Søkere som skal levere søknadene sine i Oslo, må bestille time for innlevering av dokumenter. Dette gjelder også for de som skal ordne med oppholdskort
>>
Slik søkjer du
1. Du registrer søknaden din på nettet
(Andre personar i Noreg kan og registrere søknaden for deg, men det er du som vil vere ansvarleg og det er du som må levere inn dokumentasjonen.)
Dersom du ikkje har høve til å registrere søknaden på nettet, kan du levere papirskjema:Søknadsskjema
Du bør levere inn søknaden seinast ein månad før det midlertidige opphaldsløyet ditt går ut. Leverer du søknaden i rett tid, har du krav på å bli i Noreg på same vilkår som tidlegare heilt til du har fått svar på søknaden din.
2. Når du registrerer søknaden din, bestiller du time samstundes for å levere dokumenta dine hos politiet. Da slipp du å stå i kø.
Kva må du leggje ved søknaden?
I tillegg til søknadsskjema (på nett eller papir) må du levere inn dokument og vise fram passet ditt.
Print ut lista og lever den saman med dokumenta.
Kven avgjer søknaden?
Politiet gjer vedtak dersom det ikkje er tvil om at du fyller vilkåra for å få permanent opphaldsløyve. I praksis inneber det at politiet handsamar dei fleste søknader om permanent opphaldsløyve.
Dersom politiet er usikre på om vilkåra er oppfylte, sender politiet saka til UDI for avgjerd. Tvilen kan for eksempel komme av mange eller lange utanlandsopphald i treårsperioden, uklarleik rundt grunnlaget for ulike løyve, vandel eller for sein innlevering av søknaden. Det er politiet som vurderer om dei sjølv skal handsame saka, eller om ho skal sendast til UDI for handsaming.
Kor lang tid tek det å handsame søknaden?
Opphaldskort som viser at du har løyve
Dersom du får permanent opphaldsløyve, må du skaffe deg eit opphaldskort. Dette er eit bevis på at du har rett til å bo i Noreg. Du vil få vite når du skal møte opp hos politiet for å gi frå deg fingeravtrykk og bli fotografert. Ca 10 dagar seinare vil vi sende deg opphaldskortet ditt i posten.
Opphaldskortet er gyldig i to år, og du må derfor fornye det. Når gyldigheita på kortet er i ferd med å gå ut, må du igjen møte opp personleg hos politiet for å gi frå deg fingeravtrykk og bli fotografert. Dette svarer til den tidligare ordninga med etikett i passet. Dersom du har ein etikett i passet ditt som framleis er gyldig, venter du til eit par månader før utløpsdatoen før du skaffar deg ditt første opphaldskort.
Du treng ikkje å søkje om permanent opphaldsløyve på nytt eller betale noko gebyr for å få opphaldskortet.
Sjølv om etiketten eller opphaldskortet løpar ut på dato betyr ikkje det at du mistar det permanente opphaldsløyvet. Det er likevel viktig å fornye ein etikett eller eit opphaldskort som har gått ut, før du eventuelt skal reise til utlandet, fordi det fungerer som eit returvisum til Noreg og Schengen-området. Utan gyldig etikett eller opphaldskort vil du som visumpliktig trenge eit eige visum for å reise inn i Noreg.
Innhaldet av løyvet
Med permanent opphaldsløyve har du generelt høve til å opphalde deg, arbeide og drive næringsverksemd i Noreg på ubestemt tid. Du har dessutan eit sterkare vern mot utvising enn med eit opphaldsløyve. Med eit permanent opphaldsløyve har du òg rett til gjentekne innreiser til Noreg.
Sjølv om løyvet gjeld på ubestemd tid, må du fornye opphaldskortet anna kvart år.
Du kan klage på vedtaket
Kan du miste eit permanent opphaldsløyve?
Ja, du kan miste det permanente opphaldsløyvet dersom du ikkje bur i Noreg.
Dersom du bur i utlandet samanhengande i to år eller meir etter at du har fått permanent opphaldsløyve, mistar du det permanente løyvet ditt. Opphaldet utanfor Noreg blir rekna som samanhengande sjølv om du har hatt eitt eller fleire opphald av ei viss tidslengd i Noreg.
Du kan likevel søkje om å få opphalde deg i utlandet i meir enn to år utan at du mistar det permanente opphaldsløyvet, dersom du skal busetje deg i Noreg igjen etter utanlandsopphaldet. Men dette gjeld berre dersom du
- skal gjere verneplikt eller anna tilsvarande teneste i heimlandet
- skal opphalde deg i utlandet i samband med arbeid eller utdanning utover vanleg vidaregåande utdanning
- skal opphalde deg i utlandet saman med ektefelle, sambuar eller foreldre som er i utlandet i samband med arbeid eller utdanning
For å kunne få løyve til å opphalde deg i utlandet i meir enn to år, må du søkje UDI om dette i god tid før du har opphalde deg to år i utlandet. Dersom du har fremma søknaden tidlegare enn seks månader før toårsfristen går ut, mistar du ikkje det permanente opphaldsløyvet dersom du returnerer til Noreg innan to veker etter at du er blitt informert om avslaget. Du må kunne dokumentere formålet med opphaldet i utlandet.
Kor lenge du får løyve til å opphalde deg i utlandet, er avhengig av kor langvarig tilknyting du har i Noreg frå før, og formålet med utanlandsopphaldet.
Meir informasjon
Hvis du har flere spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.