Reisedokument
Utanlandske borgarar med opphaldsløyve i Noreg kan få norsk reisebevis for flyktningar eller utlendingspass.
- Dersom du har fått godkjent flyktningstatus i Noreg, har du rett til reisebevis for flyktningar om ikkje spesielle grunnar taler mot det.
- Dersom du har fått opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn etter å ha søkt om beskyttelse (asyl) og UDI vurderer det slik at forholdet ditt til styresmaktene i heimlandet gjer at du ikkje kan kontakte dei, kan du få norsk utlendingspass.
- Dersom du kan dokumentere at du ikkje kan få pass frå heimlandet ditt, og at dette kjem av forhold som du ikkje kan gjere noko med, kan du få norsk utlendingspass.
Alle andre må kontakte styresmaktene i heimlandet for å få pass.
Sist oppdatert
18.08.2010
Publisert
18.08.2010