Du kan klage på vedtaket du har fått frå Utlendingsdirektoratet eller frå ein utanriksstasjon (ambassade eller konsulat). Har du for eksempel fått avslag på ein søknad om opphaldsløyve eller visum, kan du klage på vedtaket innan tre veker.
Kva skjer når du klagar på eit vedtak?
Dersom du klagar, blir søknaden din vurdert på nytt av ein sakshandsamar. Då kan vedtaket bli omgjort dersom det kjem fram nye opplysningar eller det viser seg at det første vedtaket var feil, og søknaden kan bli godkjend. Dersom sakshandsamaren ikkje gjer om vedtaket, blir saka di send vidare for ny handsaming – anten til UDI (dersom det var utanriksstasjonen som handsama saka) eller til Utlendingsnemnda (UNE) (dersom det var UDI som handsama saka). Vedtaket til klageinstansen er endeleg. Du kan altså ikkje klage på eit avslag på ei klage.
Kva er fristen for å klage?
Klagefristen er tre veker frå du eller advokaten din mottek vedtaket, eller frå de burde ha skaffa dykk kjennskap til det.
Dersom du sender inn ei klage før det har gått tre veker, men ønskjer å sende inn fleire opplysningar etter kvart, vil du få ein frist på to veker til å sende inn resten av opplysningane og dokumentasjonen. Når desse to veker har gått, vil UDI kunne handsame klaga uavhengig av om det er komme inn fleire opplysningar eller ikkje.
Korleis skal du klage?
Du må klage skriftleg. Det inneber at du må sende inn eit brev der du skriv kva for vedtak du klagar på. Du bør dokumentere påstandane dine og eventuelle nye opplysningar og skrive under brevet. Du, eller personen som representerer deg i saka og har fullmakt frå deg, må sende eller levere klaga til UDI eller utanriksstasjonen innan fristen.
Du kan sende ei underskrive og skanna klage til UDI på e-post eller til
Utlendingsdirektoratet
Postboks 8108 Dep.
0032 Oslo
Du skal ikkje betale gebyr for å klage.
Kva er ”utsett iverksetjing”?
I samband med ei klage på eit vedtak om opphaldsløyve mens du oppheld deg i Noreg, kan du òg be om utsett iverksetjing av vedtaket. Det inneber at du ikkje blir send ut av landet før Utlendingsnemnda har handsama klaga. Det er Utlendingsdirektoratet som handsamar førespurnader om utsett iverksetjing, og ei slik avgjerd kan du ikkje klage på.
Saksgang for klager ved ulike typar søknader
Visum
I ei sak der utanriksstasjonen har gitt avslag på søknaden din og ikkje omgjer vedtaket etter ei klage, blir klaga di handsama av UDI. I ei sak der UDI har gitt avslag på søknaden din og ikkje omgjer vedtaket etter ei klage, blir klaga di handsama av Utlendingsnemnda.
Opphaldssaker
I opphaldssaker kan du sende inn klaga di til UDI, og då vurderer vi søknaden din på nytt. Vi kan gjere om vedtaket og godkjenne søknaden din, eller halde fast ved vedtaket og sende saka til Utlendingsnemnda for ny handsaming.
Asylsaker
Dersom du klagar på eit vedtak i ei asylsak, blir klaga først vurdert av UDI og deretter av Utlendingsnemnda dersom ikkje UDI gjer om vedtaket og godkjenner søknaden.
Sakshandsamingstid