Søknader som er ufullstendige og skal handsamast av UDI, kan bli sende til ambassaden eller konsulatet for innhenting av meir informasjon og dokumentasjon. I somme tilfelle tek UDI òg direktekontakt via telefon eller e-post med den personen som søkjaren eventuelt har gitt fullmakt, for å hente inn manglande informasjon.
Hugs dette når du skal søkje om visum:
- Kontroller at du oppfyller vilkåra for det visumet du søkjer om. Meir informasjon om vilkåra finn du under visum.
- Pass på at du leverer all nødvendig dokumentasjonen til ambassaden eller konsulatet. Krava til dokumentasjon varierer frå nasjonalitet til nasjonalitet. Spør der du leverer søknaden. Meir informasjon om dette finn du under visum.
- Ver nøye med å fylle ut alle dei nødvendige felta i søknadsskjemaet.
Dersom viktig informasjon manglar, kan handsaminga av søknaden din ta lengre tid enn det som er opplyst som rettleiande sakshandsamingstid. I ein del tilfelle kan ein søknad bli avslått fordi det manglar informasjon eller dokumentasjon.