Skal du søkje om reisebevis eller utlendingspass?
Dersom du har fått godkjent flyktningstatus i Noreg, har du rett til reisebevis for flyktningar om ikkje spesielle grunnar taler mot det. Eit reisebevis er ikkje gyldig for reiser til heimlandet ditt.
Dersom du har fått opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn etter å ha søkt om beskyttelse (asyl), og UDI vurderer det slik at forholdet ditt til styresmaktene i heimlandet gjer at du ikkje kan kontakte dei og reise tilbake til heimlandet, kan du søkje om norsk utlendingspass.
Dersom du kan dokumentere at du ikkje kan få pass frå heimlandet ditt, og at dette kjem av forhold som du ikkje har kontroll over, kan du få norsk utlendingspass.
Eit norsk reisedokument er ikkje gyldig for reiser til heimlandet ditt, men vanlegvis gyldig for reiser til alle andre land. Dersom du likevel treng å reise til heimlandet, for eksempel i samband med akutt sjukdom eller død i nærmaste familie, kan du søkje om utlendingspass for éi einskildreise. Barn kan få utlendingspass for éi einskild reise dersom dei for eksempel skal på ein skoletur eller eit idrettsarrangement.
Korleis søkjer du?
NB! For at vi skal kunne innvilge søknaden din, må du ha gyldig opphaldsløyve.
Du må vere i Noreg
Søknader om reisedokument må du alltid levere inn personleg til politiet i Noreg.
Einaste unntak er søknad om midlertidige dokument /naudpass, viss du er i utlandet og har mista reisedokumentet ditt. Slik søknad kan du levere på norsk ambassade eller ein ambassade som representerer Noreg.
Registrer søknaden din på nett
Det første du gjer er å registrere søknaden din på vår nettportal:
Det er og mogleg å fylje ut eit søknadsskjema på papir, men da bør du først sjekke med ditt lokale politi om dei tek imot papirsøknader.
Skjemaet kan nyttast når du søkjer om reisedokument for første gang, og viss du skal fornye det. Viss du skal søkje om naudpass må du nytte dette skjemaet (da er det ikkje mogleg å registrere søknaden på nett)
Kva skal du leggje ved søknaden?
Anten du søkjer på nett eller papir, må du levere inn dokument som er relevante for søknaden din til politiet der du bur.
- Viss du søkjer på nettet, tingar du samstundes time for å levere dokumenta dine hos politiet eller på eit lensmannskontor. Da slepp du å stå i kø.
- Viss du søkjer på papir tek du kontakt med politiet for å få vite kor og når du kan levere dokumenta.
Vi byrjar ikkje med å handsame søknaden din før du har levert all nødvendig dokumentasjon.
Kor lang tid tek det å handsame søknaden?
Sjå oversikta over venta sakshandsamingstid i UDI her.
Ta kontakt med politiet for å få informasjon om sakshandsamingstider hos dei.
Kven handsamar søknaden?
Politiet har fullmakt til å godkjenne søknader om reisebevis eller utlendingspass dersom visse vilkår er oppfylte. Dei søknadene politiet ikkje har fullmakt til å avgjere sjølv, blir sende til UDI for avgjerd.
Du kan klage på eit vedtak
Les meir om korleis du klagar på eit vedtak her.
Meir informasjon
Dersom du har fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.