Opphaldsrett i Noreg for EU/EØS/EFTA-borgarar
Er du EØS-borgar og har gyldig identitetskort eller pass, har du opphaldsrett i tre månader i Noreg og rett til å arbeide. Det same gjeld familiemedlemmene dine som sjølv er EØS-borgarar. Familiemedlemmer som ikkje er EØS-borgarar må ha gyldig pass, og dei må kunne dokumentere at dei er ein del av husstanden din, eller at dei blir forsørgde av deg.
Dersom du er arbeidstakar frå Bulgaria eller Romania og ikkje har hatt opphaldsløyve i Noreg dei siste 12 månadene, gjeld det likevel eigne overgangsreglar. Då må du søkje om opphaldsløyve.
Sist oppdatert
15.08.2010
Publisert
15.08.2010