumentasjon på tilknytinga di til heimlandet. Døme på dokumentasjon kan vere fødselsattester til barna dine, vigselsattest, arbeidskontrakt og skøyte på eigedom.

Viss du har lagt ved kopi av dokumenta saman med søknaden, må du vise fram originaldokumentet når du leverer søknaden.

 
 

Ønskjer du å gje nokon fullmakt i saka di?

Viss du ønskjer at nokon skal ha fullt innsyn i saka di og kunne snakke med UDI på dine vegner, må du gje denne personen fullmakt. Denne personen kan til dømes vere ein forretningspartnar, eit familiemedlem eller ein ven.

Utan fullmakt vil ingen, sjølv ikkje referansepersonen din, kunne få detaljerte opplysningar om saka di frå UDI.

Registrering av fingeravtrykk

Frå 11. oktober 2011 registrerer vi opplysningar frå visumsøknadane i ein felles database for heile Schengen-området. Dette inneber at du må møte personleg og registrere fingeravtrykka dine på ambassaden når du søkjer om et visum for å vitje Noreg.
 
Dei einaste som er unnatekne frå kravet om fingeravtrykk er barn under 12 år, personar som det er fysisk umogleg for å bli teke fingeravtrykk av, og statsleiarar og deira delegasjonar i visse situasjonar.

Dette systemet vil bli innført gradvis, og i første omgang gjeld dette deg som leverer søknad til ambassadane i Kairo, Rabat og Alger. I løpet av to til tre år skal alle visumsøkjarar bli registrerte i denne databasen.
 
Les meir (på engelsk)

Kven avgjer søknaden?

Dei fleste visumsøknader blir handsama ved den norske ambassaden eller det norske konsulatet. I nokre tilfelle blir søknaden send til UDI for handsaming. UDI skal handsame søknaden dersom
  • ambassaden eller konsulatet ikkje har mynde til å avgjere søknaden 
  • ambassaden eller konsulatet er usikker på om søknaden skal godkjennast 
  • du er flyktning, statslaus eller det er tvil om statsborgarforholdet ditt   
  • du er utvist frå Noreg eller eit anna nordisk land, eller du er innmeld i SIS (Schengen informasjonssystem)
  • du har søkt om nasjonalt besøksvisum
  • ambassaden eller konsulatet har avslått søknaden og du klagar på vedtaket

Kor lang tid tek det å handsame visumsøknaden?

 
Du må kontakte ambassaden eller konsulatet for å få informasjon om sakshandsamingstidene der.
 

Vilkår for løyvet

 
Det er ulike vilkår for dei ulike typane visum. Meir informasjon om dette finn du under Kva type visum skal eg søkje?
 

Du kan klage på vedtaket

 
Dersom du får avslag på visumsøknaden din, kan du klage på vedtaket.
 

Korleis søkjer du om forlenging av visumet?

 

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.

 

Sist oppdatert 14.03.2012
Publisert 29.03.2006

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads