Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
In English
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Registreringsordninga for EØS-borgarar

Bokmål

Her finn du informasjon for EØS-borgarar som ønskjer å opphalde deg i Noreg og til dømes arbeide. EØS-borgarar kan registrere seg i Noreg i staden for å søkje opphaldsløyve.

 



Kva er registreringsordninga?

Registreringsordninga for EØS-borgarar er ei ordning som inneber at EØS-borgarar kan bu i Noreg og til dømes arbeide utan å søkje om opphaldsløyve, så lenge dei registrerar seg hjå politiet.

Det er politiet som administrerer denne ordninga.

Viss du som EØS-borgar ønskjer å opphalde deg i Noreg i meir enn tre månader, må du ha eit opphaldsgrunnlag, og du må registrere deg hjå politiet. Du må ha gyldig identitetskort eller pass, og elles dokumentere at du ikkje kjem til å vere ei bør for offentlege velferdsordningar.

Kven skal registrere seg?

Du skal registrere deg dersom du er EØS-borgar og skal opphalde deg i Noreg i over tre månader og høyrer til ein av desse 6 kategoriane:

  1. Du er arbeidstakar
  2. Du er sjølvstendig næringsdrivande
  3. Du er tenesteytar
  4. Du er student
  5. Du har tilstrekkelege midlar (eigne midlar og periodiske ytingar, til dømes pensjon) og sjukeforsikring som dekkjer alle risikoar
  6. Du er familiemedlem til ein EØS-borgar og sjølv EØS-borgar

Informasjon til andre familiemedlemmer

  • Viss du er EØS-borgar og familiemedlem av ein norsk borgar, kan du velje mellom å søkje om familieinnvandring, eller å registrere deg som EØS-borgar på sjølvstendig grunnlag viss du høyrer til ein av dei første fem kategoriane.
  • Viss du ikkje sjølv er EØS-borgar, men har eit familiemedlem som er EØS-borgar, skal du søkje om opphaldskort. 
  • Viss du ikkje er EØS-borgar, men er familiemedlem til ein norsk borgar og de saman har vore etablert i eit anna EØS-land , kan du velje mellom å søkje om familieinnvandring eller opphaldskort. Då må de oppfylle følgjande vilkår:
    1. Du må ha hatt eit reelt familieliv saman med den norske borgaren i eit anna EU/EØS/EFTA-land enn Noreg, og
    2. familiemedlemmet ditt må ha utøvd retten til å ferdast fritt (vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, hatt tilstrekkelege midlar eller vore student) der, og
    3. de har nå flytta saman tilbake til Noreg.

Korleis registrerer du deg?

Du forhandsregistrerer deg på nettet elektronisk. Deretter møter du opp hos nærmaste politikontor.

Bur du i eit politidistrikt med eit Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar må du møte opp her.  

Om vilkåra for registrering er oppfylte, vil du få eit registreringsbevis. Dette beviset utstedar politiet til deg gratis og det er gyldig på ubestemt tid (du skal ikkje fornye det). Du kan imidlertid søkje om varig opphaldsrett etter fem år viss du ønskjer det. Les meir om varig opphaldsrett.

Meldeplikt for arbeidssøkande

EØS-borgarar som er arbeidssøkjarar i Noreg skal melde seg som arbeidssøkande hos politiet seinast innan tre månader frå innreise. Det er krav at du skal dokumentere at du har meldt deg som arbeidssøkjar hos NAV.

Du kan forhandsregistrere dine opplysningar via registreringsløysninga på nett med påfølgande personleg oppmøte hos politiet for ID-kontroll. Du har da rett til å opphalde deg i Noreg i seks månader. Du vil per dags dato ikkje få ein skriftleg stadfesting på at du er meldt som arbeidssøkjar. Når du har fått deg jobb, eller anna opphaldsgrunnlag plikter du å registrere deg. Du må da møte igjen hos politiet for å vise fram dokumentasjon som nemnt under her:

Kva slags dokumentasjon treng du for å registrere deg?

Krava til dokumentasjon er avhengig av kva du skal gjere i Noreg

Arbeidstakar må leggje ved
  • gyldig identitetskort eller pass
  • tilsetjingsbevis (eller arbeidskontrakt som er i tråd med føresegnene i arbeidsmiljølova)
Sjølvstendig næringsdrivande må leggje ved
  • gyldig identitetskort eller pass
  • bevis på at vedkommande er sjølvstendig næringsdrivande. Sjølvstending næringsverksemd kan sannsynleggjerast gjennom ulik kombinasjon av følgjande dokument:
    • utskrift frå Einingsregisteret/Brønnøysund-registra
    • kontrakter med kundar
    • budsjett og/eller rekneskap
    • dokumentasjon på innrapportering av merverdiavgift
    • kontrakter eller kvitteringar for kjøp/leige av lokale, bil, utstyr/reiskap og liknande
    • fakturaer for betaling av utførte oppdrag
Person med tilstrekkelege midlar må leggje ved
  • gyldig identitetskort eller pass
  • dokumentasjon på at du har nok pengar til å forsørgje deg sjølv og familien din (for eksempel pensjon eller oppsparte pengar)
  • privat sjukeforsikring eller europeisk helsetrygdekort
Student må leggje ved
  • gyldig identitetskort eller pass
  • stadfesting på opptak ved ein godkjend utdanningsinstitusjon
  • privat sjukeforsikring eller europeisk helsetrygdekort
  • eigenerklæring om at du har nok eigne midlar (økonomi) til å forsørgje deg sjølv
Tenesteytar og etablerar må leggje ved
  • gyldig identitetskort eller pass
  • arbeidskontrakten med arbeidsgivaren i utlandet
  • dokumentasjon frå oppdragsgivaren i Noreg eller arbeidsgivaren i eit anna EØS-land på oppdraget og kor lenge det varer (tenesta må vere av mellombels karakter)  
     
Familiemedlem til EØS-borgar som sjølv er EØS-borgar, må leggje ved
  • gyldig identitetskort eller pass
  • dokumentasjon på familieforholdet, for eksempel vigsels- eller partnarskapsattest eller fødselsattest
  • registreringsbeviset / dokumentasjon på opphaldsgrunnlaget til den EØS-borgaren du kom saman med eller vil foreinast med     

Les meir om familieinnvandring med EØS-borgarar

Kven blir rekna som familiemedlem?

  • Ektefelle/partnar
  • Sambuar - de må begge vere over 18 år, ha budd saman i eit fast og etablert sambuarforhold i minst to år og skulle halde fram med å bu saman i Noreg. Ingen av dykk kan vere gift med andre personar.
  • Sambuar som har eller ventar barn saman med ein EØS-borgar med opphaldsrett i Noreg, sjølv om de ikkje har budd saman i to år. 
  • Barn, barnebarn osv. under 21 år
    Barn, barnebarn osv. over 21 år kan og bli omfatta av ordninga viss dei er forsørgde av EØS-borgaren som er referanseperson.
  • Foreldre, besteforeldre osv. når dei blir forsørgde av EØS-borgaren som er referanseperson. EØS-borgarar som er studentar, har ikkje høve til familiesameining med foreldre eller besteforeldre.
  • Fosterbarn som er under 18 år og har kjend identitet. Barnet må i tillegg vere eit etablert medlem av husstanden til EØS-borgaren (referansepersonen) og ha stadfesting frå styresmaktene i heimlandet på at han eller ho kan busetje seg i Noreg. Underhald og sjukeforsikring som dekkjer alle risikoar må dokumenterast.
  • Heilsysken som er under 18 år og har kjend identitet. Dei må i tillegg ikkje ha foreldre eller omsorgspersonar i heimlandet. Norske barnevernsstyresmakter må som regel ha godkjent referansepersonen som omsorgsperson. Underhald og sjukeforsikring som dekkjer alle risikoar, må dokumenterast.
  • Trulova som skal gifte seg i Noreg med ein EØS-borgar med opphaldsrett. Opphaldsretten til den trulova gjeld berre for 6 månader og det må vere sannsynleg at ekteskap vil bli inngått i denne perioden. Underhald og sjukeforsikring som dekkjer alle risikoar, må dokumenterast.
  • Pleietrengande som dokumenterer at dei har alvorlege helseproblem, og at dei berre kan få pleie og omsorg frå referansepersonen. Det er eit vilkår at den pleietrengande ikkje har andre familiemedlemmer i heimlandet som kan gi pleie. Underhald og sjukeforsikring som dekkjer alle risikoar, må dokumenterast.


Du kan ikkje klage på avgjerda

Dersom politiet kjem til at dei ikkje skal utferde registreringsbevis til deg, kan du ikkje klage på dette. Du kan derimot velje å registrere deg på nytt seinare, dersom du meiner at du oppfyller vilkåra og har den nødvendige dokumentasjonen.

Meir informasjon

Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.


    Sist oppdatert 20.12.2012
    Publisert 02.10.2009

    Utlendingsdirektoratet

    Norwegian Directorate

    of Immigration

    Pb. 8108 Dep.

    NO-0032 Oslo

    + 47 23 35 15 00

    www.udi.no/kontakt

    Kontakt nettredaksjonen

    Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

    Denne siden er validert i henhold til W3C