Bokmål
Kor lang tid det tar for oss å handsame ei sak, er avhengig av mange faktorar, til dømes:
- om søkjaren har levert inn all nødvendig dokumentasjon
- om vi må hente inn ekstra informasjon, til dømes ved intervju
- kor mange søknader som kjem inn samstundes
På denne sida finn du ei oversikt over kor lang tid vi reknar med å bruke på å handsame dei ulike typane søknader. Vi kan ikkje garantere at alle sakene blir handsama innan desse tidene, men dei fleste søkjarane vil få svar innan den tida som er oppgitt.
Vår servicetelefon, Opplysningstenesta, kan diverre ikkje gi nokon nærmare informasjon om kor lang tid det vil ta å handsame nett di sak. Dei tilsette der kan berre vise til sakshandsamingstidene som du finn på nettsidene våre.
Lurar du på kva som skjer frå du registrerar søknaden din til du får beskjed om vedtaket? Då kan du sjå på desse illustrasjonane som syner heile prosessen.