På bokmål
Kva skjer om du gjestar heimlandet ditt med norsk reisedokument, eller kontaktar styresmaktene i heimlandet? Når du får eit norsk reisebevis eller utlendingspass, er det som hovudregel gyldig for reiser til alle land utanom heimlandet ditt.
Dersom du har fått beskyttelse i Noreg og reisebevis, så har du fått dette fordi UDI meiner forholdet ditt til styresmaktene i heimlandet gjer at du ikkje kan reise tilbake til eller kontakte heimlandet.
Dersom du har fått utlendingspass, kan det vere ulike årsaker til det. Som hovudregel vil utlendingspasset vere unnateke for reiser til heimlandet ditt. Det er derfor ein føresetnad for å ha norsk reisebevis eller utlendingspass at du ikkje bruker desse for å reise til heimlandet.
Kva skjer om du reiser til heimlandet med norsk reisebevis eller utlendingspass som ikkje er gyldig for ei slik reise?
Dersom du reiser til heimlandet ditt, signaliserer du overfor norske styresmakter at du ikkje lenger treng beskyttelse i Noreg.
Dersom du har flyktningstatus, vil UDI vurdere å kalle tilbake den, og du vil miste dei rettane som følgjer med denne statusen. Dersom du har ein annan type opphaldsløyve på bakgrunn av eit behov for beskyttelse, kan løyvet ditt bli kalla tilbake. UDI vil då vurdere om du kan få eit løyve på nytt grunnlag.
Du vil òg kunne få inndrege reisebeviset eller utlendingspasset ditt. Då vil du ikkje kunne få reisedokument av norske styresmakter, fordi dei ikkje lenger meiner at du treng beskyttelse. Dersom du ønskjer å ha eit reisedokument, må du skaffe deg det frå heimlandet ditt.
Du risikerer òg å bli stoppa ved ei internasjonal grensepassering fordi du har misbrukt reisedokumentet ditt.
Kva for konsekvensar får det dersom du kontaktar styresmaktene i heimlandet?
Dersom du kontaktar styresmaktene i heimlandet, anten i heimlandet eller gjennom landets ambassade i eit anna land, kan også det norske reisedokumentet bli inndrege. Dette gjeld sjølv om du ikkje reiser til heimlandet. Dersom du har flyktningstatus eller anna løyve på bakgrunn av behov for beskyttelse, kan du miste løyvet ditt.
Kva skal du gjere dersom du ønskjer å reise til heimlandet ditt?
Sidan norsk reisebevis og utlendingspass ikkje er gyldige for reise til heimlandet, må du søkje om pass frå styresmaktene i heimlandet dersom du ønskjer å reise dit. Når du har fått pass frå heimlandet, har du ikkje lenger krav på norsk reisebevis eller utlendingspass. Du må då levere dette til politiet.
I svært spesielle tilfelle kan du få godkjent eit kortvarig utlendingspass for éi einskild reise til heimlandet ditt. Du kan lese meir om dette under reisedokument for einskildreiser.
Meir informasjon