Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Kven kan få norske reisedokument?

bokmål

Flyktningar og innvandrarar som kjem til Noreg, og som ikkje har pass eller reisedokument frå heimlandet, ønskjer eit norsk reisedokument. Det finst to typar norske reisedokument: reisebevis for flyktningar og utlendingspass.



Dersom du har fått godkjent flyktningstatus i Noreg, har du rett til reisebevis for flyktningar om ikkje spesielle grunnar taler mot det.

Dersom du har fått opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn etter å ha søkt om beskyttelse (asyl), og UDI vurderer det slik at forholdet ditt til styresmaktene i heimlandet gjer at du ikkje kan kontakte dei, kan du få norsk utlendingspass.

Dersom du kan dokumentere at du ikkje kan få pass frå heimlandet ditt, og at dette kjem av forhold som du ikkje kan gjere noko med, kan du få norsk utlendingspass.

Alle andre må kontakte styresmaktene i heimlandet for å få pass.


Pass frå styresmaktene i heimlandet

Dersom du ikkje har opphaldsløyve på grunnlag av behov for beskyttelse overfor styresmaktene i heimlandet ditt, og dersom ikkje andre hindringar gjer at du ikkje får reisedokument frå heimlandet, må du kontakte styresmaktene i heimlandet for å få pass. I slike tilfelle vil UDI avslå søknader om norsk reisedokument.

Reisedokument ved flyktningstatus

Dersom du får beskyttelse og status som flyktning, har du rett til reisebevis for flyktningar med mindre spesielle grunnar taler mot det. Dersom du har fått flyktningstatus, skal du ikkje ta kontakt med styresmaktene i heimlandet ditt. Gjer du det, signaliserer du overfor norske styresmakter at du ikkje lenger har behov for beskyttelse i Noreg.

Personar som får opphaldsløyve på grunn av familieinnvandring med ein familiemedlem som har fått flyktningstatus i Noreg, kan få såkalla avleidd flyktningstatus. Dei som får avleidd flyktningstatus, får også reisebevis for flyktningar.

Reisedokument ved opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn

Dersom du har søkt om beskyttelse, men fått opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn, skal du som hovudregel søkje om pass frå heimlandet ditt.

I spesielle tilfelle kan det likevel vere mogleg å få norsk utlendingspass. Det føreset at UDI vurderer det slik at forholdet ditt til styresmaktene i heimlandet gjer at du ikkje kan kontakte dei. I vurderinga av søknaden vil vi sjå på statusen din i Noreg og situasjonen i heimlandet ditt.

Reisedokument når du ikkje kan få pass frå heimlandet

Dersom du kan dokumentere at det ikkje er mogleg for deg å skaffe pass frå heimlandet, og at dette kjem av forhold som du ikkje sjølv kan gjere noko med, kan du få norsk utlendingspass. Det føreset at du kan dokumentere at du har søkt om pass frå heimlandet og ikkje fått det. Dette gjeld alle som har opphaldsløyve i Noreg.

Reisedokument for borgarar av Somalia

Somaliske styresmaktsorgan ferdar i dag ikkje ut reisedokument som er godkjende av norske styresmakter. Borgarar av Somalia får derfor norsk utlendingspass dersom vilkåra er oppfylte. Dersom somaliske styresmaktsorgan i framtida byrjar å ferde ut pass som norske styresmakter godkjenner, vil dei som ikkje har løyve på bakgrunn av behov for beskyttelse i Noreg, bli bedt om å søkje pass frå somaliske styresmaktsorgan.

Reisedokument for einskildreiser

For ei reise til heimlandet ditt
Dersom du får godkjent reisebevis eller utlendingspass, er desse vanlegvis gyldige for reiser til alle land i verda utanom heimlandet ditt. Somme gonger kan det likevel bli behov for å reise til heimlandet. Då er det mogleg å søkje om et utlendingspass for ei einskildreise. Eit slikt pass vil vere gyldig for éi reise til heimlandet ditt. UDI kan godkjenne ein søknad om utlendingspass for einskildreise til heimlandet dersom det er sterke grunnar for at du treng å reise dit. Det kan for eksempel vere alvorleg og akutt sjukdom eller død i nærmaste familie. Du må i størst mogleg grad dokumentere dette når du søkjer. Ein sakshandsamar vil vurdere søknaden når han kjem til UDI. Dersom du har lagt ved all naudsynt dokumentasjon, og søknaden ligg an til godkjenning, vil vi handsame han innan 3-5 dagar etter at han er motteke hos UDI.

Når du ikkje har pass eller anna reisedokument
Du kan òg søkje om utlendingspass for einskildreise dersom du ikkje har pass eller reisedokument og det oppstår eit behov for å reise. Dette gjeld for eksempel dersom du tidlegare har fått avslag på norsk reisedokument, men likevel ikkje har pass frå heimlandet. I slike tilfelle kan du òg søkje for reiser til andre land enn heimlandet ditt. For at UDI skal godkjenne søknaden, må det vere sterke grunnar for at du treng å reise.

Når barn søkjer
Barn kan søkje om utlendingspass for éi einskild reise dersom dei for eksempel skal på ein skoletur eller eit idrettsarrangement. Søkjaren må dokumentere formålet med reisa. Du må dokumentere formålet med reisa. Søkjer du i god tid, vil UDI prioritere søknaden og handsama han føre skuleturen/arrangementet finn stad.

Godkjenning av utlendingspass som er gyldig for ei einskildreise til heimlandet, vil kunne føre til at UDI kallar tilbake flyktningstatusen og inndreg reisebeviset ditt. Du vil i så fall få høve til å velje om du framleis ønskjer å reise, eller om du vil trekkje søknaden.

Utlendingspass til irakiske borgarar som skal skaffe irakisk pass
Den irakiske ambassaden i Stockholm har opplyst at dei har begynt å utstede pass igjen. Irakiske borgarar som skal skaffe seg irakisk pass må difor no vende seg til den irakiske ambassaden i Stockholm, via ambassaden i Oslo.

For å kunne få eit utlendingspass for å reise til Stockholm, må du leggje fram dokumentasjon på at du har ei timeavtale hjå ambassaden.

Viss du ikkje kan få pass ved ambassaden må du leggje fram dokumentasjon på at du må reise til Irak for å kunne få pass, viss du skal kunne få eit utlendingspass. I tillegg må du leggje fram dokumentasjon på at irakiske styresmakter ikkje kan gi deg eit midlertidig reisedokument for å reise dit.

Viss du allereie har ein søknad om utlendingspass for dette føremålet til handsaming hjå UDI, kan du levere inn dokumentasjonen anten til UDI eller til ditt lokale politidistrikt. Då vil vi vurdere dokumentasjonen saman med søknaden du har levert inn.

Viss du manglar dei nødvendige dokumenta for å få pass, til dømes statsborgarbevis og identitetskort, er det noko du må kontakte irakiske myndigheiter om.

Avslag på søknad om reisedokument

Dersom du får avslag på søknaden, kan du klage. Les meir om korleis du klagar på eit vedtak, på www.udi.no/klage.
 
Dersom det er tvil om identiteten din, kan søknaden bli avslått sjølv om dei andre vilkåra er oppfylte. Dersom du har gitt opp ulike identitetar til norske og andre lands styresmakter, må du dokumentere den rette identiteten din før du eventuelt kan få reisedokument.
 
Dersom du har mista eller misbrukt reisedokumentet ditt, kan du få avslag på søknad om eit nytt. Det er ikkje lov å overlate reisedokumentet til andre. Dersom du har mista reisedokumentet ditt, må du melde frå til politiet.

Legitimasjon utan norsk reisedokument eller pass

Dei fleste som kjem til Noreg, får ikkje norsk reisedokument. Dersom du er ein av desse og heller ikkje har eit godkjent reisedokument frå heimlandet ditt, kan det føre til at du ikkje kan legitimere deg. Du kan dermed få problem med å opne bankkonto, få førarkort osv.
 
Mangel på legitimasjon er ikkje grunnlag for å få eit norsk reisedokument. Etter UDIs vurdering er dette ein situasjon du kan gjere noko med sjølv. Du kan kontakte styresmaktene i heimlandet ditt og søkje om reisedokument derfrå. Dersom du ikkje har opphaldsløyve på bakgrunn av behov for beskyttelse, meiner vi at utferding av reisedokument er eit forhold mellom deg og styresmaktene i heimlandet ditt.

Meir informasjon

Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.

Sist oppdatert 18.08.2010
Publisert 28.03.2006

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C