Proformaekteskap
Reglane for familieinnvandring skal beskytte det reelle familielivet. Eit ekteskap som hovudsakleg er inngått for at søkjaren skal få opphaldsløyve i Noreg, blir kalla proformaekteskap. Omgrepet proformaekteskap kjem av det latinske uttrykket ”pro forma”, som tyder ”for syns skuld”. Slike ekteskap dannar ikkje grunnlag for familieinnvandring til Noreg.
Bokmål
Korleis finn UDI ut om eit ekteskap er proforma?
Utlendingsstyresmaktene har ei viktig oppgåve i å avdekkje og hindre misbruk av regelverket for innvandring. For å kunne vurdere om eit ekteskap er proforma, gjer utlendingsstyresmaktene ei heilskapsvurdering av søknaden. I dei fleste tilfella intervjuar vi både søkjaren og personen som er busett i Noreg, for å finne ut om dei har et reelt samliv. I tillegg undersøkjer vi òg blant anna aldersforskjellen mellom partane, korleis kontakten mellom partane er, om partane gir samsvarande opplysningar om inngåinga av ekteskapet og kontakten seg imellom, om partane har felles språk, om ekteskapet er atypisk ut frå ekteskapstradisjonane i heimlandet til partane, og om ekteskapet er inngått rett etter at ein av partane har fått avslag på ein annan søknad om arbeids- eller opphaldsløyve.
Justis- og politidepartementet har gitt UDI ein instruks med moment som kan vere teikn på at eit ekteskap er proforma.
Kva er konsekvensane av å inngå proformaekteskap?
Dersom vi meiner at ekteskapet er proforma, vil vi avslå søknaden om opphaldsløyve. Søkjaren vil då ikkje få lov til å bu og arbeide i Noreg. Proformaekteskap er eit grovt brot på utlendingslova og kan føre til straffeforfølging. Søkjaren kan også bli varig utvist frå heile Schengen-området.
Eit proformaekteskap er også ulovleg for parten som bur i Noreg, og norske ektefellar kan bli dømde til fengselsstraff for å inngå proformaekteskap med utanlandske borgarar.
Sist oppdatert
13.07.2010
Publisert
08.10.2008