Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Refleksjonsperiode

Dersom du er utsett for menneskehandel, kan du få eit avgrensa, mellombels opphaldsløyve som varer i seks månader. Dette løyvet blir kalla ein refleksjonsperiode.

Kva er ein refleksjonsperiode?

Formålet med refleksjonsperioden er at personar som er utsette for menneskehandel, skal kunne bryte med miljøet bak menneskehandelen. Det er òg eit mål at det skal leggjast til rette for straffeforfølging av bakmenn/hallikar.

Refleksjonsperioden varer i seks månader. Du kan ikkje fornye dette opphaldsløyvet, og det dannar ikkje grunnlag for oppholdstillatelse (tidligere kalla busetjingsløyve) eller familieinnvandring. Dersom du har mindreårige barn, kan barna dine likevel få godkjent familieinnvandring i visse tilfelle. Eit slikt løyve vil ha same korte tidslengd som refleksjonsperioden og eit seinare eventuelt mellombels løyve.

Kven kan få refleksjonsperiode?

For å kunne få refleksjonsperiode må du rekne deg som utsett for menneskehandel, og dersom det ikkje ligg føre klare haldepunkt for det motsette, skal dette leggjast til grunn som tilstrekkeleg for å rekne deg som utsett for menneskehandel. Det må òg vere sannsynleg at du i refleksjonsperioden er innstilt på å ta imot hjelp og følgje opp dei tiltaka som blir tilbydd. Det er ikkje eit krav at du bryt med miljøet bak menneskehandelen.

Du kan få godkjent refleksjonsperiode dersom du

  • er ein utanlandsk statsborgar som ikkje har lovleg opphald i Noreg
  • har eit løyve gitt av eit anna Schengen-land
  • er EØS-borgar (statsborgar av eit EU/EFTA-land)
  • er asylsøkjar og ikkje har fått vedtak i saka di enno. Då må du trekkje søknaden om beskyttelse for å kunne søkje om refleksjonsperiode, men du kan ta opp igjen søknaden om beskyttelse seinare dersom du ønskjer det.  
  • er asylsøkjar som har fått endeleg avslag, men det kjem fram nye opplysningar som gir klare haldepunkt for at du er utsett for menneskehandel. Dette gjeld berre dersom du ikkje kan klandrast for at dei nye opplysningane ikkje har komme fram tidlegare.

Du må sjølv levere søknaden hos politiet.

Nytt mellombels opphaldsløyve

Ein refleksjonsperiode kan ikkje fornyast, men du kan få eit nytt mellombels opphaldsløyve i inntil eitt år dersom det skulle vere nødvendig for å kunne straffeforfølgje bakmennene. UDI gir eit slikt løyve dersom

  • du har vore utsett for menneskehandel, men har brote med miljøet bak menneskehandelen, og 
  • du har politimeldt bakmennene for menneskehandel, og 
  • politiet etterforskar saka eller har innleidd straffeforfølging av bakmennene, og  
  • politiet/påtalemakta ser det som nødvendig for å kunne gjennomføre etterforskinga eller straffesaka at du oppheld deg i Noreg

Dersom du oppfyller kriteria for dette løyvet, treng du ikkje søkje om refleksjonsperiode først. Dette løyvet kan fornyast så lenge vilkåra framleis er oppfylte.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om blant anna vilkåra for å få refleksjonsperiode i utlendingsforskriften § 8-3, i Arbeids- og inkluderingsdepartementets instruks om mellombels arbeids- eller opphaldsløyve for utlendingar som ein meiner er utsette for menneskehandel, og i UDIs rundskriv.

Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.


Sist oppdatert 14.07.2010
Publisert 21.10.2008

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads